Raud Ungdom-leiar: – Må ha nullvisjon for valdtekt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 01.11.2023 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me treng ei reell samtykkelov. Forslaget som kom for nokre veker sidan var ikkje ei reell samtykkelov. Berre ja betyr ja. Me må plassera ansvaret der det høyrer heime og sikra at fleire valdtektssaker endar med domfelling.

Det seier Raud Ungdom-leiar Alberte Tennøe Bekkhus på telefon til Framtida.no.

Ho er opprørt etter å ha lese dei nye tala frå Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS). 

Éi av fem kvinner fortel at dei har opplevd anten sovevaldtekt eller valdtekt ved makt eller tvang.

Sjokkerande tal

– Me har alltid visst at det var mørketal, men ikkje at dei var så store. Det betyr at det er minst ei i kvar venninnegjeng, som er ordentleg sjokkerande tal, seier Bekkhus.

Ho peikar på at undersøkinga tek høgde for fleire typar valdtekt, og håpar tala er ein konsekvens av auka kunnskap om kva ei valdtekt er.

Utsett for minst èin type valdtekt: Kvinner: Valdtekt ved makt/tvang (14 %), sovevaldtekt (11%), valdtekt av barn under 13 år (5%). Menn: Valdtekt ved makt/tvang (2%), sovevaldtekt (2%), valdtekt av barn under 13 år (1%).

Illustrasjon: NKVTS. Nynorsk omsetting av Framtida.no

– Det er utruleg dystre tal som gjer vondt langt inn i hjarterota. Valdtekt og vald mot kvinner er eit stort samfunnsproblem og det går ikkje i riktig retning. Altfor ofte kjem slike rapportar og tal. No må me halda motet oppe og ikkje la det føra til politisk apati, men engasjement. Det er ikkje haldbart at kvar femte jente blir valdteken, seier Bekkhus, og slår fast:

– Me må ha ein nullvisjon for valdtekt.

– Syner at valdtektsparagrafen ikkje funkar

Bekkhus får støtte frå Thea-Caroline Zwahlen, leiar i Seksualpolitisk nettverk for ungdom (SNU).

Berre 1 av 10 søkjer helsehjelp etter valdtekt. – Hjelpeapparatet må vera meir synleg og ha fleire lågterskel tilbod, seier SNU-leiaren Foto: Privat

Ho er i likskap med Raud Ungdom-leiaren sjokkert over tala, ikkje berre over kor mange som oppgir å ha vorte valdteken, men òg over kor få som opplever at gjerningspersonen vert dømd.

Berre fire prosent av dei som oppgir å ha vorte utsett for seksuelle overgrep eller krenkingar opplever at saka kjem for retten og at gjerningspersonen vert dømd.

– Rapporten viser tydeleg at valdtektsparagrafen som me har i dag ikkje funkar. Han varetek ikkje folk, slår Zwahlen fast.

Den store svakheita meiner SNU-leiaren er at det ikkje står at ein må få uttrykt samtykke. Det står heller ikkje i det nye forslaget til valdtektsparagraf, som straffelovrådet la fram i desember. Zwahlen fryktar det fører til at mange valdtekter ikkje vert plukka opp av paragrafen.

– Me må ha ei reell samtykkelov i Noreg som slår fast at all sex skal vera frivillig. Me håpar rapporten kan løfta dette på nytt.

Betre seksualundervisning

Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus anerkjenner at også gutar og menn vert utsette for valdtekt, men peikar på at brorparten av dei som rapporterer om valdtekt er kvinner og at gjerningspersonane nesten utelukkande er menn.

Ved sidan av ei samtykkelov, etterlyser Bekkhus betre seksualundervisning som lærer både jenter og gutar om samtykke.

– Me må som samfunn ta ein djup prat og sjølvransaking. Kvifor blir éi av fem kvinner og jenter valdtekne? Noko er riv ruskande gale. Kva for syn har ein på kvinner? Kanskje handlar det om pornokultur, uansett må dette bli ein wake up call av dimensjonar, seier Bekkhus.


  • Les også:

«Det er på høg tid med ei samtykkelov som definerer valdtekt som sex utan samtykke»

Valdtektsparagrafen i Straffelova

§ 291. Voldtekt

Med fengsel inntil 10 år straffes den som:

a. skaffer seg seksuell omgang ved vold eller truende atferd,
b. har seksuell omgang med noen som er bevisstløs eller av andre grunner ute av stand til å motsette seg handlingen, eller
c. ved vold eller truende atferd får noen til å ha seksuell omgang med en annen, eller til å utføre handlinger som svarer til seksuell omgang med seg selv.