Hyperion-leiaren brenn for at nerdete fritidsinteresser skal vere like legitimt som idrett

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 08.02.2023 09:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dataspel må anerkjennast som det det er: den største, mest populære og raskast veksande fritidsinteressa ikkje berre i Noreg, men i verda, seier Mathias Jørgensen.

21-åringen frå Oslo er leiar i Hyperion, forbundet for fantastiske fritidsinteresser. Eit av dei viktigaste måla for organisasjonen det komande året er å skape ein brei og god digitalkultur.

Ein må slutte å sjå på dataspel som noko skummelt og farleg, men heller vere nysgjerrig på interessa og sjå potensialet ved både fritidsinteressa og bransjen, samstundes som ein sjølvsagt skal diskutere utfordringane.

20.000 medlemmar

Hyperion er ein paraplyorganisasjon som rommar over 150 medlemsforeiningar, som driv med alt frå rollespel og rumpeldunk til gaming og brettspel. I 2019 hadde Hyperion rett under 20.000 medlemmar landet rundt.

Mathias Jørgensen vart vald til leiar på Landstinget i oktober 2022.

– Eg vil vere ein leiar som får andre til å føle at det er verdt det og at det er gøy å bidra i organisasjonsarbeid, og at andre føler at bidraget deira vert sett pris på og er uvurderleg, fortel han på e-post til Framtida.no

Han vil vere ein leiar som ingen kvir seg for å diskutere med, anten ein er einige eller ueinige. Ein som andre føler dei kan dele i alle fall litt med, om dei slit.

– Eg vil alltid vere så ærleg og open som eg kan, spesielt om det er nokon eg er ueinig med.

Hyperion. Mathias Jørgensen. Foto: Privat

På landsmøtet elles stod diskusjonane om kva som var best møtesnacks – popkorn eller softis? – og kva namnet på diktboksen skulle vere.

Diktboksen vert brukt til pauseunderhaldning på landstinget. Det er nemleg ei postkasse, der deltakarane kan levere dikt, vitsar, memes og gåtar.

No har han vort døypt «Felix; Den turkise/tyrkiske hypergalaktiske boksen for megafantastiske mirakelmeldinger fra det multidimensjonale hundekollektivet for fabelagtige landsting».

Vil gjere det lettare å vere frivillig

Ei av dei viktigaste sakene for Hyperion i 2023 er å gjere det lettare å vere frivillig – for mange fell utanfor med dagens krav.

Jørgensen peikar på at det er mykje byråkrati som er unødvendig for barne- og ungdomsorganisasjonar, særleg dei minste og mindre profesjonelle.

– I tillegg kostar det minimum 50 kroner å melde seg inn. Det er kanskje ikkje mykje pengar for dei fleste, men det er ei stor barriere for veldig mange unge og mange familiar i Noreg.

Hyperion-leiaren meiner det vil føre til auka deltaking og auka inkludering av gruppene som står mest utanfor i dag, om kravet vert fjerna.

I tillegg tek 21-åringen til orde for at barn og ungdom må få ei større mogelegheit til å delta i organisasjonslivet. Han etterlyser meir pengar til frivilligheita, slik at ho kan utvikle seg og vekse.

Jørgensen peikar på at frivillig sektor tek på seg mange viktige oppgåver, noko som krev mykje ressursar.

– Det viktigaste då er fleire frie middel som organisasjonane kan disponere på eiga hand etter eiga prioritering og vurdering, slår Jørgensen fast.

Hyperion vil òg arbeide for at politisk fråvær skal kome til å gjelde nærast alt av organisasjonsarbeid – uavhengig av interesse.

E-sport og gaming

I 2023 vil Hyperion òg arbeide for å sikre at dataspel vert anerkjent som fritidsinteresse.

Jørgensen understrekar at utbreiinga av e-sport som interesse ikkje må gå på kostnad av andre liknande tilbod, som lågterskel gaming utan konkurranseaspekt og e-sport utan eit fokus på det profesjonelle.

