Norsk studie: Eksamenssvar frå ChatGPT vart avslørt i 6 av 10 tilfelle

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 27.03.2023 08:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarane bad 15 kollegaer om å vurdere ti svar på eit spørsmål frå ein eksamen som hadde vorte halde ved Universitetet i Agder (UiA) i 2022. Fem av svara var skrivne av studentar og fem av tekstroboten ChatGPT, skriv Khrono.

Svara frå ChatGPT fekk C i karaktersnitt. Eitt av svara fekk B+, medan eit anna fekk D. Det totale karaktersnittet var nøyaktig det same som studentsvara.

40 prosent av Chatgpt-svara gjekk gjennom utan at sensorane avslørte at dei var skrivne av ein robot.

Store moglegheiter for å jukse

– Det er dessverre store moglegheiter for studentar som ønskjer å jukse. Dette er noko som bør forskast intensivt på i tida som kjem, seier førsteamanuensis Peter André Busch ved Institutt for informasjonssystem ved UiA.

Han har gjennomført studien saman med kollega og førsteamanuensis Geir Inge Hausvik.

– Det er også verd å nemne at sensorane som hadde meir undervisningserfaring, hadde fleire rette vurderingar enn dei som hadde mindre erfaring, seier Büsch.

Vil ha lovverk

Forskarduoen ved UiA etterlyser no eit nasjonalt lovverk for bruk av kunstig intelligens og samtalerobotar i akademisk samanheng.

– Eit nasjonalt regelverk bør gjelde for både universitets- og høgskulesektoren, og for den vidaregåande utdanninga, seier Hausvik.


  • Les også meiningsinnlegget: 

Knut (17): «No er det nok av redselen for AI»