Grøn Ungdom sin nye talsperson ville diskutert rusreform med FN-Guterres

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om Margit Martinsen kunne invitert kven som helst på middag, hadde ho bede António Guterres, generalsekretær i FN.

– Å høyre hans meiningar om korleis vi skal nå klimamåla, jobbe for global rettferd og handtere ein ustabil geopolitisk situasjon hadde vore ufatteleg spennande, fortel Grøn Ungdom sin nyaste talsperson på e-post til Framtida.no.

Dei to skulle ete meze, diverse smårettar frå Midtausten. Det er favorittmaten til Martinsen, og det ho aller helst lagar om ho har god tid på kjøkenet.

– Elles er eg også utruleg nysgjerrig på hans tankar om ruspolitikk. Han var statsminister i Portugal då dei i 2001 innførte ei rusreform som gjekk frå straff til hjelp, og med det sørga for ein overdosestatistikk som gjekk frå europatoppen til europabotnen på kort tid.

Ser opp til Patagonia-gründer

På Grøn Ungdom sitt landsmøte i slutten av november, vart Margit Martinsen vald til ny talsperson. Ho deler leiaroppgåvene med Tobias Stokkeland, som vart attvald til si andre periode.

20-åringen frå Åsnes i Hedmark håpar å vere ein leiar som alle medlemmane i ungdomspartiet kjenner seg att i.

– Eg hugsar godt korleis det var å vere tretten år og sjå ungdomspartileiardebattar, og kjenne at mine eigne meiningar og verdiar vart målt av korleis partiet mitt gjorde det i debatten, minnest Martinsen.

Ho vil vere ei stemme for GU’arane som vier tida og tankane sine til partiet, og samstundes drage politikken og samfunnsdebatten eit hakk i rett retning.

Yvon Chouinard var kjend som fjellklatrar før han etablerte Patagonia-merket. Her i sine yngre dagar. Foto: Tom Frost, CC BY-SA 3.0

Om ho skal peike ut eit leiarføredøme for seg sjølv, så vert det Yvon Chouinard (84). Den amerikanske fjellklatraren som grunnla friluftsmerket Patagonia:

– Han har brukt heile livet sitt på å byggje eit berekraftig alternativ til dagens klesindustri, og donerte i år vekk heile selskapet – då verd 3 milliardar dollar – til klimaformål. Skal vi byggje ei betre verd, er det sånne folk vi treng.

Kampane ligg i politikken

20-åringen frå Åsnes fortel at ho vart politisk aktiv ganske ung, medan kampen stod om å stoppe oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja.

– Eg var alltid veldig medviten på kor heldige vi i Noreg er med den utrulege naturen vår, minnest ho.

Martinsen var aktiv i Miljøagentene, og etter kvart vart det naturleg å ta steget vidare inn i ungdomspolitikken.

– Eg hugsar eg tenkte det var teit at Miljøagentene berre jobba for kortare dusjing og mindre forsøpling når eg visste at dei store kampane låg i politikken, som til dømes vern av LoVeSe, og ikkje berre enkeltindividet.

Ja til EU, nei til å skrote fråværsgrensa

På landsmøtet stemte Grøn Ungdom ja til EU, noko Margit Martinsen meiner er ein stor siger.

– Norsk EU-medlemskap vil verte ein av dei store kampane dette tiåret, og eg har tru på at dagens geopolitiske situasjon vil vise at Noreg ikkje lenger har råd til å stå åleine. Vi kan ikkje ta for gitt at EU vil halde fram å passe på oss når verdssituasjonen endrar seg.

Ursula von der Leyen er leiar av Europakommisjonen. Foto: Ursula von der Leyen

Den neste store kampen vert å sørgje for at Miljøpartiet Dei Grøne går inn for det same, på sitt landsmøte til våren.

Martinsen meiner Grøn Ungdom er heldige som har eit moderparti som i stor grad lyttar til dei, endå aldersdemografien er annleis mellom dei to.

– Politisk sett har vi same verdiar, same ståstad og ikkje minst same mål: eit meir grønt, rettferdig og inkluderande samfunn.

Det som derimot overraska den nyvalde talspersonen, er at ungdomspartiet ikkje gjekk inn for å skrote fråværsgrensa.

– Eg er ueinig og vil ha heile fråværsgrensa vekk, men vedtaket vart heller ei rekkje oppmjukingar i regelverket som eg uansett trur ville betre situasjonen vi har i dag betydeleg, fortel Martinsen.

Klima er viktigast

Dei tre viktigaste sakene for Grøn Ungdom i 2022, meiner Martinsen er klima, sosial rettferd og internasjonalt samarbeid.

– Ingenting kjem til å vere så viktig i åra framover som klimaet vårt. Klimakampen er ikkje ei politisk sak på linje med alle andre, fordi absolutt alle politikkområde har eit stabilt, fungerande klima som første føresetnad.

