– Vi treng desperat reguleringar av kunstig intelligens

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilhengjarane av kunstig intelligens meiner teknologien vil revolusjonere kvardagen vår. Kritikarane vil ikkje la maskiner ta avgjerder som endrar folks liv.

Den britiske ordboka Oxford English Dictionary definerer kunstig intelligens som «utviklinga av datasystem som kan utføre oppgåver som vanlegvis krev menneskeleg intelligens, som å tolke synsinntrykk, taleattkjenning, ta avgjerder og omsetje mellom språk».

Nettgigantane veit alt om deg

Globale nettstader med avanserte søkjemotorar som Google, YouTube, Amazon og Netflix nyttar alle kunstig intelligens for å kjenne deg betre og tilby deg relevant reklame. Når Siri eller Alexa blir betre etter kvart som du bruker tenesta, er det fordi stemmegjenkjenningstenestene bruker kunstig intelligens.

Politikarar både i Europa og USA er bekymra over den raske utviklinga.

EU legg opp til å innføre reguleringar på bruk av kunstig intelligens i løpet av 2023. I USA er eit første utkast til lovforslag presentert, medan Canada også vurderer å innføre reguleringar.

Den kinesiske bruken av biometriske data, ansiktsgjenkjenning og annan teknologi til å lage eit effektivt overvakingssystem har vore langt framme i debatten om reguleringar.

Dei store teknologiselskapa haustar data om oss i store mengder. Men det er blitt enklare å sjå dei i korta. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

Fryktar totalitære strukturar

Dansken Gry Hasselbalch er akademikar og rådgivar for EU i spørsmål om kunstig intelligens. Ho hevdar at Vesten står i fare for å skape «totalitære strukturar».

– Same kva fordelane er, er det ein stor fare for å skape slike strukturar, seier Hasselbalch til nyheitsbyrået AFP.

Vil temje teknologi som påverkar rettar

Men før lovmakarane kan regulere kunstig intelligens, må dei definere kva det er som skal regulerast. Suresh Venkatasubramanian er medforfattar til det amerikanske lovutkastet. Han samanliknar det å definere kunstig intelligens med eit «mug game», eit spel det verkar idiotisk å spele fordi du er nøydd til å tape.

– All teknologi som påverkar rettane til folk, må vere inkludert i lovgivinga, tvitrar Venkatasubramanian.

Persondata vart gull verd

EU går grundig til verks. Terskelen for kva som blir rekna som kunstig intelligens, er lagt så lågt at han nær sagt omfattar alle automatiserte datasystem, ifølgje ekspertar AFP har snakka med.

Bruken av omgrepet kunstig intelligens har endra seg over tid. I mange tiår handla det om å prøve å lage maskiner som simulerer menneskeleg tanke. Tidleg på 2000-talet vart løyvingane til denne forskinga mindre, og det vart veldig stille rundt utviklinga av kunstig intelligens.

Kunstig intelligens kom først tilbake då gigantane i Silicon Valley fann eit nytt vedundermiddel for å handtere talknusing, analyse av stordata og utbreidd bruk av algoritmar. Dei enorme datamengdene nettgigantane hadde henta frå kundane sine, skulle vise seg å vere gull verd.

Google kjenner deg betre enn mor di

Den nye automatiseringa lét Google, Netflix og Amazon no brukarane sine med unikt og maskinplukka innhald og annonsar. Selskapa veit nesten alt om kva du gjer på nettet, kva sjukdommar du søkjer informasjon om, og kva handlingsmønster som gjer deg mottakeleg for reklame frå dei ulike annonsørane. Forretningsmodellen gir svimlande inntekter til gigantane på nettet.

Kunstig intelligens var ein måte for selskapa å dra nytte av overvakingsdataa og å tilsløre kva dei gjorde med dei, seier den tidlegare Google-tilsette Meredith Whittaker. Han er ein av grunnleggjarane av Kunstig intelligensinstituttet ved New York University.

Vil forby biometrisk overvaking

USA og Europa har valt ulike vegar fram mot regulering av kunstig intelligens. EUs lovforslag er på over 100 sider. EU vil ha eit forbod mot høgrisikoteknologi som den mellom anna den kinesiske staten nyttar til den biometriske overvakinga si av eiga befolkning.

EU vil også drastisk kutte bruken av kunstig intelligens i grensekontroll, politi og justisvesen.

– Nokre teknologiar blir for på kant med fundamentale rettar, seier EU-rådgivar Gry Hasselbalch til AFP.

Det amerikanske utkastet er langt vagare enn EU-forslaget og baserer seg på eksisterande amerikansk lovgiving. Ekspertar omtaler det som eit knippe prinsipp innramma i aspirerande språk. Eitt døme: « … du skal vernast mot farlege eller ineffektive system».

Ekspertane trur ikkje på noka ny dedikert amerikansk lovgiving før etter valet i 2024. Den sitjande Kongressen vil ikkje vere i stand til å einast om reguleringar, er vurderinga.

Kan brukast til farleg desinformasjon

Gary Marcus frå New York University fryktar at den kunstige intelligensen kan bli brukt til å lage farleg desinformasjon.

– Vi treng desperat reguleringar av kunstig intelligens, seier Marcus til AFP.

Det er gått to år sidan Solberg-regjeringa la fram ein nasjonal strategi for kunstig intelligens. Den tek til orde for ei digitalisering der systema skal byggje på etiske prinsipp, respekt for menneskerettar, integritet og personvern.

Dåverande digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) la vekt på at Noreg har gode føresetnader for å kunne lykkast med kunstig intelligens.

– For å lykkast med kunstig intelligens i Noreg må vi ha eit KI-vennleg regelverk, tilgang til data, trygge mobil- og breibandsnett, nok reknekraft og god tilgang til norske og samiske språkressursar. I strategien har vi fleire tiltak som bidreg til dette, uttalte Astrup då han la fram strategien.


Artikkelforfattar Erik Kursetgjerde har enkelt generert ein deepfake-video der hans ansikt erstattar ansiktet til den amerikanske rapparen Nicki Miniaj. Foto: Skjermdump