Ella (7) sende brev til statsministeren

Ella Vatne Steinholt bad Jonas Gahr Støre ta grep om bustadprisane. No har statsministeren svara.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Husa kostar uendeleg mykje. Vi kan ikkje bruke alle pengane våre på noko vi treng for å leve. Er dette noko du kan fikse?

Det var den klare beskjeden frå Ella som vart sendt til statsminister Jonas Gahr Støre før jul.

Mykje pengar

Eit raudt hus.

VERDIFULLT: Det kan koste fleire millionar kroner å kjøpe eit hus i Noreg. Det er ofte dyrare i byen enn på landet. Foto: Darya Tryfanava/Unsplash

Ella bur i Sandnessjøen i Nordland. Ho fortel at ho har lyst på sitt eige hus når ho blir stor, pluss eit hus i lag med venninnene sine. Men då mora hennar fortalde kor mykje eit hus kostar, vart ho sjokkert.

Eit hus kan koste fleire millionar kroner.

– Eg syntest det var veldig mange pengar, seier Ella.

Ho synest det er urettferdig at så mykje pengar må gå til noko som ein treng for å leve. Folk burde få bruke meir pengar på andre ting som dei treng, meiner ho. Som mat og klede.

– Og så er det ganske mange vaksne som har lyst på kaffimaskin, seier Ella.

Brevet til Ella.

Kan bli streng

Statsminister Jonas Gahr Støre

Statsminister Jonas Gahr Støre. Foto: Pål Laukli / Arbeidarpartiet

Ella sette seg ned og skreiv brevet til statsministeren på eiga hand, fortel faren hennar, Leif. Han seier at Ella kan vere bestemt og streng når ho er oppteken av noko. Så sende Leif brevet av garde til Oslo.

No er Ella spent på om ho får svar. Ho håpar statsministeren seier at han skal fikse det.

Ella har lyst til å bli målar og kunstnar når ho vert stor. Helst kan ho tenke seg å ha ein jobb som ikkje er så travel.

– Men når eg spør pappa, seier han at kunstnarar må jobbe mykje for å tene pengar, seier ho.

Støre: – Takk for at du bryr deg

No har Jonas Gahr Støre svara på brevet. Han skriv at Ella tek opp viktige ting.

– Det er vondt å vite at det finst menneske som strever med å ha nok pengar til mat, klede eller ein stad å bu. Dette er heilt naudsynte ting som alle menneske treng for å leve, skriv statsministeren.

Kan ikkje hjelpe alle

Brevet frå statsministeren til Ella.

Statsminister Jonas Gahr Støre svara Ella i eit brev. Foto: Privat

Støre fortel at regjeringa gjer mykje for å hjelpe dei som har aller minst. Dei som er heimlause eller slit med andre ting, kan få hjelp og støtte.

– Noreg er eitt av dei landa i verda der staten brukar mest pengar på innbyggarane sine. Det er difor vi ofte seier at Noreg er eit velferdssamfunn, skriv Støre.

Likevel kan ein ikkje gi nok hjelp til alle som treng det. Statsministeren lovar Ella at han vil fortsette å jobbe med det.

– Takk for at du bryr deg og for at du seier meininga di! Det håpar eg du held fram med, skriv Støre til Ella.


  • Les også:

Regjeringa halverer skattefrådraget for BSU-sparing

FAKTA OM PRISAR: