Færre vil tilrå jenter å gå inn i Forsvaret

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor sa 70 prosent av dei spurde at dei ville tilrådd førstegongstenesta, medan no ligg talet på 45 prosent, ifølgje NRK.

Også talet på dei som er negative til førstegongstenesta, er nesten dobla: frå 21 prosent til 41 prosent.

Oberst Frank Sølvsberg, talsperson for Forsvaret, seier dette talet er altfor høgt.

Talspersonen vil likevel trekkje fram at dei unge kvinnene som faktisk har vore inne til førstegongstenesta, er fornøgde.

– Frå vår eiga vernepliktsundersøking finn vi at åtte av ti unge kvinner, som har vore inne til teneste, vil tilrå andre kvinner å gjere det same, seier Sølvsberg og peikar på eigne tal frå 2021.


  • Les også: 

Nye varslingstiltak i Forsvaret frå august