Nye soldatar får framleis ikkje ID-kort på nynorsk

Leiaren i Nynorsk Målungdom seier det blir ei stor sak når det har teke så lang tid.

NPK – Peder Skjelten
Publisert

Forsvaret har sidan 2003 berre hatt ID-kort for vernepliktige på bokmål og engelsk. Heller ikkje i august, når nye vernepliktige kjem inn til førstegongsteneste, får dei tilbod om identitetskort på nynorsk.

Leiaren i Norsk Målungdom, Sebastian Vinsent Natvik, seier mangel på nynorsk på ID-korta i Forsvaret i utgangspunktet er ei lita sak, men når det har teke så lang tid å få det til, blir det ei stor sak.

– Det er slikt nynorskbrukarar må gjennom igjen og igjen. Det er i same kategori som at studentar ikkje får velje eksamensteksten sin på nynorsk. Det er små ting som burde vore lette å endre, men så skjer det ikkje.

I språklova §14 står det: «Statsorgan skal gjere skjema og andre sjølvbeteningstenester tilgjengelege på bokmål og nynorsk samtidig. Dersom eit privat rettssubjekt krev at løyve og faste formular som direkte gjeld rettssubjektet, skal vere på anten bokmål eller nynorsk, skal statsorgan oppfylle kravet.».

Det gjeld mellom anna identitetskort og pass. Vinsent Natvik seier det hadde vore nok å ha ID-kort der det står både «namn» og «navn».

Jobbar med løysing

I ein e-post til Nynorsk pressekontor svarar Forsvaret på bokmål at dei har gode rutinar for språkarbeid når det gjeld offisiell kommunikasjon på eigen nettstad, intranett og i sosiale medium.

– I kommunikasjonen vår med unge som skal inn på sesjon og vidare teneste er innhaldet tilpassa den målforma som målgruppa sjølv vel i dei ulike løysingane som er etablerte, skriv pressevakt Aleksander Engborg Hage i kommunikasjonseininga i Forsvarsstaben.

Når det gjeld nynorsk på Forsvarets ID-kort, blir det arbeidd med å få dette på plass. Forsvaret har gjort ein avtale med ein leverandør av programvare for kortproduksjon som gjer det mogleg å lage kort med nynorsk tekst.

– Når arbeidet startar med å produsere desse nye korta har eg ikkje svar på no dessverre, fortel Engborg Hage.

Oppfordring til vernepliktige

Forsvaret er sett saman av menneske frå heile Noreg, mellom anna dei som skriv nynorsk. Då burde dei òg få målforma si, meiner Sebastian Vinsent Natvik i Målungdommen.

– Fleire kan sjå på dette som ei fillesak og vel å ikkje prioritere ho, men dette handlar om at nynorskbrukarar skal få språket sitt.

Han rår til at komande vernepliktige til førstegongstenesta i Forsvaret, som ikkje får ID-kort på nynorsk, etterlyser målforma si.