Einsame studentar har ein meir usunn livsstil

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv Forskning.no.

Mange studentar slit med einsemd. Det er spesielt vanleg i byrjinga av studietida, når ein gjerne har flytta til ein ny stad og ikkje har etablert eit nettverk enno.

Ei undersøking gjort av forskarar ved George Mason University fann at heile 80 prosent av dei ferske studentane sa at dei var litt eller veldig einsame.

Det er kjent frå før at einsemd heng saman med dårleg helse. I denne studien fann forskarane at einsemd var relatert til ein usunn livsstil. Ein større del av dei einsame studentane var lite i fysisk aktivitet. Dei hadde òg eit meir feittrikt kosthald.

Forskarane kan likevel ikkje seia frå denne studien om studentane har ein usunn livsstil fordi dei er einsame, eller om einsemd og usunn livsstil heng saman på ein annan måte.


Les også: I år har Kors på halsen teke mot 20.000 samtalar – Morten (28) og Hanna (27) svarar

Illustrasjonsfoto: Daria Nepriakhina ?? on Unsplash
Kollasj: Framtida.no