Om du er student med nedsett funksjonsevne og ikkje kan jobbe ved sidan av studiane, kan du søkje om eit ekstrastipend på 42.174 kroner i året frå Lånekassen.
Men då får du heller ikkje ha frivillige eller uløna verv.
– Lånekassen sine vilkår slik dei er i dag skapar eit for svart/kvitt skilje som fråtek menneske som ønskjer å gjere noko godt mogelegheita til det, skriv leiar av Velferdstinget i Oslo og Akershus Idun Kløvstad i eit debattinnlegg hjå Khrono.
Saka var først omtalt av Handikapnytt.
– Alvorleg demokratisk problem
I paragraf 83 i Forskrift om utdanningsstøtte står det skrive at ein søkjar som grunna nedsett funksjonsevne ikkje kan ha løna arbeid i tillegg til utdanninga har rett på eit ekstrastipend i tillegg til basislånet.
I merknadane til paragrafen står det likevel:
«Søker som har verv eller ulønnet arbeid ved siden av utdanningen, har normalt ikke rett til tilleggsstipendet dersom søkeren i stedet kunne tatt lønnet arbeid.»
Reglementet presiserer at det er evna til å utføre arbeid ved sidan av utdanninga som er avgjerande, ikkje kor vidt det er løna eller ei.

Leiar i Norges Handikapforbunds Ungdom Marianne Knudsen stadfestar overfor Handikapnytt at problemet rører mange av medlemmane i organisasjonen, og er kritisk til at Lånekassen sidestiller løna arbeid og frivillig engasjement.
– Vi meiner det er eit alvorleg demokratisk problem at ein ikkje kan påta seg verv i NHFU eller andre stadar om ein mottek ekstrastipendet, seier Knudsen til Handikapnytt.
NHFU-leiaren seier realiteten er så brutal at nokre studentar må velje mellom å ha verv og å ha pengar til mat.
- Les også saka: «Krøpling», «utgift», «hemmis» – no vert diskriminerande ord gravlagde og kasta på dynga
Ber statsministeren ta ansvar
På Facebook kallar leiar i Noregs Handikapforbund, Tove Linnea Brandvik, verv-vilkåret eit farleg angrep på menneskerettane og ber statsministeren kome på bana.
– Erna Solberg, dette er eit ansvar som regjeringa med deg som leiar må ta, skriv Brandvik.
Samstundes har Arbeidarparti-politikar Nina Sandberg stilt eit skrifteleg spørsmål til forsknings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) om kor vidt statsråden vil fjerne Lånekassen-reguleringa. I grunngjevinga skriv Sandberg:
– Unødvendige barrierer for menneske med funksjonsnedsetjing er det altfor mange av. Difor håpar eg statsråden bidreg til å fjerne flest mogeleg av dei.
- Les også intervjuet med NHFU-leiar Marianne Knudsen: – Vi er ikkje fødde for å halde kjeft