– All e-sport er gaming, men ikkje all gaming er e-sport.

Hyperion-leiaren meiner det er på høg tid at dataspel som inneheld lootboksar og minitransaksjonar vert betre merka og at marknadsføringa av desse spela vert betre regulert:

– Slik at barn og unge ikkje vert manipulerte til å bruke ekte pengar i spel utan ein reell gevinst. Dette må skje på ein slik måte at det ikkje går utover dataspel som fritidsinteresse.

Nerdete fritidsinteresser er like legitimt som idrett

Sjølv vart Mathias Jørgensen først engasjert gjennom ei foreining på vidaregåande.

– Og då var det mest fordi vennar var med og det var rett og slett gøy å delta og arrangere, seier han.

21-åringen har vorte verande i organisasjonen fordi han, gjennom sine mange verv, har sett den enorme positive effekten eit fellesskap som Hyperion har.

Han gler seg å vere å kunne gå på jobb kvar dag å få arbeide med det morosamaste i verda – spel, fantasi og leik – men òg å kunne legge til rette for at alle barn og unge kan få drive med sine fritidsinteresser på sine eigne premissar, utan å verte dømde for det.

– Eg er engasjert for at ingen skal måtte kjenne seg åleine eller vere redd for å uttrykke interessene sine, og at det å ha nerdete fritidsinteresser skal vere like legitimt som idrett eller annan kultur.

Hyperion-kontoret har eit stort utval brettspel. Foto: Privat

Barn og unge veit best kva dei sjølv treng

21-åringen si hjartesak er anerkjenning av nerdeinteresser og å involvere barn og unge i fritidstilbod og samfunnsliv.

Ingen veit betre kva barn og unge ønskjer seg og treng enn barn og unge sjølv. Det å involvere ungdom i utarbeidinga av fritidstilbod og planlegging av arrangement vil gje mykje meir treffsikre tilbod til målgruppa enn om ein gjeng vaksne skal lage noko for dei.

Jørgensen peikar på at det er eit gode for frivilligheita at unge vert involverte i styra, og det gjev i tillegg ei demokratiopplæring ein ikkje får i skulen.

– Ingenting lærer vekk demokrati betre enn å faktisk delta i demokratiske prosessar og vere med å ta demokratiske avgjersler, seier han og held fram:

– Denne erfaringa tek ungdom med seg vidare i samfunnslivet, og det norske demokratiet hadde ikkje vore så aktivt som det er i dag, utan demokratiske barne- og ungdomsorganisasjonar.

The Sims, YouTube og nyheiter

På fritida vert det ein del gaming for Mathias Jørgensen. Han spelar mest The Sims, ein del bilspel og diverse simulatorar. I tillegg ser han filmar, seriar og YouTube-videoar av alt frå dataspel til talkshows til arkitektur.

– [Eg] brukar sikkert alt for mykje pengar på kafébesøk, men hyggeleg å sitje med nokon ute, eller berre åleine med sine eigne tankar. Henge med vennar når vi alle har tid, ete masse digg mat og spele ein haug med brettspel.

Om han har mogelegheita, er han òg veldig glad i å reise.

Hyperion-kontoret har eit stort utval brettspel. Foto: Privat

– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?

– Akkurat no er det rekneark, søknadar og økonomirelaterte saker. Både eg og ny generalsekretær Emilie jobbar mykje med å sørge for at foreiningane får den støtta dei skal ha og at vi får rapportert på alt vi skal i tide.

Saman med generalsekretær Emilie Åm, jobbar Jørgensen med å få alle papir i orden før dei tek til på noko heilt nytt. Han hoppar frå oppgåve til oppgåve for å rekke rundt alt, og i løpet av ein vanleg dag dukkar det gjerne opp noko tidskritisk som må prioriterast.

– Får eg førespurnadar frå foreiningar om noko er det alltid å hjelpe dei som står øvst på prioriteringslista mi.

