Slik synstolkar du eit bilete på Instagram

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norges Blindeforbunds Ungdom har ei oppmoding til Instagram-brukarar over heile landet: Ver så snill, synstolk bileta dine!

– For å føle seg inkludert og likestilt er det veldig viktig å få med seg det som skjer på ein plattform som Instagram, seier Guro Helene Sørdalen (22) frå NBFU til Framtida.no

Dersom du synstolkar bileta dine, kan også blinde og sterkt svaksynte personar få glede av det sosiale mediet og alle samtalane som stammar derifrå.

Det er også såre enkelt. Slik gjer du det (trykk for større bilete):

Sit du att med spørsmålet: Men kva skal eg skrive då?

Framtida.no har spurt 24 år gamle Henning Knudsen, som er blind, om kva som skal til:

1. Kva vil du fram til i bilete ditt?

24-åringen seier du bør skildre kva du har teke bilete av, kva du gjer, og kva poenget med bilete er.

– Dersom eg skal forstå det, så lyt du skildre kva du skal fram til med bilete ditt. Det kan til dømes vere «no slappar eg av (fordi eg har trent)», men då er det den essensen eg vil ha, og det du må prøve å få fram i teksten din, fortel Knudsen.

Ligg du strak ut på ei treningsmatte fordi du har lagt inn tidenes yoga-innsats, så er det ikkje nok å skrive «Eg ligg på ei treningsmatte». Ta med at du er sliten, at sveitteringane snart dekker heile deg, og du kjenner pulsen banke i hovudet.

2. Detaljar, detaljar, detaljar

Som ein tommelfinger-regel så er det betre med for mykje detaljar, enn for lite detaljar, forklarar Knudsen vidare.

Det tyder ikkje at du lyt skrive tre avsnitt, men få fram kva stemninga i bilete er, og humøret og ansiktsutrykka til personane.

Det er ein pågåande debatt om kor vidt ein skal skildre hudfarge og kroppsfasong. Knudsen meiner hudfarge gjerne kan synstolkast, sidan det er eit faktum, men er meir usikker på kroppsfasong. Likevel, er det eit poeng i bilete synest han det lyt takast med.

3. Du kan vere subjektiv

– Du kan ikkje synstolke på Instagram som du synstolkar ein dokumentar, seier 24-åringen.

Det er to heilt forskjellige sjangrar, der Instagram naturleg er den mest lettbeinte av dei to. Du kan difor senke skuldrane litt, og bruke deg sjølv i synstolkingane dine. Du treng ikkje vere heilt nøytral.

4. Prøv ut teksten

Eit lite stalltips frå Guro Helene Sørdalen som er ansvarleg for NBFU sin Instagramkonto er også å prøve teksten på nokon som ikkje har sett bilete, og spørje om skildringa gjev meining og kva bilete ein ser føre seg.

Du kan til dømes spele av teksten for dei, ved hjelp av talefunksjonen som finst på dei fleste telefonar!

5. Blir det feil? Det er OK!

Får du det ikkje heilt til? Det går fint. Prøv deg fram, og spør om tilbakemelding om du ikkje får dreisen på det.

– Det er det som er så gøy med dette. Det er ikkje noko som er prøvd så mykje før – så det er noko som utviklar seg, seier Henning Knudsen.