Rektorar vil ha lovfesta skriveprogram på nynorsk

Over 90 prosent av rektorane på grunnskular med nynorsk opplæringsmål ønskjer at den nye opplæringslova skal ha krav om skriveprogram og kontorstøtteprogram på nynorsk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ei undersøking som Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har gjennomført i samarbeid med Pirion og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. 109 rektorar har svara på undersøkinga.

I fjor skreiv 108 ordførarar under på eit opprop med krav om å få nynorskversjon av skriveprogramma til Google. Dette er enno ikkje innfridd.

Meir til skade enn hjelp

Ifølgje undersøkinga svarar nær 30 prosent av rektorane at elevane bruker skriveprogram som Google Dokumenter og Pages frå Apple. Ingen av desse har godkjent nynorsk ordliste.

– Det er svært alvorleg når nynorskelevar ikkje får dei digitale hjelpemidla dei treng. Slik det i dag fungerer, så kan enkelte digitale hjelpemiddel vera meir til skade enn hjelp for elevar som skal læra nynorsk i skulen, seier Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar i LNK i ei pressemelding.

Ikkje like godt på nynorsk

Under 25 prosent av rektorane svarar at det mest brukte digitale læremiddelet deira fungerer like godt på nynorsk som bokmål.

Skulane opplever det som vanskeleg å setja krav til fullgode versjonar på nynorsk. Då sit dei igjen med eit mykje mindre utval.

Det er store forskjellar mellom korleis rektorane opplever dei ulike forlaga, men berre eit mindretal er nøgde med dei nynorske versjonane.

Fleire rektorar er misnøgde med at dei får tilsendt vurderingseksemplar på bokmål fordi det gjer det vanskelegare å vurdera nynorsken.


Svein Olav Langåker har tidlegare vore redaktør for Framtida.no, men er no dagleg leiar av LNK.Organisasjonen står bak Framtida.no, men har inga påverknad på det redaksjonelle innhaldet.


Ordleikar i ulike former har vist seg å vere populære; frå Wordfeud til Words with Friends, og ikkje minst klassiske Scrabble. No har ein ny versjon teke internett med storm. Foto: Piotr Łaskawski/Unsplash