Universitet tek kunstig intelligens-grep – tilbake til penn og papir
Dei fremste universiteta i Australia gjer eksamensendringar grunna kunstig intelligens.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei åtte australske universiteta som høyrer til Group of Eight har no varsla at dei tek grep før årets karaktervurdering.
Dei er nemleg uroa for at kunstig intelligens som chatboten ChatGPT kan føre til juks på eksamen.
Kan få B på eksamensoppgåve
ChatGPT har skapt bølgjer i skular og akademia etter han først vart lansert i november.
Han kan løyse eksamensoppgåver på eiga hand. Kvar tekst han produserer er unik, og det er difor usikkert om plagiatkontroll klarar fange opp dei robotskrivne svara.
Ein test hjå Høyskolen Kristiania synte at roboten ville klart å skrive seg til ein B på dei enklaste eksamensoppgåvene, men sleit meir di vanskelegare oppgåvene vart.
Fleire norske universitet fortalde TV 2 i slutten av desember at dei hadde oppdaga bruk av roboten i samband med eksamen.
Meir penn og papir
Dr. Matthew Brown er viseadministrerande direktør for Group of Eight, som er ein paraply for dei åtte fremste forskingsuniversiteta i Australia. Han seier til The Guardian at universiteta har endra korleis dei vil gjennomføre vurderingar i 2023.
Det inkluderer å ha eksamenar med tilsyn og fleire eksamenar med penn og papir.
– Det er avgjerande å endre vurderingsmetodane, og dette arbeidet er pågåande hjå universiteta våre, i det vi freistar å kome føre utviklingane innan kunstig intelligens, seier Brown til The Guardian.
Avisa peikar på at mellom andre Universitetet i Sydney har endra retningslinjene sine, og definerer no å «generere innhald ved hjelp av kunstig intelligens» som juks.
Bekymringsmelding til Stortinget
Dei australske universiteta er ikkje dei einaste som tek grep etter at ChatGPT vart lansert. Skular i New York har allereie varsla at dei forbyr chatboten.
Tidleg i desember sende Landslaget for norskundervisning bekymringsmelding til stortingspolitikarane om ChatGPT. Lærarane var uroa for at chatboten på sikt vil truge skrive- og lesedugleiken, demokratiet og ny idé- og kunnskapsutvikling, ifølgje NRK.
Reaksjonane på chatboten er ikkje udelt negative. Nokre peikar òg på at han er ei spennande utfordring, som på sikt kan verte eit pedagogisk hjelpemiddel.
Mange spår likevel at eksamensformene kjem til å verte endra, også i Noreg:
– Roboten kjem nok til å endre ein del ting. Det vert sikkert også meir munnlege eksamenar og eksamenar utan hjelpemiddel, seier Ola Kvaløy, dekan på Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger til TV 2.
- Visste du at regjeringa skal teste nye eksamensformer? – Dagens eksamensform er gamaldags, urettferdig og lar ikkje elevane vise kva dei faktisk kan.