Tekstroboten ChatGPT: – Ei gåve både for «dei snille» og «dei slemme»

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan lanseringa i slutten av november i fjor, har ChatGPT – ein språkrobot med kunstig intelligens (KI) – underhalde og imponert mange med evna si til å levere betydeleg betre tekstar enn vi er vane med at maskiner kan setje saman.

Nyleg fortalde VG om 18 år gamle Andrea Holm Tanderø, som fekk ein 5-ar då ho leverte inn ei historieoppgåve skriven av ChatGPT. Venstres Abid Raja har fått roboten til å skrive eit innlegg som han sende til kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) – utan at statsråden oppdaga at teksten var skriven av ein maskin.

Men den nye roboten kan brukast til langt meir enn å hjelpe elevar med skuleoppgåver, påpeikar Erling Schackt overfor NTB. Han er teknologisjef i den norske delen av det israelske selskapet Check Point Research og jobbar med cybersikkerheit.

Økosystem

– Tekstdelen av ChatGPT synest eg er bra, men isolert sett skapar ikkje den store problem, anna enn for universitet og høgskular. Det er når du blandar dette med evna til å skrive kode, at hackarar ser moglegheiter med dette verktøyet, seier han.

Schackt fortel at den kunstige intelligensen også er trena opp til å skrive kode, altså til å programmere.

– Den kan lage relativt avansert kode. Eg kjenner ikkje programmeringsspråket Python godt nok til å seie om koden er kjempebra, men han er så bra at han verkar. Med eit verktøy som både kan generere tekst og kode, har du nærast eit heilt økosystem. Dermed har det vorte enklare for folk å bli kriminelle, forklarer han.

ChatGPT bruker kunstig intelligens til å generere tekst om det brukarane ber den om. Den kan også skrive datakode, noko som gjer terskelen lågare for den som trenger hjelp til programmering, enten hensiktene er gode eller vonde. Illustrasjonsfoto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Er i bruk allereie

Likevel er han førebels ikkje veldig bekymra.

– Dette er ikkje noko meir enn det vi har i dag, men denne motoren har gjort det enklare for fleire å kaste seg inn i kampen om å skrive kode. Og om han blir brukt til noko dårleg, så gir det eit generelt løft til bekymringa, seier Schackt.

Han minner om at også dei som kjempar mot datakriminalitet, bruker kunstig intelligens og maskinlæring allereie.

– Vi bruker dette i arbeidet vårt og har ganske intelligente system. Så det er ikkje dommedag, seier han.

– Ei gåve

Schackt understrekar også at ChatGPT skaper moglegheiter for dei som har reint mjøl i posen.

– Å kalle det vinn-vinn blir kanskje litt feil, men dette er ei gåve både for «dei snille» og «dei slemme», seier han og peikar på at det kan skape nye forretningsmoglegheiter og forenkle arbeidet for fleire grupper.

– Dette er glimrande for den som ønskjer å lære seg programmering. Utviklingsselskap som tilset nye folk, vil kanskje bruke dette, så dei kjem fortare i gang. Så kan ein heller gå etter og rette og kanskje gjere koden meir effektiv, seier cybertryggleikseksperten.

– Så får vi håpe at det er fleire som bruker denne teknologien til noko godt enn til å stele pengar og gjere ugagn.

Illustrasjonsfoto: Konstantin Lübeck/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0, LPETTET/via Canva. Kollasj: Framtida.no

Ingen faktasjekk

Ei svakheit han påpeikar ved ChatGPT, er at språkroboten er eit godt stykke unna å ha kontroll på fakta, sjølv om språket har vorte veldig overbevisande – også når han skriv på norsk.

– Teksten som blir skriven er så bra at det er nærast umogleg å vite om det er ei datamaskin eller ein person. Så den er veldig flink til å skrive prosa eller rein skjønnlitteratur, men han klarer ikkje å faktasjekke det han skriv, seier Schackt.

– Samtidig blir dette verktøyet berre betre, og allereie neste versjon blir ganske mykje betre. Og klarer du å få han til å faktasjekke seg sjølv, har du nådd eit nytt nivå.

Etikk

Som andre kunstige intelligensar lærer ChatGPT av dataa han blir fôra med. Det byr på sine eigne utfordringar, som både brukarar og utviklarar bør vere klar over.

– Lèt du han løpe løpsk på internett og lese alt, blir han nok ganske rasistisk og fordomsfull. Det er jo mykje på internett som ikkje stemmer, påpeikar Schackt. Å sleppe den kunstige intelligensen laus på eit bibliotek er heller ikkje heilt uproblematisk, forklarer han.

– Dagens bøker er kanskje 80 prosent research og fakta, men for dei andre 20 prosentane har vi kunstnarisk fridom til å leggje til og trekkje frå. ChatGPT lærer det siste òg, men veit ikkje om det er fakta eller fiksjon han blir trena på.

Her ligg det eit viktig etisk aspekt ved utviklinga og bruken av kunstig intelligens.

– Kven bestemmer kva data og kva han får svare på eller ikkje, spør Schackt og har sjølv nokre forslag til regulering.

Har du prøvd ChatGPT?

Har du prøvd ChatGPT?

Ja!18
Nei.11
Veit ikkje korleis eg skulle gjort det.5
Anar ikkje kva det er.0
Svar totalt: 34

 

Foreslår ID-krav

– Viss du vil kjøpe bitcoin eller investere, seier kvitvaskingslova at du må identifisere deg. Viss du ikkje får brukt ChatGPT utan å oppgi kven du er, blir du nok litt meir ansvarleg. I tillegg kunne det kanskje vere eit teljeverk, så ein til dømes avgrensar kor mange gonger du kan be om ei bombeoppskrift, før du blir flagga, seier cybertryggleikseksperten.

Sjølv om den som har vonde intensjonar, kan kjøpe seg ein falsk identitet og lure seg inn, trur Schackt at eit ID-krav vil avgrense den vondsinna bruken.

– Viss ein må byrje med å gjere noko kriminelt for i det heile å komme i gang, vil dei som ikkje allereie er kriminelle, halde tilbake. Det vil ikkje hindre alle som vil bruke teknologien til noko kriminelt, men det vil redusere omfanget av kriminelle handlingar.

– Kjem til å gå fort

Førebels er det denne konkrete KI-løysinga frå OpenAI som har fått mest merksemd, men på sikt vil det truleg vere fleire aktørar som utviklar liknande robotar og tenester. I tillegg vil robotane bli stadig flinkare

– Dette kjem til å gå fortare enn folk er klar over, og eg trur eitt eller anna regelverk må til. Viss ikkje, er dette dessverre ei oppskrift på katastrofe, seier Schackt.


Illustrasjonsfoto: Solen Feyissa on Unsplash