Oberstløytnant i Forsvaret om valdtekter: – Vi har ein ukultur som gjer seg gjeldande på alle nivå

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei ny gransking om valdtekter dannar eit dystert bakteppe for årets 8. mars-markering. Ei av fire norske kvinner har opplevd å bli valdteken minst éin gong i livet.

– Eg blir sjølvsagt veldig trist og lei meg når vi får undersøkingar som viser slike høge tal, men eg er ikkje spesielt overraska. Valdtekter og seksuell trakassering er dessverre eit samfunnsproblem på same måte som det er eit stort problem i Forsvaret.

Det eg håpar på no er at vi får større fokus på overgriparen og kva det er som gjer at vi har ein ukultur som skaper slike overgriparar, seier Lena Kvarving, som er oberstløytnant.

Kvarving jobbar ved Nordic Centre for Gender in Military Operations (NCGM), og skal blant anna sørgje for at kjønnsperspektivet er ein integrert del av Forsvaret.

– Behandlar ikkje kreft med paracet

Vi snakkar med oberstløytnanten berre nokre dagar etter at NRK avdekte at fleire kvinner har fortalt om seksuell trakassering og valdtekter utan at dette har fått konsekvensar.

– Leiinga i Forsvaret må vurdere om dei er dei rette til å endre den ukulturen som er gjeldande. Problema må løysast, og om dei ikkje klarer det, så må dei sleppe andre krefter til, seier ho til Nynorsk pressekontor.

– No må vi vere ærlege og skildre forholda slik dei er. Vi må slutte å gå oss vill i språklege diskusjonar og heller kalle ein spade for ein spade. Vi har ein ukultur som gjer seg gjeldande på alle nivå, og den må vi gjere noko med.

– No må vi tore å stille ein riktig diagnose slik at vi brukar riktig medisin. Viss ikkje risikerer vi å bruke paracet for å kurere kreft.

Oberstløytnant Lena Kvarving i uniformsskjorte og slips. Ho smiler stort til kamera.

Oberstløytnant Lena Kvarving er ikkje redd for å seie frå om negative forhold i Forsvaret, men gjer det gjerne med eit smil. Foto: Privat

Oberstløytnant Kvarving synest kvinnedagen 8. mars er ei fin anledning til å setje fokus på trakassering og seksuelle overgrep.

– Men dette er ikkje ein kamp som er over på 8. mars. Det er viktige er at vi heile tida avdekkjer slike skeivheiter i maktstrukturane og skaper kulturar der dette ikkje blir akseptert.

Unge kvinner er mest utsette

Oberstløytnanten er opptatt av at alle skal føle seg trygge uansett kjønn og framhevar at også menn opplever seksuell trakassering og valdtekter. Likevel er ho klar over at det er unge kvinner i 20-åra som er dei mest utsette.

– Men det er vi som organisasjon som må ta opp kampen og kjempe, det er ikkje dei unge kvinnene som skal ta støyten her. Leiinga i Forsvaret kan ikkje berre komme unna med å seie at det er fint at varslarane står fram. Dei må ta fatt i problema og sørgje for at det ikkje er noko å varsle om. Det er det som er jobben deira.

– No må vi handle før vi mister desse verdifulle kvinnene. Det er riktig som den modige varslaren Silje Falmår sa det; det er Forsvaret som mistar henne og ikkje omvendt.

Kvarving meiner også at det må vere ein høgare standard for Forsvaret enn i samfunnet elles.

– Vi som er i Forsvaret er spesielt selekterte for å gjere ein jobb og har eit ekstra stort ansvar. Då må vi skape ein kultur der overgrep ikkje skjer, og då trengst det at vi førebur soldatane betre enn berre å gi dei ein kort brief i ein kinosal, slik som soldatar hevdar er tilfellet i dag.

Tar kampen med eit smil

Lena Kvarving er ikkje ei dame som går stille i gangane og det er ikkje første gong ho går hardt ut mot forsvarsleiinga.

Lena Kvarving i Pride-parade i militær uniform.

Lena Kvarving har ein doktorgrad i «Gender Perspective in Armed Forces and Military Operations», og støttar gjerne opp om Pride. Foto: Privat

– Eg er blir litt lei innimellom, men stort sett så er eg meir enn klar for å ta denne kampen. Eg mister heller eit par opprykk enn å miste integriteten min. Denne kampen kjem med ein kostnad, men så lenge det skjer overgrep må nokon gå ut i bokseringen. I tillegg veit eg at eg har rett, og det motiverer meg til å kjempe vidare.

Den siste kommentaren kjem med ein liten latter og det er ikkje sjeldan ho både smiler og ler, samtidig med at ho fyrer av garde ei kraftsalve.

– Eg er ei veldig blid dame og trur eg er kjent som den blidaste Nato-offiseren nokosinne. Det treng ikkje vere nokon motsetnad mellom å vere blid, og det å ta opp viktige og alvorlege saker. Eg vil jo berre endre ting til det betre, seier Lena Kvarving.


  • Les også: 

Raud Ungdom-leiar: – Må ha nullvisjon for valdtekt

Fakta

I alt 23 prosent av norske kvinner og 4 prosent av norske menn seier dei har opplevd å bli valdtekne ved makt eller tvang, sovevaldtekt eller før fylte 13 år,  viser ei ny undersøking frå Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress (NKVTS).

I 2018 gjorde Forsvaret ei undersøking der 44 personar sa at dei har blitt valdtekne, 24 kvinner og 20 menn. Så mange som 123 personar sa at dei har blitt forsøkt valdtekne. Legg ein svara til grunn, betyr det at det blant tenestegjerande i Forsvaret skjer enten ei valdtekt eller eit valdtektsforsøk nesten annankvar dag.