I år har Kors på halsen teke mot 20.000 samtalar – Morten (28) og Hanna (27) svarar

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 11.10.2022 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg hadde sett føre meg eit mørkt lokale med ein telefon i eit hjørne som alltid ringer. At alle samtalar var relativt akutte og at ein skulle stå mykje meir åleine.

Morten (28) tenkjer tilbake på då han for halvtanna år sidan byrja som frivillig i Kors på halsen, samtaletilbodet til Røde Kors.

Han trudde kvar samtale skulle handle om sjølvmordstankar og at han sat åleine med ansvaret for den som ringde inn.

– Eg trur kanskje det eg var mest redd for på førehand var å seie noko feil, minnest Hanna.

I fire og eit halvt år har 27-åringen brukt av fritida si for å ta imot telefonar og meldingar frå barn og unge som har noko på hjartet. Ho synest det er ein fantastisk stad å vere frivillig.

20.000 samtalar

Kors på halsen er eit samtaletilbod til barn og unge under 18 år. Det er eit tilbod der både den som tek kontakt og den frivillige som svarar er anonyme. Difor skriv Framtida.no ikkje det fulle namnet til Hanna og Morten, sjølv om vi kjenner det.

Til no i år har det kome nærare 20.000 telefonsamtalar, chatmeldingar eller
e-postar
 frå barn og unge. Dei siste åra har samtalane vorte tyngre enn dei har vore før.

– Over 30 prosent av førespurnadane handlar om psykisk helse og kjensler, fortel einingsleiar i Kors på Halsen, Nelli Kongshaug.

– Vi vil at barna skal få eige og ha kontroll over eigne liv, og få hjelpa dei treng, seier Nelli Kongshaug.
Foto: Bente Kjøllesdal

Kors på halsen er opent frå kl. 14 til kl. 22 kvar einaste dag. Det er alltid minst to frivillige til stades, og nokre vakter kan det vere opp mot ti.

Barn og unge får mogelegheita til å øve seg på å snakke om ting dei synest er vanskeleg, før dei vågar prate med foreldre, helsesjukepleiar eller lærar.

– Her møter ein ikkje helsepersonell, her møter ein ein vaksen som har lyst og har tid til å snakke, seier leiar Kongshaug.

I dag har Kors på halsen i underkant av 300 frivillige. For å verte frivillig er dei einaste krava at ein har fyllt 22 år og kan levere politiattest. Dei frivillige får så opplæring i alt dei treng vete før dei tek til på Kors på halsen-kvardagen.

– Utan dei frivillige er vi ikkje eit teneste

Sidan koronapandemien merkar Kors på halsen at det har vorte meir krevjande å rekruttere, og Kongshaug etterlyser fleire unge og eit mangfald av bakgrunnar.

– Utan frivillige er ikkje vi ei teneste. Vi er avhengige av frivillige. Barn og unge fortel at det betyr så mykje for dei å snakke med ein frivillig, for dei har ei genuin interesse av å vere her. Dei får ikkje betalt for det, og det merkar barna på engasjementet. 

Dei fleste som tek kontakt er frå ungdomsskulen og oppover. Nokre lurer på om dei er «normale», andre har fått seg kjærast og er usikker, og somme har angst.

Flesteparten tek kontakt på chat, noko Kongshaug trur kjem av at det opplevest tryggare og meir anonymt. Terskelen er lågare for å ta kontakt:

 Det er klart at om du er på telefon, så høyrer vi at du gret. Det gjer vi ikkje om du er på chat. Du kan chatte med oss uansett kor du er. Er du på telefon vil du kanskje gå på rommet ditt, eller vere ein plass der ingen andre er, seier Kongshaug og legg til:

– Chat kan ha gjort det enklare for barn og unge å snakke om korleis dei faktisk har det.

Kasteballar i systemet

Verken Hanna eller Morten kjende til Kors på Halsen, då dei var yngre og i aldersgruppa tilbodet er meint for. Morten vart kjend med tilbodet gjennom Hanna, og ho vart inspirert av ein frivillig på eit info-møte i Røde Kors.

– Eg skulle ønske eg kjende betre til det då eg var ung, reflekterer Morten i dag.

Han har vage minne om at han i ungdomstida såg klistremerke for liknande hjelpetelefonar på doveggar eller toalettspeglar, men kan ikkje hugse han beit seg merke i Kors på halsen.