Martinsen peikar på at klimakampen er eit lagspel. For å lukkast, treng vi både at befolkninga er med på omstilling og eit internasjonalt klimasamarbeid som er overnasjonalt og forpliktande, meiner GU-talspersonen.

Difor er ho òg lukkeleg over at partiet sa ja til EU på landsmøtet.

– Dei utfordringane verda i dag står overfor, både med tanke på klimaet, men også når det kjem til skatteflukt, fattigdom og ulikskap, aukande høgreekstremisme og personvern for å nemne noko, vert best løyste av forpliktande, overnasjonalt samarbeid.

Margit Martinsen er 100 prosent sikker i valet over New York over hytta: – Min mest egoistiske motivasjon til å løyse klimakrisa er at jeg har så utruleg lyst til å ha mogelegheita til å reise rundt i verda også i framtida.

Til sist peikar Martinsen på at rettane til ei rekkje minoritetar er under press frå fleire kantar:

– Vi må både jobbe strukturelt for sosial utjamning gjennom til dømes skattesystemet, men også alltid ta kampane om antirasisme, feminisme og andre rettskampar.

Bygdekommune kring fattigdomsgrensa

Dei store hjartesakene til Martinsen sjølv er sosialpolitikk og utanrikspolitikk.

– Eg har vakse opp i ein kommune på bygda med ein ganske høg andel personar som lever under og rundt fattigdomsgrensa, og brenn for ein sosialpolitikk som ikkje berre handlar om satsar på stønadar, men også om korleis vi byggjer sjølve samfunnet vårt.

20-åringen er mellom anna forkjempar for døgnopne bibliotek, fordi ho meiner lokalsamfunn har eit ansvar for at sårbare menneske alltid skal ha ein stad å gå som er trygg, varm og gratis.

– Sosial utjamning over skattesetelen er ein føresetnad for eit godt samfunn – men vi må også sjå på korleis institusjonar som utdanningssystem, arbeidsmarknaden og bustadmarknaden fungerer forskjellig for forskjellige grupper menneske.

I tillegg er Martinsen oppteken av internasjonale løysingar på verdas store utfordringar, som klimakrisa, flyktningkrisa og internasjonal uro.

Husvask i eksamensperiode

På fritida set den nyvalde GU-talspersonen pris på matlaging, trening og lesing.

– Men eg har ikkje noko perfekt liv der eg lagar luksusmåltid og trenar kvar dag, og les ei bok i veka, presiserer 20-åringen.

Ho prioriterer ofte vennar over andre ting ho bør gjere, noko ho trur er bra.

Tidstjuvar har ho ikkje så mange av, men Martinsen prokrastinerer gjerne ved å gjere ting som står heilt, heilt nedst på prioriteringslista.

– Det er ofte i eksamensperioden eg startar å intensivt vaske leilegheita og skrive lesarinnlegg, til dømes.

Drøymer om at regjeringa gjennomfører rusreforma

Margit Martinsen held seg oppdatert gjennom ei god blanding av aviser, podkast, Twitter og samtalar med vennar som bryr seg om kva som skjer i verda.

Om ho hadde vakna opp i morgon til si draumenyheit, hadde ho vore at verda når klimamåla.

– Men om eg må velje noko meir halvvegs realistisk, er det kanskje at regjeringa gjennomfører rusreforma. Det er mange som fell utanfor i det norske samfunnet som kunne sloppe, dersom staten hadde tort å strekke ut ei hjelpande hand framfor å kriminalisere og stigmatisere.

I idealsamfunnet hennar har alle like mykje å seie, og minoritetar og stigmatiserte grupper kan delta like aktivt og fritt i samfunnet som alle andre:

– Klimaet er stabilt, og det er ei sjølvfølge at naturen har ein eigenverdi og vert teken vare på, held GU-leiaren fram.

Dessutan rommar ikkje idealsamfunnet hennar slike gigantiske økonomiske forskjellar som i dag:

– Eg synest eigentleg vi godt kunne klart oss utan milliardærar, og med arbeidarstyrte og arbeidar-eigde bedrifter.


Boka bør alle lese: Besøkeren, György Konrád.

Serien bør alle sjå: Euphoria.

Låten som alltid får meg i godt humør: Salmalaks, Karpe.


Andrine Hanssen-Seppola ser opp til Margaret Thatcher som leiar. Foto: Senterungdommen og Margaret Thatcher Foundation

Fakta

Frå: Åsnes, bitte liten kommune i Hedmark

Alder: 20

Personleg pronomen: Ho/henne

Yrke/utdanning: Studerer internasjonale studium

Favorittfag på skulen: Alle språkfag (norsk, engelsk, tysk og russisk)

Ulike verv: Talsperson, og ellevte kandidat til bystyret i Oslo for MDG

Medlem i: Først og fremst Grøn Ungdom