Knut (17): «No er det nok av redselen for AI»

Knut Hallvard Rysstad Skinnarland (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Det er på same tid, som eg sit her og filtrerer ut 1000 brikker til puslespelet av heimbygda, at eg først tenkjer over situasjonen: «filtreringsarbeidet eg gjer no, tek altfor mykje tid». Hadde eg berre kunne late etter seg den tidkrevjande og mindre viktige prosessen til noko eller nokon som kunne gjort det raskare, så hadde eg hatt meir tid i ei verd der tid har vorte ein dyrebar ressurs.

Eg har over 1000 idear og prosjekt på vent – arrangera «sosiale happenings», delta i politiske organisasjonar og til dømes lære meg piano – som krev tid. Du har garantert noko du òg.

Derfor er det ei spennande nyheit å kunngjera at me har komme til ei tid kor faktisk «Artificial Intelligence» kan hjelpa deg med andre ting enn dårlege «eple-vitsar» og «sjakk-estimat».

Reiskapen «AI» har komme for å bli. Berre du startar ChatGPT så er oppgåva unnagjord på minuttet. Dette er kva ein «AI» opphavleg vart skapt for. Ei ekstra arbeidskraft tilrettelagt for å spara menneske for «unødvendig, tidskrevjande og demotiverande arbeid».

Døme kjem følgjande: mengda informasjon PST kikkar igjennom for å vareta oss og arbeidet det tek av dei 1000 e-postane du må kikka igjennom kvar dag.

«AI»-ein er eit underverk

Open-Ai sin «ChatGPT»-teneste er fantastisk! Dette er kva me har drøymt om i lang tid no. Me har elles berre sett denne filmstjerna gå føre seg i gode «science-fiction filmar», og som tenesta i Tony Starks robotdrakt.

Ei maskin med evne til å styra romskip, kurera kreft, bli følgjevennen din slik som i «Big Hero 6», hjelpa deg med matteleksa, eller å innhenta viktige opplysningar basert på eitt einaste foto.

Nyleg fekk eg vita at maskina kan laga retro «snakespel», nye nasjonalsongar og sjukt mykje anna og! Tenk at den dagen har komme kvar du kan bestilla eit ønske utan stor forbokstav og han vil likevel forstå deg.

Men kva er det som skil denne AI-en frå æraen med dei allereie etablerte «Hey, Google», «Alexa» og «Siri»? Jo, det viktigaste skiljet å påpeika er fråværet av tomme setningar som t.d. «Apple Siri» alltid kommenterte: «eg veit ikkje heilt om eg forstår».

Tenesta gir oss svar me faktisk kan forstå, og eg blir skikkeleg imponert over det menneskelege svaret kvar einaste gong. Det er som om «ChatGPT» endeleg fann same bølgjelengd som me opererer på.

Kan ho då presisera forretningsidéane du har strevd med å skriva? Kan maskina setja i gang idemyldringane din basert på nokre få opplysningar som du gir ho? Kan ho laga det perfekte motivet alle andre tok dyrt for å laga? Svaret er ja, på alle tre punkt.

Litt skuffa og stolt skal eg innrømma at eg vart, når AI-en ikkje kunne gi meg svaret på verken ein ny forretningside eller ny teknologi. Då tenkte eg at menneske framleis er overlegne på dei viktigaste områda – kreativitet og innovasjon. På område som til dømes der nytenking krevst, teater skal visast og moralske avgjerder skal takast.

No er det nok av redselen for AI. Det er nok no å vika unna dets inngang. Det er nok på ventetid av lange rapportavhandlingar og puslespel mysterium. La tida komma for eit nytt danna samfunn som tek i bruk dets teknologiske løysingar.

Skulen bør vera ein av dei første forkjemparane for nysgjerrigheit og utforsking, kvifor ikkje ta varmt imot vår framtidige «frelsar». Me har eit høve til å heva den teknologiske forståinga vår og standard ved hjelp av denne reiskapen, no er det nok for å avsky det!

* Knut Hallvard Rysstad Skinnarland er fungerande fylkesleiar i KrFU, men skriv innlegget for eiga rekning.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


William Matteus Fonn (17) er uroa for norskfaget i lys av kunstig intelligens. Illustrasjonsfoto: Åshild Slåen