Forsvarsminister Gram: – Skal vere trygt å vere i Forsvaret

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bakteppet er NRKs avsløringar av varslarsakene i Forsvaret og utfordringar med seksuell trakassering.

Også tillitsvalde for tilsette og vernepliktige og Militært kvinneleg nettverk deltek på møtet.

Ny sak i helga

Skjermdump frå NRK.no

Ei no 22 år gammal kvinne fortalde i helga at ho opplevde mobbing, trakassering, uønskt seksuell merksemd og overgrep i si tid i førstegongstenesta.

Ho fortel at ho sa frå til sjefane sine i Hæren ei rekkje gonger, men at Forsvaret ikkje tok tak i det som skjedde.

– Dei som har stått fram med historiene sine, skal ha ein stor takk, sa forsvarsministeren før møtet vart lukka for pressa.

Temaet for møtet er arbeidet som blir gjort mot trakassering. Gram understrekar samtidig at dei fleste har det trygt i Forsvaret som tilsette og vernepliktige.

– Utfordringa vår er at det ikkje er godt nok at nesten alle har det bra. Når nokon seier frå om uakseptabel åtferd, skal det gripast fatt i og føre til konsekvensar, seier han.

– Kulturproblem

Saka som vart kjend i helga, er ein av fleire, men forsvarssjef Eirik Kristoffersen har sagt til NRK at han meiner dette dreier seg om eit kulturproblem, ikkje ein ukultur. Han meiner omgrepet ukultur er for upresist.

– Eg vil vite kva det her dreier seg om, kva avdelingar det er, og kva vi kan gjere med problemet for å få løyst det, seier Kristoffersen og held fram med å seie at han ikkje kan stå for historiene som har vorte fortalde.

Både Raudt-leiar Bjørnar Moxnes og Frp-leiar Sylvi Listhaug har bede Gram om å svare Stortinget på korleis regjeringa skal handtere saka.


Kvinne triksar med fotball

SJOKKRAPPORT: Kvinnefotballen må ta eit oppgjer med trenarkulturen, viser ein ny rapport. illustrasjonsfoto: Rhett Lewis/History of Soccer on Unsplash