Mange lar seg lure, meiner forskar: Her er sju mytar om kunstig intelligens

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 13.01.2021 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kunstig intelligens [AI] blir ofte tenkt på som nesten-levande robotar à la Terminator eller Dolores i tv-serien Westworld. Men sanninga er at AI er noko heilt anna.

Morten Goodwin er professor ved UiA, og har avlagt doktorgrad innanfor kunstig intelligens. Foto: Ole Alvik

Det seier Morten Goodwin, nestleiar ved Senter for forsking på kunstig intelligens (CAIR) ved Universitetet i Agder. Han kom nyleg med boka AI. Myten om maskinene.

Framtida.no har tatt ein prat med Goodwin for å få has på kva for framtidsdystopiar det er grunn til å høyra på.

Spesielt sju mytar er det grunn til å mistru, ifølgje Goodwin:

1. Superintelligente maskinar

– Enkelte personar, slik som [Tesla-gründer] Elon Musk åtvarar mot dette. Somme forskarar, eit fåtal eigentleg, meiner at ettersom robotane blir stadig meir intelligente, vil dei innan kort tid blir smartare enn oss.

– Då ser ein føre seg at robotane vil sjå på oss slik som vi ser på maur.

I forskingsverda ser ein likevel ingen tendens til at det er dit vi er på veg, fortel Goodwin:

– Eg plar samanlikne dette med besøk av romvesen: det kan vera at vi får besøk om ei veke, men vi ser ingen teikn til at det er i ferd med å skje.

Les også: Robot som forstår norske dialektar og skriv nynorsk kjem i 2021

2. Jobbane forsvinn!

– Tanken her er at no er kunstig intelligens blitt så god at jobbane forsvinn. Med all teknologisk utvikling er det jobbar som forsvinn – og så dukkar det opp nye.

Goodwin meiner det heller er snakk om ein fruktbar symbiose mellom menneske og maskin. Legane får verktøy som kan hjelpa dei til å gjera jobben betre, lærarar får digitale hjelpemiddel som gir dei meir tid til andre oppgåver.

– Det er enkelte oppgåver AI klarer spesielt bra, og så er det andre som den ikkje eignar seg like godt til. Vi ser ingen kategoriar av yrke som er på veg ut. Det er rett nok yrke som no forsvinn – men sånn er det alltid.

– Kunne vi heller seia at AI tar enkelte av arbeidsoppgåvene våre, og ikkje jobbane våre?

– Absolutt.

3. Superintelligente maskinar vil bli medvitne

– Det er vanleg å tenkje at sidan intelligens og bevisstheit er nært knytt saman, vil den eine følgje av den andre. Sjølv om maskinane blir stadig meir intelligente, så er det ikkje gitt at det også gir evne til å føle smerte, eller evne til å ha opplevingar.

Dolores (Evan Rachel Wood), frå tv-serien «Westworld», er ein robot som blir så intelligent at ho får medvit med på kjøpet. Foto: HBO

– Tanken er at så fort intelligens kjem over ein viss terskel, så blir den på magisk vis transformert til medvit?

– Nettopp.

Les også: Kan ein robot skrive ein roman?

4. Kolonisering av menneskeslekta

– Når ein kunstig intelligent robot får beskjed om å løyse ei oppgåve, som å sortere binders, så prøver den utelukkande å sortere binders mest mogleg effektivt. Då blir det ingenting i vegen for å gjere menneskeslekta til bindersproduserande slavar.

Problemet er at dersom roboten skal vera i stand til å kolonisera menneskeslekta, og såleis er superintelligent, er det svært tvilsamt at det ikkje vil gå opp for roboten at den gjer noko gale. Det er, trass alt, menneskeslekta den produserer binders for.

– I mitt hovud blir dette ganske «far-fetched». Det er vanskeleg å tenkje seg ein robot som er så intelligent at den underlegger seg alle verdas ressursar, utan å forstå at det ikkje var dette den menneskelege oppdragsgivaren ville.

5. Rasistiske algoritmar

– Det er fleire døme på algoritmar som har blitt rasistiske. Men det er på ingen måte innebygd i desse algoritmane at dei skal vere rasistiske. Poenget er at alt algoritmane lærer kjem frå dataa. Årsaka er altså at vi menneske har vore rasistiske eller diskriminerande, og så plukkar robotane opp det.

