Nye varslingstiltak i Forsvaret frå august

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag hadde forsvarsministeren innkalla forsvarsleiinga, tillitsvalde for tilsette og vernepliktige og Militært kvinneleg nettverk til eit møte for å diskutere utfordringane med seksuell trakassering.

– Dette skal ikkje skje. Det skal vere sånn at folk har det trygt og godt i Forsvaret og slepp å varsle, seier forsvarssjef Eirik Kristoffersen til NRK etter møtet.

Han introduserer tiltak for korleis varsel skal handterast, mellom anna at det skal vere ei sentral varslingseining som alle kan varsle til. Denne skal ha oversikt over alle saker.

Målet er også at dei som varslar, skal haldast betre orientert. Dette skal mellom anna gjerast enklare ved hjelp av teknologiske løysingar.

Takka varslarane

Kristoffersen takkar samtidig dei som har varsla om uønskte hendingar.

– Prosessen framover er at vi skal implementere alle tiltaka som går på varslingshandtering, innan 1. august. Då skal det nye systemet vere på plass. Inntil då skal vi bruke det systemet vi har, og så er det eit kontinuerleg arbeid med å endre kultur og drive førebygging, og det kjem aldri til å ta slutt. Men vi gjer ei rekkje tiltak på kort og lang sikt, seier Kristoffersen.

– Godt og nyttig

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) karakteriserer møtet som godt og nyttig

– Det ligg eit alvor i det. Vi har hatt hendingar i Forsvaret som vi ikkje ønskjer å ha, seier han.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) hadde invitert til møtet om utfordringane med seksuell trakassering i Forsvaret. Foto: Hanna Johre / NTB / NPK

– Vi har diskutert ganske breitt i den situasjonen vi står i, men også tiltak for at vi skal komme lenger. Det er sett i gang mykje bra arbeid som må få tid til å verke, men vi må heile tida leite etter nye tiltak, seier forsvarsministeren.

– Det er hierarki i maskuline verdiar som gjer at vi må vere medvitne når vi arbeider med kulturen i ein slik organisasjon, legg han til.

Skjermdump NRK.no

Ny sak i helga

Bakteppet for møtet er NRKs avsløringar av utbreidd seksuell trakassering og overgrep i Forsvaret. Ei no 22 år gammal kvinne fortalde i helga at ho opplevde mobbing, trakassering, uønskt seksuell merksemd og overgrep i si tid i førstegongstenesta.

Ho fortel at ho sa frå til sjefane sine i Hæren ei rekkje gonger, men at Forsvaret ikkje tok tak i det som skjedde.

Vilje til endring

Tillitsvald Sofie Malekas meiner det er ein ukultur i Forsvaret, men seier til VG at leiinga viser vilje til å gjere ei endring – sjølv om det er ein lang veg å gå.

Tillitsvalt Sofie Malekas saman med representantar frå tillitsvaltordninga i Forsvaret (TVO). Foto: Hanna Johre / NTB / NPK

– Haldningane viser ei form for ukultur. Samtidig er vi samde med forsvarssjefen i at det ikkje speglar heile Forsvaret, men det at slike hendingar skjer, viser ei form for ukultur, seier Malekas til VG etter møtet.

Ho har inntrykk av at forsvarsleiinga og heile sektoren tek situasjonen på alvor.


Jackie Matthews etterlyser våpenlover etter å ha opplevd to masseskytingar. Skjermdump frå TikTok.