Håvard (19) meiner politisk språk er så komplisert at det nesten er komisk

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om ein held fram med å bruke eit språk som stenger ute befolkninga, så vil det kunne skade demokratiet, seier Håvard Bergseng Rødsand på telefon til Framtida.no.

19-åringen frå Bø i Vesterålen er lei av at politikken breier om seg med fagtermar, byråkratiske formuleringar og vanskeleg språk.

Han fryktar folk ikkje vil klare å halde seg oppdaterte på kva som skjer – og til slutt heller ikkje orke å bry seg.

– Det er eit ganske ekstremt døme, men det er òg ekstremt kor overkomplisert språk som vert brukt.

Førre veke heldt han innlegg då barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) inviterte til innspelsmøte om medverknad. Han meiner komplisert språk er eit av dei store hindera for at unge skal ta del i politikken.

Her kan du sjå heile innlegget hans:

Meiningslause sakspapir og uforståeleg politikk

Irritasjonen til Rødsand stammar frå fartstida i ungdomsrådet. I fire år har 19-åringen vore med i Ungdommens Fylkesråd Nordland. Han takka nyleg for seg, etter å òg ha leia rådet eitt år.

– Når vi skal gå gjennom sakspapir og jobbar opp mot Fylkestinget, så vert det brukt så mykje komplisert politisk språk. Det er ikkje tilgjengeleg for oss som skal prøve å tolke det, og kome med ungdomsperspektivet, forklarar han.

I innlegget sitt til ministeren kjem 19-åringen med eit døme:

«Det kan argumenteres for at rutiner som fremmer moralitet og etisk standard i det norske samfunnet kan bidra til å understreke det faktum at det å besette en høy grad av moralitet og etisk standard, som ofte blir assosiert med å vere god, kan seest som en positiv egenskap som ofte blir assosiert med det norske samfunnet. Dette kan manifestere seg i en generell tendens til å vere åpen, vennelig og hjelpsom mot andre i landet vårt», les Rødsand.

Meininga bak desse 77 orda meiner Rødsand kan seiast mykje kortare og mykje enklare: «Det er typisk norsk å vere god».

Fort gjort å melde seg ut

Det er ikkje berre ordbruken i sakspapir som irriterer 19-åringen. Problemet vert tydeleg i avisartiklar som handlar om politikk, i debattar og frå talarstolane.

– Det vert brukt ord som er for vanskelege heile tida. Alt som har med politikk å gjere vert ofte meir komplisert enn det treng å vere.

Rødsand har løfta problemet fleire gongar, både i og utanfor politikken. Politikarane seier gjerne at dei forstår problemet og vil ta det med seg vidare. Men til no har han ikkje merka særleg med endring.

Om Rødsand diskuterer utfordringa med jamaldra seier dei seg samde.

– Dei kjenner seg att i det, trass i at dei ikkje har delteke i politikken sjølv. Dei fortel at det er fort gjort å melde seg ut og å ikkje bry seg fordi det vert for komplisert.

Nokre politikarar er med vilje uforståelege

Ei av hjartesakene til Rødsand har difor vorte tydeleg kommunikasjon.

Han trur folk i alle aldrar kan miste interessa for politikk når dei møter eit språk som er unødvendig vanskeleg.

– Ein ser det på valdeltakinga i Nordland fylkeskommune. Ved fylkestingsvalet for snart fire år sidan, så var det berre 56 prosent som deltok. Terskelen for å delta er allereie ganske høg – det er  unødvendig å gjere han endå høgare ved å gjere det uforståeleg.

Synest du politisk språk er vanskeleg?

Synest du politisk språk er vanskeleg?

Ja! Forstår ikkje så mykje.19
Ja, men har lært meg å forstå det meste. 40
Litt vanskeleg, berre. 13
Nei, ikkje særleg vanskeleg.19
Har aldri tenkt over det. 1
Følgjer ikkje politikk. 5
Svar totalt: 97

 

Kvar problemet kjem frå, er han ikkje sikker på. Rødsand anerkjenner at ein tidvis er nøydd til å bruke fagspråk, men understrekar behovet for å verte forstått.

Og for nokre politikarar som vil fremje politikken sin, så er det av og til gunstig å bruke eit språk som sikrar at ingen blandar seg. Språket er så komplisert at det nesten er komisk, og ingen forstår kva som føregår.

19-åringen peikar på at både kommunar, fylkeskommunar og staten har mykje å vinne på at unge deltek meir aktivt i politikken. Dei får meir innsyn i kva unge – dei som skal leve med politikken – faktisk er ute etter.

