Silje (22) vil utfordre Brenna på utfordringane synshemma elevar møter i skulen

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mi store hjartesak er at unge blinde og svaksynte må få mogelegheit til å leve det livet dei ønskjer, fortel Silje Solvang på e-post til Framtida.no.

22-åringen frå Vestfossen er leiar i Norges Blindeforbunds Ungdom (NBfU).

Ho brenn for at unge blinde og svaksynte skal ha så mange valalternativ som mogeleg innan utdanning, arbeidsliv og fritidsaktivitetar.

Det er nettopp urettferda ved kor dårleg tilrettelagt mange delar av samfunnet er, som har ført til at ho har engasjert seg. Den har både ho sjølv og mange andre synshemma følt på gjennom oppveksten.

– Det gjeld alt frå manglande universell utforming av digitale læremiddel på skulen til at vi ikkje får kome oss på trening fordi bussen ikkje har innvendig auditivt opprop.

Råd: Ikkje brenn lyset i begge endar

Bilete syner Silje Solvang som smiler mot kameraet. Ho har langt lyst hår, og har på seg ein bronsefarga topp.

Silje Solvang er leiar i NBfU.
Foto: Privat

Sidan hausten 2021 har Silje Solvang leia Norges Blindeforbunds Ungdom. Den viktigaste lærdomen ho gjorde seg i si første periode, er at politiske gjennomslag tek tid, men målretta arbeid løner seg i det lange løp.

Ho er særleg stolt av eitt av gjennomslaga ungdomsorganisasjonen har fått, nemleg at studentar som får ekstrastipend skal ha mogelegheit til å ha frivillige verv og jobbe frivillig.

Studentar som har nedsett funksjonsevne kan få eit tilleggsstipend frå Lånekassen, om dei ikkje har mogelegheit til å jobbe ved sidan av studia. Tidlegare vart desse studentane nekta å ha frivillige eller ulønt verv, men Lånekassen endra praksis i mai 2021.

Den største tabben Solvang har gjort, var nok då ho gløymde att datamaskina si på bussen før landsmøtet i 2021.

– Ho fekk eg ikkje henta før veka etter, så alle innlegg og resolusjonar eg hadde førebudd og lagt i Dropbox, måtte eg skrive på nytt.

– Kva råd skulle du ønske du hadde fått?

– At organisasjonen har mykje større glede og nytte av ein leiar som fordeler energien sin på ein berekraftig måte over tid, enn ein som brenn seg ut og vert lei etter ei kort periode.

Jaktar gjennomslag

Solvang håpar ho er ein leiar som lyttar til dei rundt seg, og skapar gode relasjonar til samarbeidspartnarar:

– Og får til gjennomslag som gjer at blinde og svaksynte får endå betre føresetnadar til å lukkast med studium, jobb og på fritida enn kva vi har i dag, supplerer ho.

Leiarførebiletet hennar er Hege Kristine Høgmo, rektor ved Diamanten skole for døvblinde, der Solvang i tillegg jobbar som lærarvikar.

– Ho er tydeleg, lyttande og har ei evne til å samle eit team som er skikkeleg beundringsverdig.

Vil sikre synspedagogar i framtida

Silje Solvang fortel at dei tre viktigaste sakene for NBfU framover er at synshemma skal få tilgang til universelt utforma læremiddel i skulen, og at krava til universell utforming i arbeidslivet vert strengare.

I tillegg vil organisasjonen jobbe for at minst eitt av universiteta eller høgskulane i Noreg tek opp eit utdanningstilbod i synspedagogikk.

– Slik at alle framtidige synshemma får opplæring av kvalifiserte pedagogar.

Det har tidlegare vore tre mogelege utdanningsvegar for å verte synspedagog i Noreg, anten Universitetet i Oslo, Universitetet i Søraust-Noreg eller NTNU. Men sistnemnde fasar no ut utdanninga, då Statped har sagt opp si samarbeidsavtale med studiestaden.

Blindeforbundet og ei rekkje andre organisasjonar fryktar for ei framtid der ingen kan undervise blinde elevar.

Dei skreiv difor eit brev til kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) tidlegare i februar, der dei etterlyser ei styrking – heller enn ei svekking – av utdanningstilboda.

Om NBfU-leiaren hadde vakna til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta vore: «Stortinget løyver milliardar til det nasjonale spesialpedagogiske støttesystemet Statped – unngår no kutt og omorganisering».

Aro, Ekko og Politisk kvarter

På fritida er 22-åringen glad i å vere i stallen, gå lange turar med hunden sin, Aro, og å lese bøker.

Bilete syner Silje Solvang på tur med hunden Aro. Ho står ute på ein terrasse, medan den lyse labradoren sit ved føtene hennar. Silje smiler mot kameraet, og bak henne skiner sola mot blå himmel.

NBfU-leiar Silje Solvang likar å gå tur med hunden sin, Aro.
Foto: Privat

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

– Nettsider som ikkje er universelt utforma! 

Solvang held seg oppdatert ved å stå opp tidleg. Ho får med seg morgonnyheitene og radioprogramma Ekko og Politisk kvarter frå kl. 06. I tillegg er ho ein aktiv lyttar av Dagsnytt 18.

Vil hindre at synshemma elevar må droppe ut

– Kva er idealsamfunnet og korleis skal vi nå det?

– Idealsamfunnet er at alle, uansett funksjonsevne, lever likestilte liv og har dei same føresetnadane til å meistre skulegang, få ein jobb og drive med fritidsaktivitetar. For å nå dette målet krevst eit betre søkjelys på universell utforming og ei haldningsendring i samfunnet.

Om NBfU-leiaren kunne invitert kven som helst til middag, hadde valet falle på kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap):

– Slik at vi kunne snakka om utfordringane synshemma elevar møter i skulen i dag, og saman utforma politikk som førte til at eit mindre tal synshemma elevar må droppe ut på grunn av fysiske og digitale barrierar vi møter i skulen.

Solvang hadde servert mange små rettar, slik at dei to måtte sitje lenge for å kome fram til dei beste løysingane.

Tre tips

– Kva for ei bok burde alle lese? Kvifor?

– «Gullburet» og «Vinger av sølv» av Camilla Läckberg, fordi ho på ein unik måte leier deg inn i ei historie du ikkje klarar å sleppe før boka er ferdig.

Bilete syner omslaga til dei to Camilla Läckeberg-bøkene. Omslaget til Gullburet syner ei parfymeflaske på grå bakgrunn. Parfymen har fått namnet Revenge, og ein bloddrope spreier seg i parfymen. Omslaget til Vinger av sølv syner ein raud leppestift utan topp på rosa bakgunn. Leppestiften heiter Revenge.

Omslag: Gyldendal

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Grey’s Anatomy.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

Optimist av Jahn Teigen!


Mathias Jørgensen er leiar i Hyperion. Foto: Privat

Fakta

Alder: 22

Personleg pronomen: Ho

Frå: Vestfossen

Yrke/utdanning: Spesialpedagog

Favorittfag på skulen: Norsk

Ulike verv: 5

Medlem i: Norges Blindeforbunds ungdom