«Kroppen min er ikkje «god nok» for Zara»

Isaac Elstad Røssnes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne haldningar.

Sjå føre deg at du er 15 år og du skal kjøpe klede saman med vennegjengen.

Du gler deg til å finne nye klede og ha det gøy med vennane dine. Tonen endrar seg derimot etter kvart. I butikk etter butikk finn alle dei andre noko dei likar og som passar dei, alle bortsett frå deg.

Dette er realiteten for mange barn og unge i dag. Dette er realiteten klesindustrien legg opp til.

«God nok» for Zara?

Zara er nominert til årets Gullbarbie fordi dei gjennom storleikane sine og marknadsføringa promoterer eit einsidig skjønnheitsideal. Dei er rett nok ikkje den einaste kleskjeda som passar denne skildringa.

Sjølv om Zara tilbyr storleikar frå XXS til XXL, er dette ofte ikkje realiteten.

Om eg skal kjøpe meg denne kjolen eller denne skjorta vert utvalet avgrensa til small, medium og large i «dameavdelinga», med extra large i «herreavdelinga».

Skjermdump frå Zara.com.

I tillegg til dette er ikkje storleikane deira alltid «true to size»

Eg er vand til at eit plagg i storleik XL passar meg. Gjer det derimot ikkje det hos Zara, så har eg ingen veg å gå. Kroppen min er ikkje «god nok» for Zara.

Å få denne beskjeden i ung alder kan ha store konsekvensar. 7 av 10 jenter og halvparten av gutar vil endre noko ved eigen utsjånad. 1 av 10 vil endre seg ved hjelp av kosmetiske inngrep.

Den falske verkelegheita klesindustrien sel oss styrkar desse behova.

Ein del av problemet

Mangelen på mangfald stoppar heller ikkje med storleikane. Både for dei kvinnelege og mannlege modellane er kroppsfasongen heilt lik.

Zara sin definisjon på korleis ein «god nok» kropp ser ut vert dermed smalare.

Forsking viser at det vert skapt eit betydeleg meir negativt kroppsbilete hjå ungdom etter å ha sett bilete av tynne modellar, enn om ein ser andre typar modellar.

Som ei stor bedrift burde Zara vore dømet på at mangfald i klesindustrien er mogeleg, men dei vel i staden å vere ein del av problemet.

No er det på tide at Zara og resten av moteindustrien vert haldne ansvarleg.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Illustrasjonsfoto av Sam Smith (t.v.) og Harry Styles (t.h.). Foto: AP Photo/Chris Pizzello, Jordan Strauss/Invision/AP, File