– I tillegg har unge ofte eit heilt anna synspunkt og står i ein annan situasjon enn vaksne politikarar. Unge har lyst til å bidra – og demokratiet skal vere for alle.

LNU: – Håvard er ikkje åleine

– Håvard er ikkje åleine om å synest at byråkratisk og tungt språk gjer det vanskelegare å delta, det trur eg både unge og vaksne kan kjenne seg att i, skriv Margrete Bjørge Katanasho på e-post til Framtida.no.

Ho er leiar i paraplyorganisasjonen Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).

– Politikarane har eit ansvar for å inkludere barn og ungdom i arbeidet sitt. Då er det heilt avgjerande at dei kommuniserer på ein måte som gjer at unge forstår dei, seier LNU-leiar Margrete Bjørge Katanasho. Foto: Sverre Øygarden Eikill

LNU-leiaren understrekar at enkelt og forståeleg språk er avgjerande for at alle skal kunne delta i politikk. Då kan dei også vere med å påverke samfunnet.

– Når det er vanskeleg å forstå politiske prosessar, er det nokon som vert ståande utanfor. Det svekker demokratiet vårt, og gjer at vi går glipp av viktige stemmer, seier Katanasho.

Særleg for unge som har sitt første møte med politikk, er det viktig at informasjonen er tilgjengeleg.

– Når nokon systematisk fell utanfor, risikerer vi at avgjerdene vert dårlegare og at dei som ikkje vert høyrde utviklar mistillit til samfunnet rundt seg.

Barneministeren: – Slik skal det ikkje vere

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) rosar Rødsand for å seie frå om vanskeleg språk på ein morosam og treffande måte:

Eg er einig i at det kan vere vanskeleg å forstå språket som blir brukt i politikken. Eg synest det er trist at nokon mister interessa for politikk på grunn av vanskeleg språk. Slik skal det ikkje vere, skriv ministeren i ein e-post til Framtida.no.

Vi som politikarar må jobbe enda meir for å snakke om politikk på ein måte slik at alle kan forstå, også barn og unge, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Foto: Astrid Waller

Toppe meiner alle politikarar bør ta ansvar for å sikre at unge forstår kva dei seier.

– Dersom også barn og unge skal kunne delta i demokratiet og kunne påverke dei som tek avgjerder på vegner av folket, må vi snakke og skrive på ein forståeleg måte.

Er politikarar i dag gode nok til å skjøtte dette ansvaret?

Det er nok alltid rom for å bli betre på det. Eg prøver sjølv å vere bevisst på dette, men eg har nok i likskap med andre eit forbetringspotensial. Vi har også eit ansvar for at offentlege skriv og rapportar har eit språk som folk forstår.

Ministeren peikar på at regjeringa held seg til fleire krav og lover som skal sørgje for klart språk og tilgjengeleg informasjon. Barne- og familiedepartementet har til dømes ein rettleiar for klarspråk som skal sikre at det dei seier er forståeleg for folk flest.

Barneministeren understrekar at det er viktig at unge engasjerer seg ved å ta del i politikken:

– Det er viktig for meg at unge kan seie si meining om den politikken eg står for. Det trur eg gjer politikken betre.

Må legge press på politikarane

For å få bukt med problemet, meiner Håvard Rødsand at det nødvendig å ta grep innanfor det politiske systemet og å leggje press på frå utsida.

– I demokratiet må ein leggje til rette for at alle skal kunne forstå korleis samfunnet er bygd opp. Då kan ein til dømes krevje at alle saker skal ha ei overskrift og eit samandrag på som er lett å forstå for vanlege folk.  

Han meiner politikarane bør få opplæring i korleis ein skal formidle til dei utan politisk bakgrunn. I tillegg burde skulen verte betre på å lære opp elevar til å tolke utsegn.

Rødsand trur unge er blant dei som bryr seg mest om politikk. Dei har mange tankar om samfunnet rundt seg, men mange fell av med ein gong det handlar om kommunestyre og fylkesting.

– Det er ting som ikkje er lett å forstå seg på. Problemet er ikkje at unge ikkje engasjerer seg, for om du legg til rette få det, så får unge til det aller meste. Dei har så mange nytenkjande løysingar på ting, men som kanskje aldri kjem fram fordi det ikkje vert lagt opp til det.


– Eg er ganske ny i partiet, så det er kjekt å få tillit i lokallaget, seier Even Jacobsen. Han stiller som ordførarkandidat for Venstre i Ringerike. Foto: Alexandra Osk Hannesdottir