«Tannbleiking – kroppspresset ingen snakkar om»

Isaac Elstad Røssnes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

ProWhitening er ein av årets nominerte til Gullbarbie. Grafikk: Press

Dette er eit meiningsinnlegg, som gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Tennene er også ein del av kroppen. Du høyrer det kanskje når folk snakkar om dyr tannbehandling, men det er ikkje berre på det området tennene ofte vert gløymde.

Sjølv om kroppspress har vorte eit anerkjent problem i samfunnet i dag, er det få som snakkar om korleis dette påverkar synet vårt på eigne tenner.

Likevel fører ønsket om å ha dei perfekte tennene til misnøye og handling.

Dette oppfordrar aktørar som ProWhitening til, berre for å tene pengar.

Tannbleiking er ikkje risikofritt

Det finst mange måtar å endre på sin eigen utsjånad, men det er få tiltak som er like akseptert som å bleike tennene. I motsetnad til å ta Botox eller solarium, kan tennene verte bleika utan nåler eller åtvaringar om hudkreft. Du må ikkje reise deg frå sofaen ein gong.

Når ein trur på at ein treng det og det er så enkelt å få tak i, er det ikkje rart at mange har prøvd, også unge.

Ein rapport frå SIFO viser at 47 prosent av unge mellom 15 og 20 år kunne tenke seg å bleike tennene, og 16 prosent har allereie brukt tannbleikingsprodukt.

Trass i kva ProWhitening fortel oss, så er ikkje tannbleiking risikofritt. Verkestoffet i tannbleikingsstripsa – natriumkoloritt – kan verke irriterande på auge, hud og i svelget.

Inntil nyleg stod det ingenting om dei mogelege biverknadane av tannbleiking på sidene til ProWhitening. Sjølv om det no er lagt til, er desse åtvaringane vanskelege å finne i resten av marknadsføringa deira. Dei held fram å fortelje barn og unge at tannbleiking er trygt.

Aldri god nok

Det er ikkje rart at barn og unge trur dei må endre på sin eigen utsjånad for å vere gode nok. Heile livet har dei vorte fortalde at det alltid er noko som kan verte forbetra.

Reklame- og mediebransjen fortel oss at vi ikkje er gode nok, berre for å selje løysinga gjennom produktet sitt.

I tillegg fører påverkar-marknadsføring til at skiljet mellom reklame og «vanleg» innhald vert viska ut.

ProWhitening brukar, i likskap med mange andre aktørar i skjønnheitsindustrien, denne typen marknadsføring for å selje sitt produkt.

Barneskuleelevar treng ikkje quick fix

ProWhitening er ikkje framand for ideen om at også barn vil endre på sin eigen utsjånad.

Inntil nyleg skreiv dei på si eiga nettside at «det ikke finnes noen aldersgrense på tannbleking, men at de anbefalte at du var over 12 år» for å bruke produktet deira.

Den øvste skjermlyden syner ordlyden som stod på Prowhitening.no tidleg i januar 2023. Den nedste er ordlyden i dag.

 

Uavhengig av om deira produkt har ei lovpålagd aldersgrense eller ikkje, er det heilt absurd at dei valde å setje tilrådinga så lågt.

Barneskuleelevar skal ikkje måtte tru at dei treng ein quick fix for å verte ein «betre» versjon av seg sjølv. No har dei heldigvis endra denne tilrådinga til 18 år, men denne endringa kjem altfor seint!

Med ein Gullbarbie-nominasjon seier barn og unge tydeleg ifrå: Vi er lei av å verte fortalde at vi ikkje er gode nok som vi er!


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Zara er nominerte til årets Gullbarbie. Press-leiar Isaac Elstad Røssnes skriv om kvifor. Foto: Highlight ID on Unsplash, Privat. Kollasj: Framtida.no