«At ein robot no kan erstatte lærarane sine roller og elevane si eiga læring bekymrar meg»

William Matteus Fonn (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg som gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Kvifor vere skeptisk til eit hjelpemiddel som vil løfte norskfaget? spør Ragnhild Thielemann. Ho argumenterer for at norsklærarar bør ta imot chatboten ChatGPT med opne armar. Eg er glad for at Thielemann startar debatten, men er ueinig i synspunkta.

At ein robot no kan erstatte lærarane sine roller og elevane si eiga læring bekymrar meg.

Då chatboten ChatGPT vart lansert vart eg både imponert og skremt. Imponert over teknologiens framgang, men skremt fordi det er ein enorm gamechanger for all tekstproduksjon. Eg bekymrar meg over endringane som kjem til å skje både i arbeidsmarknaden og i skulen.

Me har alle høyrt snakk om at kunstig intelligens potensielt kan ta over fleire jobbar. No er det i ferd med å skje. Eg trur den nye teknologien kjem til å erstatte arbeidsplassar.

Eg har skrive heile livet og dei siste åra har eg òg tent pengar på det. Eg såg for meg ein framtid der eg kunne leve av det. No veit eg ikkje lenger.

Etter to dagar på skulen i det nye året er ChatGPT å sjå på mange skjermar i klasserommet. Eg er spent på korleis lærarar, skulen og etter kvart politikarar kjem til å handsame dette. Eg trur denne chatboten kjem til å gjere dei komande generasjonane ei stor bjørneteneste. ChatGPT kan kome til å støvsuge norskfaget for personlege uttrykk og kreativitet.

Når ein skriv sine eigne tekstar lærer ein mykje om emna ein skriv om, fordi ein må gjere research, tenkje kritisk og formulere sine eigne meiningar. No kan alt dette gjerast med eit klikk. Chatboten kan oppfylle vurderingskriterium og gjere læraren fornøgd, men den kan aldri erstatte læringa det er i å uttrykkje seg sjølv og formidle sine idear og meiningar for andre.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Danske Agnes Lenz Mathiasen (24) er styremedlem i Foreningen Nordens Ungdom og reagerer på at danske DR dubbarn norske og svenske seriar.