Nesten ein av fire norske kvinner har opplevd valdtekt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nesten 5000 personar har svart på spørsmåla frå Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress (NKVTS). Det er ni år sidan sist ei slik undersøking er gjort i Noreg.

– Vald og overgrep er framleis eit alvorleg samfunnsproblem i Noreg, skriv forskarane bak den omfattande studien, som vart overlevert til justisminister Emilie Enger Mehl tysdag morgon.

23 prosent av kvinnene svarer at dei har vore utsette for valdtekt ved makt eller tvang, for sovevaldtekt, eller utsette for overgrep før dei fylte 13 år.

Halvparten som svarer at dei vart utsette for valdtekt med makt eller tvang, var under 18 år då overgrepet skjedde. 5 prosent oppgav at dei hadde vorte valdtekne då dei var under 13 år av ein person som var fem år eldre eller meir.

– Oppsiktsvekkjande

Til samanlikning oppgav 4 prosent av mennene i undersøkinga at dei hadde vorte utsette for same type overgrep.

– Det er oppsiktsvekkjande høgt, og høgare enn vi rekna med å finne. Undersøkinga dokumenterer auka rapportering om alvorleg vald, spesielt når det gjeld valdtekt, seier forskar Maria Teresa Grønning Dale ved NKVTS til NTB.

Maria Teresa Grønning Dale. Foto: Kristoffer Sandven/NKVTS

Då NKVTS sist gjennomførte ei tilsvarande undersøking i 2014, svarte 9,4 prosent av kvinnene at dei hadde vorte valdtekne i livet. Også då var omtrent halvparten under 18 år då dei opplevde valdtekta.

I 2014 stilte ikkje forskarane spørsmål om sovevaldtekt, noko som 11 prosent av kvinnene no oppgir å ha vore utsett for. Likevel oppgir 14 prosent av dei spurde kvinnene, 4,6 prosent fleire enn ved førre undersøking, at dei har vore utsette for valdtekt ved tvang eller makt.

– Eigentleg skulle vi jo helst sett at dette talet var null, kommenterer forskaren.

Urovekkjande utvikling

Auken frå førre undersøking i 2014 er urovekkjande og vond å høyre om, meiner justisministeren.

– NKVTS konkluderer med at vald og overgrep er nokså vanleg i Noreg. Det er trist, seier Emilie Enger Mehl (Sp).

– No skal vi sjå på den førebyggjande sida, men også korleis ein blir vareteken av helsevesenet, og gjennom ei eventuell straffesak. Kvar einaste valdtekt, kvart einaste slag er eit offer for mykje. Her må vi trappe opp innsatsen, seier ho.

Åtte departement samarbeider om denne innsatsen, ifølgje Mehl.

Justisminister Emilie Enger Mehl. Foto: Rune Kongsro/Justis- og beredskapsdepartementet

Skammar seg

Overgrepa mot kvinner blir som oftast utførte av nokon dei kjenner. Partnar, tidlegare partnar, ein venn eller kjend. Derfor oppgir også mange at dei ikkje melder frå, verken til helsevesenet eller politiet, om overgrepet. Kvinnene oppgir i stor grad at dei kjenner skuld eller skam etter overgrepet.

– Det er ei dramatisk utvikling når det gjeld valdtekt av kvinner, seier Grønning Dal.

– Vi veit ikkje om den er reell eller om det er mellombels, eller om det er auka på grunn av underrapportering tidlegare.

Nesten halvparten av dei valdtekne kvinnene svarte også at dei var redde å bli drepne eller alvorleg skadde under overgrepet.

Undersøkinga tek også for seg digitale seksuelle krenkingar, og 6 prosent av kvinnene svarer at dei har vore utsette for digitale krenkingar.

Vanleg med fysisk vald

Så mange som 40 prosent av alle dei spurde, og nesten halvpartane av alle mennene, seier dei har vore utsette for minst éi form for fysisk vald etter at dei fylte 18 år.

Både menn og kvinner opplever å bli utsette for vald frå andre menn, men kvinner blir i langt større grad enn menn utsette for alvorleg fysisk vald frå kjærasten eller ein tidlegare partnar.

Menn opplever også vald, men denne er i større grad knytt til hendingar utanfor heimen. Dei blir som oftast utsette for vald av ein dei ikkje kjenner, ofte i samband med uteliv.

– Det er ingen tvil om at å førebyggje vald må vere ein av tinga som må takast tak i. Vi er spesielt bekymra for dei høge valdtektstala blant unge norsk kvinner. Folkehelseperspektivet kjem inn når vi ser at dei som har vorte utsette for fleire typar vald også har mykje større risiko for helseplager i framtida, seier Grønning Dale.

Krevjande undersøking

Å ringje nesten 5000 personar og få dei til å fortelje om overgrep og valdshendingar dei i mange tilfelle helst berre vil gløyme, er inga enkel oppgåve. Dei tilsette ved meiningsmålingsinstituttet Ipsos, som har utført utspørjinga for NKVTS vart kursa i forkant av oppgåva.

– Dei som vart ringd opp fekk høve til å ringje ein psykolog og eventuelt også bli vist vidare til hjelp etter samtalen. Dessutan var denne jobben også belastande for dei som gjennomførte intervjua, seier prosjektleiar Grønning Dale.

Saka er oppdatert med kommentar frå justisminister Emilie Enger Mehl. 


Illustrasjonsfoto/kollasj av Framtida.no. Foto: Scott GrahamUnsplash og Privat