Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 22.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppfinnar Palmer Luckey har laga eit sett VR-briller som verkeleg legg opp til spenning når du speler.

Det ser ut som eit ganske vanleg sett med VR-briller, kobla til tre sprengladningsmodular over skjermen. Desse er retta mot forhjernen til brukaren, og dersom dei går av vil det rett og slett sprenge hovudet til brukaren.

Luckey er oppfinnaren bak VR-brillene Oculus Rift ogselskapet Oculus, som han selde til Facebook i 2014. Dette er teknologien som Mark Zuckerberg no bruker i sitt nye Meta-verse.

Trugsel om alvorlege konsekvensar gjer det meir ekte

Palmer Luckey med VR-briller på seg i 2020. (Ikkje dei som kan drepe deg). Foto: Palmertech/Wikipedia (CC BY-SA 4.0)

I eit blogginnlegg forklarar Luckey at han alltid har vore fascinert av å knytte det ekte livet saman med den virutelle avataren.

– God grafikk kan få eit spel til å sjå meir ekte ut, men berre trugselen om alvorlege konsekvensar kan få spelet til å følest ekte ut for deg og alle andre som er med i spelet, skriv han mellom anna.

Han legg til at dette er ein del av dataspelmekanikk som aldri har blitt utforska før, trass i den lange historia med ekte sport som har liknande risiko.

Han trur dette er dei første VR-brillene i verda som faktisk kan drepe brukaren – men trur ikkje det blir dei siste.

Inspirert av animeserie

Ifølgje Luckey kom inspirasjonen frå animeserien Sword Art Online. Der tek folk på seg NerveGear, ein type VR-briller, og loggar seg på eit nytt spel som heiter Sword Art Online.

I serien oppdagar dei at ein gal forskar har fanga dei i ei virtuell verd, der dei må kjempe seg gjennom eit fangehol på 100 etasjar for å flykte. Det spesielle er at dersom dei døyr i spelet, døyr dei også på ekte.

Game over aktiverer ladningar mot hjernen

Teknologien går ut på at brillene tolkar ein blinkande, raud skjerm som game over.

– Når ein passande game over-skjerm blir vist, vil ladningane bli skotne ut og med det same sprenge hjernen til brukaren.

Planane vidare er å legge inn mekanismar som gjer det umogleg å berre ta av seg eller øydeleggje brillene til dømes. I tillegg er det framleis for mange ting som kan føre til at brukaren blir drept, sjølv på feil tidspunkt.

– Dette er årsaka til at eg ikkje har tøffa meg opp til å faktisk bruke dei sjølv.

Han skriv at brillene berre fungerer som kontorkunst på dette tidspunktet:

– Ein tankevekkande påminnar om dei uutforska vegane i speldesign.


Frå venstre: Erik Skar (16), Oliver Mjøen (16) og Kaspar Seip (18). Foto: Wiggo Sunde