Somme tilsetjingsalgoritmar har til dømes filtrert ut kvinner frå prosessen, fordi dei historiske dataa dei er lært opp med viste at kvinner ikkje blei vurdert som kandidatar.

– Med meir likestilte data vil vi bli kvitt rasistiske algoritmar.

Les også: Sjølvkøyrande bilar – kven må døy?

6. «Vi forstår ikkje kva AI gjer»

– Det gjer vi, sjølv om den somme gonger gjer rare og feilaktige ting. Men ofte er det så mykje som skjer samstundes at det for alle praktiske føremål blir uforklarleg. Dersom banken gir meg 20.000 matriser som forklarar kvifor eg ikkje får lån, er det veldig problematisk for alle som ikkje har doktorgrad i maskinlæring.

– Vi forstår veldig godt kva AI gjer, men det er ikkje alltid like lett å forklare avgjerdene.

Etter ein flystyrt er det den svarte boksen ein tyr til for å finna årsaka. Foto: Kit Suman, Unsplash.com

Det er dette som har blitt kalla AI sitt «black box»-problem, der ein ser føre seg at det blir uråd å tolka og forklara kvifor AI gjer som den gjer – vi får ikkje innsikt i prosessen som førte fram til avgjerda. Dette kan oppstå i to typar tilfelle, ifølgje Goodwin:

  1. Der selskap ikkje vil avsløra teknologien sin, fordi dei ser det som ein forretningsløyndom. Men europeisk personvernlovgiving krev at alle avgjerder lar seg forklare til den det råkar, så for europeiske borgarar skal ikkje dette vera ei bekymring.
  2. Der algoritmane har blitt så komplekse, det skjer så mykje, at det blir uråd å forklara. Men dette er ikkje heilt svart, det er først og fremst svært vanskeleg.

7. «AI betyr ikkje noko for meg»

– Det er lett å tenkje at AI handlar om sjakkrobotar. Men for berre to veker sidan løyste AI eit 50 år gammalt, uløyseleg problem, om å forstå korleis protein foldar seg i kroppen. Når ein har forstått dette, kan ein også lage algoritmar som kan binde seg til proteinfoldane.

Nature, det store naturvitskaplege tidsskriftet, har sagt at «this will change everything», og når Nature seier det, betyr det mykje for oss alle. Det blir spekulert i om dette kan føre til protein som kan bryte ned plast i havet og bryte ned COi atmosfæren.

Kan nye vitskaplege framsteg, gjort mogleg av kunstig intelligens, bidra til å bryta ned plast i havet? Foto: Colourbox

Og i vinter fann kunstig intelligens fram til ein heilt ny type antibiotika.

– Dersom eg hamnar på sjukehuset med ein antibiotikaresistent bakterieinfeksjon, er ingenting viktigare enn at det finst antibiotika som denne ikkje er resistent mot. Elles kan det gå verkeleg ille.

– Sanninga er at kunstig intelligens grip gjennom på veldig mange fagområde. Det er ikkje berre noko som går føre seg på telefonen din, avsluttar Goodwin.


Les også: I klårtekst: Kva er antibiotikaresistens og kvifor er alle så redde for det?

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Fakta

Fakta om kunstig intelligens:

  • Ein (enkel) algoritme er ei rekke instruksjonar – ei slags oppskrift på korleis ein kan løysa eit problem eller gjera ein berekning.
  • Maskinlæring er når maskinen automatisk blir flinkare gjennom erfaring.
  • Intelligens er evne til kompleks problemløysing, eller åtferd der ein er i stand til å sjå visse mønster og svara på spørsmål.
  • Medvit er derimot ei subjektiv oppleving av å vera til, og korleis det opplevast å vera til. Ein Iphone er intelligent, men har ingen subjektiv oppleving av korleis det er å vera ein Iphone.
  • Kunstig intelligens er intelligente algoritmar, og tar ofte i bruk maskinlæring for å bli stadig meir intelligente. Dei er derimot ikkje medvitne.