Då han først starta som frivillig, var 28-åringen litt uroa for at han skulle ta med seg dei vanskelege samtalane frå vakt heim. At han skulle gå ut og tenkje: «gjorde eg noko feil?», «skulle eg formulert meg annleis?».

Men han opplever sjeldan at noko frå vakt kvernar i tankane lenge etter. Det som kan sitje att etter ei vakt er heller dei hyggelege samtalane, og tidvis ei kjensle av at systemet som skal vareta barn og unge er håplaust.

– Ein snakkar med så mange barn og unge der vi er den førtiande personen dei vender seg til. Dei har vorte ein kasteball i systemet i fleire år, og har spurt om hjelp og prøvd å stole på vaksenpersonar igjen og igjen.

– Det viktigaste med tenesten er at ein er heilt anonym, der barn som har det vanskeleg kan øve seg på å fortelje til ein vaksen som er trygg, og som ikkje reagerer med sinne, frykt eller ein annan skremmande reaksjon på det som vert fortalt, seier Hanna. På kontoret heng hjelpe-ark for dei frivillige som tek imot førespurnadane. Foto: Bente Kjøllesdal

Hanna har kjent på den same håpløysa som Morten, og vert frustrert over kor vanskeleg det er å få hjelpa ein treng:

– Berre tenk på kor vanskeleg det kan vere for vaksne å få psykisk helsehjelp. At barn skal vete kor dei skal vende seg, er ganske mykje meir krevjande.

Ho klarar stort sett å kople av frivillighjernen når ho går frå kontoret, men medgjev at der er nokre samtalar ho ikkje klarar gløyme.

Begge to meiner dei får støtta dei treng for å handtere kvardagen i Kors på halsen. Dei frivillige har samlingar både før og etter vakt, det er alltid ein gruppeleiar eller ein tilsett på vakt.

Du skal ha det litt betre enn før du tok kontakt

– Var de veldig flinke til å lytte før de starta i Kors på halsen?

Eg trur nok eg var litt ein go to-person om ein vil ha ei løysing på noko. Eg var løysingsorientert, fortel Morten. 

Før han starta som frivillig, var han oppteken av å kunne løyse andre sine problem når dei lufta frustrasjonane sine til han. I Kors på halsen har han lært samtaleverktøy han tek med seg i kvardagen sin, som å spegle den som snakkar til deg, bruke same språk, stille opne spørsmål og oppklare om det er uklårheiter undervegs.

– Eg har vorte bevisst på at ein ikkje alltid treng gje så mange råd til folk som har det vanskeleg, fortel Hanna.

Som frivillig i Kors på halsen er oppgåva di å lytte. Du skal rettleie og styrke den som tek kontakt slik at dei klarar ta sine eigne val, ikkje kome med dine råd til korleis du meiner dei bør handtere noko.

Einingsleiar Nelli Kongshaug er tydeleg på at dei frivillige må vere budde på at éin samtale åleine ikkje kan løyse alt, og at ein ikkje veit kva som hender etter samtalen er over.

– Eg plar seie at Kors på halsen sin jobb er å hjelpe barnet eit bitte lite steg vidare. Det vesle steget treng ikkje vere komplisert: Det kan vere at i morgon når du vaknar, så står du opp, trekker gardinene til sida og får inn dagslys, fortel Kongshaug og legg til:

– Du skal ha det litt betre enn før du tok kontakt.


Treng du nokon å prate med? 

Hjelpetelefon for mental helse
(heile døgnet) – 116 123
Sidetmedord.no

Mental Helse Ungdom
Chat (måndag til torsdag, kl. 18-21): mentalhelseungdom.no/vare-lavterskeltilbud/chat/

Kirkens SOS
(heile døgnet) – 22 40 00 40
Chat: www.soschat.no kvar dag frå 18.30-22.30

Angstringen
(man-tor 10 – 13) – 22 22 35 30

Barneombudet
(man – fre 8-15) – 22 99 39 50

Kors på halsen (Røde Kors)
(måndag – fredag, kl. 14-22) – 800 33 321
Chat (måndag til søndag, kl. 14-22): www.korspåhalsen.no

Sjå fleire ressursar her: Hjelpetelefonar og nettstadar – Rådet for psykisk helse og her: Hjelp for barn og unge – Helsenorge


«Slagkraft» er eit tilbod for ungdom og unge vaksne menn for å betre den mentale helsa. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg