«På tide at Ex on the Beach Norge tek samfunnsansvaret sitt på alvor»

Isaac Elstad Røssnes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, som gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Som barn og unge har vi vorte vande til at mediebiletet er seksualisert. Kor enn vi ser er det reklamar, avisartiklar, samtalar med vennar som handlar om kropp og sex. Dette betyr ikkje at vi har slutta å verte påverka av det.

Ex on the Beach Norge kan ikkje skjule seg bak samfunnet dei har bidrege til, dei må ta ansvar.

Ex on the Beach Norge er nominert til årets Gullbarbie for seksualiseringa av deltakarane og måten dette vert marknadsført til eit ungt publikum, heilt ned i 14-års alderen.

Ex on the Beach Norge er nominert til årets Gullbarbie. Ill: Press

Ukritisk publisert

Måten Ex on the Beach Norge reklamerer for serien legg ikkje skjul på kva fokuset er, heller tvert imot.

Mykje av marknadsføringa deira er klipp frå serien som vert publiserte på sosiale meidum. Desse klippa spelar på sex og utsjånad, anten det er gjennom nærbilete av rumpa til ein deltakar eller ein sjekkereplikk frå ein deltakar til ein annan.

Dette vert publisert ukritisk og utan kontekst til barn og unge. Dette viser at Ex on the Beach Norge ikkje har vurdert påverknaden dei har på unge sjåarar, dei tenkjer berre på sjåartal.

Kva bryt med retningslinjene?

Eit fokus på sex er ikkje i seg sjølv eit problem. Det kan vere fint for barn og unge at sex vert normalisert på TV, at ein kan sjå vanleg sex og ikkje berre porno. Likevel gjer Ex on the Beach Norge dette på ein måte som oppfordrar til sexpress.

Forsking på opplevinga unge jenter har av reality-TV syner at særleg dette sexpresset overfor deltakarane som vi ser, kan bidra til at unge vert usikre på seg sjølv og sitt eige forhold til sex.

Dette er noko vi har sett fleire gongar i Ex on the Beach Norge. I 2018 vart ein mannleg deltakar pressa til sex av fleire kvinnelege deltakarar trass i at han sa nei.

I 2021 var det ein kvinneleg deltakar som gjentekne gongar vart sjekka opp av ein mannleg deltakar på ein måte ho sjølv skildra som slitsam.

Discovery seier dei har strenge retningslinjer for åtferda i programmet, men dei valde likevel å ikkje gripe inn i desse situasjonane. Kva bryt eigentleg med retningslinjene om dette er akseptabelt?

Som svar på kritikken dei har fått, svarar Discovery mellom anna at Ex on the Beach speglar samfunnet vi lever i. Dette er ei stor ansvarsfråskriving.

Som ein stor aktør har Discovery eit ansvar for samfunnet vi lever i. Dei bidreg til at samfunnet er seksualisert. Dette er noko dei burde motverke, men dei vel heller å bruke det som ei unnskyldning.

No er det på tide at Ex on the Beach Norge tek samfunnsansvaret sitt på alvor.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Illustrasjonsfoto: Diana Polekhina on Unsplash