Går viralt med realistiske portrett av Jesus og Fridomsgudinna

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nederlandske Bas Uterwijk har jobba som profesjonell fotograf dei siste 14 åra. I tillegg har han bakgrunn frå datagenererte foto og spesialeffektar.

For litt over eit år sidan snubla over eit kunstig intelligensprogram som er blitt trent opp ved å sjå på tusenvis av bilete og måleri som viste ulike menneskeandlet, Artrbreeder.

Programmet gjer det mogleg å kombinera fleire ulike bilete av eit fjes, og smelte dei saman til ein heilskapeleg versjon. Brukaren kan så gjera sine kunstnarlege justeringar.

For Uterwijk vart dette starten på ein viral-historie.

Gjekk viralt

Uterwijk brukte nemleg programmet til å vise fram realistiske portrett av historiske og fiktive karakterar.

– Eg har fått mange, til tider svært kjensleladde tilbakemeldingar, som til dømes på biletet av Jesus. Men eg får også e-postar som fortel at dei vart rørt av Napoleon-portrettet, fortel fotografen på e-post til Framtida.no.

Bas Uterwijk laga to variantar av Jesus, med kort og lengre hår, basert på kunstig intelligens og gamle måleri. Foto: Bas Uterwijk

– Ikkje sjokkert over ein Jesus frå Midtausten lenger

Det er portrettet av Jesus som kanskje har fått mest merksemd. Bilete er bygd på ulike kulturelle måleri frå renessansen, Leonardo da Vinci sitt Salvator Mundi, likkledet i Torino og element frå mumieportretta frå omlag år 0.

Ulike kulturelle avbildingar av Jesus

– Resultatet er ei kunstnarleg tolking av korleis denne mannen kunne sett ut, meir enn eit vitskapeleg forsøk på å visa han nøyaktig, skriv Uterwijk på Twitter.

I tillegg har han justert etnisiteten så Jesus ser meir ut som han er frå Midtausten, og gjort skjegg og hår litt meir truverdig, for å sikra at det er litt meir historisk korrekt.

Han fortel at han forventa at biletet skulle skapa meir kontrovers enn det har gjort, sidan dei fleste vestlege avbildingane av Jesus er av ein kvit, blond fyr.

– Det virkar som folk i 2020 ikkje blir sjokkert over ein Jesus frå Midtausten lenger. Så tida var vel rett, skriv han til Framtida.no.

Fridomsgudinna er ein av favorittane

Sjølv elskar han å arbeida med portrettet av van Gogh, sjølv om han stadig meiner det kunne vore betre.

– Eg trur andlete hans framleis er eit mysterium, og at eg berre løfta tippen av sløret.

Slik var prosessen for å koma fram til kunstnar Vincent van Gogh sitt portrett. Foto: Bas Uterwijk

Uterwijk har også brukt lang tid på å få til ein god Julius Cæsar, og fortel at ein får eit heilt spesielt forhold til nokon sitt andlet når ein brukar fleire dagar med å arbeida med det.

– Men eit prosjekt som Fridomsgudinna, som eg laga på ganske kort tid, er også ein av favorittane mine. Det kjennest flott å få noko som aldri har vore i live, til å sjå levande ut.

Klikk for å sjå større bilete av prosessen:

Gamle, kvite menn må vike for afrikanske dronningar

– Eg veit at alle kan bli portrettert på ein fin måte, og eg har respekt for folka som set si lit til meg når eg fotograferer dei. Den same haldninga har eg hatt i arbeidet med mine syntetiske portrett, fortel Uterwijk og utdjupar:

– Om det har eksistert ein Jesus så karismatisk og inspirerande som dei seier han var, ville eg finne ein måte å få det fram på i biletet mitt.

No jobbar han med ei rekke nye kunstige portrett.

– Mitt neste mål er å portrettere fleire som ikkje er så synlege i ei verdshistorie som er dominert av gamle, mektige, kvite menn. Eg håpar å få publisert nokre afrikanske dronningar snart.

Saoirse Ronan speler forfattarspira Jo March. Emma Watson er systera Meg March og James Norton er friaren John Brooke. Foto: Wilson Webb/Columbia Pictures