Ny rapport om språkbyte: – Dårleg gjort mot nynorskelevane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På lærarutdanningane er det viktig at studentane får utdanning som hjelper dei til å meistre nynorsk når dei kjem ut i jobb, også dei som ikkje har norsk i fagkrinsen sin. Alle som skal jobbe i skulen vil møte elevar som skal lære nynorsk, anten som hovudmål eller som sidemål, seier høgskulelektor Liv Astrid Skåre Langnes.

I ein fersk rapport, utarbeidd av Langnes og Jorid Saure frå Nynorsksenteret, kjem dei med forslag til tiltak som kan bidra til at færre elevar går over frå nynorsk til bokmål på skulen.

Særleg på vidaregåande

Eit gjennomsnitt frå dei siste 15 åra viser at 11,8 prosent av nynorskelevane byter til bokmål i grunnskule-åra. Og i fleire område som tradisjonelt har hatt mange nynorskelevar, ser ein om lag ei halvering for nynorsk mellom tiande trinn og tredje året på vidaregåande.

Rapporten omhandlar språkbyte frå nynorsk til bokmål mellom 1. og 13. trinn, og er utarbeidd på oppdrag frå Språkrådet. Målet er å få eit kunnskapsgrunnlag om kvifor individuelle språkbyte skjer, for å føreslå tiltak som kan redusere talet på elevar som gjer eit språkbyte frå nynorsk til bokmål.

Tiltak på fleire nivå

Langnes understrekar at rapporten ikkje baserer seg på eigne studiar, men er eit kunnskapsoversyn som samlar ein del av empirien på området.

– Til slutt munnar han ut i ei ganske lang liste med tiltak som kan vere med å hindre eller bremse språkbyte, seier ho til Nynorsk pressekontor.

I rapporten føreslår dei tiltak på politisk nivå, lærarutdanningsnivå og skulenivå.

På politisk nivå meiner dei at det viktigaste forslaget er at nynorskelevane får ei opplæringslov, som sikrar at dei får skriveverktøy, læringsplattformer og digitale læringsressursar på nynorsk.

Eit forslag på lærarutdanningsnivå går ut på at elevane bør møte nynorsk i fleire fag enn berre norsk, og at det bør drøftast om rammeplanen for lektorutdanning bør omfatte kompetanse i begge målformer.

På skulenivå meiner dei at det viktigaste forslaget handlar om at både skuleeigarar, lærarar og elevar treng ressursar til å skape ny giv for den språklege opplæringa i nynorsk i skulen, både i hovudmål og sidemål. Dette kan bidra til at elevane trivst med å lære, og meistrar begge målformene, ifølgje Langnes.

Liv Astrid Skåre Langnes frå Nynorsksenteret er blant dei som står bak den ferske rapporten om språkbyte. Foto: Høgskulen i Volda.

Ulike årsaker til språkbyte

Rapporten tar mellom anna føre seg at språkbytet er størst i randsoneområda og minst i kjerneområda. Det største språkbytet i grunnskulen skjer i overgangen til ungdomsskulen, og talet på nynorskelevar fell også i perioden mellom ungdomsskulen og tredje året på vidaregåande.

Men sjølv om språkbyte er størst i randsonene, er nynorskelevar i begge område utsette dersom dei vert i mindretal og får undervisning på bokmål, ifølgje Langnes.

– Viss nynorskelevar byter til ein skule med mange bokmålselevar, og det blir få nynorskelevar i gruppa, kan det sjå ut som at det er større sjanse for at dei byter målform. Det skjer også i nynorsksterke fylke som Møre og Romsdal, seier ho.

Ei anna årsak til språkbyte kan også vere at nynorskelevar vekslar mykje mellom å skrive nynorsk, bokmål og dialekt i uformelle tekstar, både på skulen og i fritida. Dette kan gjere overgangen mindre merkbar for dei, seier Langnes. Sjølv melder elevar som har bytt frå nynorsk til bokmål om at dei synest bokmål er enklare enn nynorsk, som hovudårsak til individuelt språkbyte.

Langnes understrekar at rapporten hovudsakleg tar føre seg individuelle årsaker til språkbyte, men at også kollektive årsaker speler inn. Demografi og endringar i samfunnet og skulen er difor nemnt i rapporten.

– Det kan ikkje halde fram slik

Tobias Christensen Eikeland er leiar i Norsk målungdom, og synest

Tobias Christensen Eikeland er leiar i Norsk målungdom og synest det er trist at mange elevar byter målform frå nynorsk til bokmål. Foto: Kristianne Marøy.

det er trist å sjå talet på elevar som byter hovudmål.

– I rapporten står det mellom anna at mange av nynorskelevane i randsonene melder om at dei får opplæringa si på bokmål. Dette er skuffande, og dårleg gjort mot nynorskelevane, og syner kor viktig det er med målretta tiltak i randsonene. Det kan ikkje halde fram slik, skriv han i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

Eikeland meiner også at det finst mange løysingar på dette, mellom anna at nynorsk må brukast meir i andre fag enn norsk, slik også rapporten viser til.

– Me er godt kjende med mange av utfordringane elevane møter, men igjen er det trist å lese om opplevingane deira. Elevane skal ikkje trenge å kjempe for å kunna nytte språket sitt. Det er staten, kommunane og skuleeigarane som skal sikre språkrettane.


Illustrasjonsfoto: Alejandro Escamilla / Unsplash / skjermdump ordbokene.no / illustrasjon Canva