Korleis held du deg oppdatert?

– Eg har ekstremt mange rundt meg som deler mine og mange av Hyperion sine interesser, så eg får fortalt mange saker av vennar og folk rundt om i organisasjonen.

21-åringen rosar også apparatet han har rundt seg som styreleiar, eit fantastisk sekretariat og eit sentralstyre som sørgjer for at han er oppdatert.

– I tillegg så er eg jo interessert sjølv, og så les/ser eg sikkert godt over snittet nyheiter av alle typar.

Vekk med båsane

– Kva er idealsamfunnet og korleis skal vi nå det?

– Idealsamfunnet er for meg eit samfunn der ingen må slite for å ha det greitt, der ingen må føle seg utanfor og tilsidesett. Der vi rett og slett er snille og greie med kvarandre, uavhengig av kven folk er, og kor alle kategoriane og båsane ein kan dele menneske inn i vert nærast utsletta.

Jørgensen seier det ikkje finst nokon fasit på korleis ein skal nå dette idealsamfunnet, og innrømmer at det mest truleg er umogeleg – eller i det minste verkar umogeleg.

Han meiner likevel ein god start er å prate med kvarandre, sjå kvarandre og prøve å fokusere meir på oss enn på meg og mitt.

– Alle treng å verte flinkare til å sjå saker og alt mogeleg frå andre sine synspunkt. Vi treng ikkje vere einige alle saman, men vi må klare å ha ei viss forståing for kvarandre.

Om 21-åringen hadde vakna til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta vore «Betre vilkår og meir pengar til frivillig sektor», eller meir generelt: «All krig og svolt utsletta».

Omslag: Gyldendal

– Kva for ei bok burde alle lese? Kvifor?

– Heile Heartstopper-serien (Hjertestopper på norsk). Av Alice Oseman, grafisk novelle.

Jørgensen meiner bokserien tek føre seg tema ein ofte ser i media og populærkultur om dagen som eteforstyrringar, mental helse og historier om skeive ungdommar – men at Heartstopper skil seg ut ved å ikkje vere dyster, dramatisk og nærast deprimerande.

– Den er lystig, ærleg, hjartevarmande og tek for seg både utfordringane knytt til alt saman, men det vert alltid retta fokus på det positive og det faktum at ting kan verte betre.

21-åringen rosar serien for å vise at trass alle utfordringar, så er ikkje livet berre drit – langt derfrå.

Og så viser han sunne kjæresteforhold mellom fleire skeive karakterar og fleire seksuelle orienteringar, som er sårt trengt representasjon i dagens verd, då skeive forhold ofte berre vert framstilte som problematiske og problemfylte.

Hyperion-leiaren tilrår også dei andre bøkene til forfattar Alice Oseman, og dessutan Netflix-versjonen av Heartstopper.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Akkurat no Wednesday på Netflix. Men evig komfort-serien er Star Wars: Clone Wars, uansett kor gammal eg vert.

Jenny Ortega spelar hovudrolla som Wednesday i serien med same namn.
Foto. Netflix.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Saturday Night’s Alright (For Fighting) av Elton John.


Frå Samisk Hus i Oslo der Ophelian står framfor eit veggmåleri.

TRADISJONELT TIL MODERNE: Ophelian James Lucretius (24) vil ha meir variasjon i kva vi får sjå av det samiske. Foto: Åshild Slåen

Fakta

Alder: 21

Personleg pronomen: Han/ham

Frå: Oslo (Stovner)

Yrke/utdanning: Betalt frivillig (inga ferdig utdanning enno)

Favorittfag på skulen: Engelsk og samfunnsfag

Ulike verv: Overflodsminister (økonimiansvarlig) i Kattas Fabelproaiske Elevsamfund (2019-2020), styreleiar Hyperion Øst (2019-2020), nestleiar Hyperion – N4F (2021 og 2022), styreleiar Hyperion – N4F (noverande)

Medlem i: Ei handfull Hyperion-foreiningar