Forfatterforeningen reagerer på KI-roman: – I beste fall middels
Storytel har lansert ein roman av KI-forfattaren «Rosy» (22). Forfatterforeningen fryktar det vil gå ut over kvaliteten til lesarane og åndsverka til forfattarane.

– Vi fryktar ein situasjon der språkmodellane blir ein konkurrent til levande forfattarar, stemmeskodespelarar og omsetjarar. Ikkje fordi dei er betre, men fordi dei er billige og kan levere endelaust mykje materiale på kort tid.
Det skriv leiar i Forfatterforeningen, Bjørn Vatne, på e-post til Framtida.no.
Desse KI-verktøya har blitt brukt:
For å skape New Horizon
- Historieskriving: Claude 3, ChatGPT 4
- Plott, karakterutvikling, verdsbygging og skriving: Sudowrite, Claude 3, ChatGPT 4
- Biletgenerering: Midjourney
– I beste fall middels
Han har lytta gjennom den engelske lydboka New Horizon, som er ei samling korte noveller frå lydbokappen Storytel. Det spesielle er at forfattaren «Rosy» (22) er kunstig intelligens.
Det har vore eit eksperiment, men boka er no publisert som lydbok og tilgjengeleg for lytting. Tanken var at KI skulle vere ansvarleg for å skrive, omsetje, lese og illustrere eit heilt verk. Rammeverket var å lage ein futuristisk roman på svensk, dansk, finsk og engelsk som handlar om kjærleik og forhold i ei KI-driven verd, med ungdom som målgruppe, ifølgje Storytel sjølv.
– Kvaliteten er i beste fall middels, men om ein ikkje visste at det var ein KI som skreiv og leste, kunne ein bli lurt til å tru at det var eit menneske som sto bak, meiner leiaren i Forfatterforeningen.
Boka er tydeleg merka som laga av KI, men Vatne stiller seg spørsmålet: Kva om det ikkje var det?
Han er uroa for at Storytel eller andre finn ut at dette er ein billig og enkel måte å lage ei mengd innhald «av slapp kvalitet, som dei kan tene meir på enn om dei må betale forfattarar for arbeidet sitt».
– Og det aller verste: Desse språkmodellane er trente på materiale skrive av levande forfattarar, utan at dei har fått betalt for bruken av verka sine. Det aksepterer vi ikkje.
Interessant eksperiment
Han meiner at forbrukarane kan kome til å senke krava til kvalitet og bli trent opp til å akseptere ein ny, lågare standard.
– Det er eit interessant eksperiment frå Storytel, som også er skremmande på fleire vis.
Han viser til at marknadskreftene er sterke, og at pris og tilgjengelegheit utkonkurrerer det som er best for oss.
– Difor må vi no snakke om kvifor menneskelege forfattarar er viktige for samfunnet, og korleis vi kan motverke ei slik utvikling.
Tydeleg merking
På e-post til Framtida.no forklarar innhaldssjef Helena Gustafsson i Storytel, at New Horizon er eit eksperiment for å utforske både moglegheitene og utfordringane med KI i litterær samanheng.
– Vi ville teste ulike KI-verktøy for å betre forstå grensene og moglegheitene.
Medan KI kan by på fordelar som auka tilgjengelegheit og effektivitet, reiser det også viktige etiske spørsmål om påverknad på kulturell kvalitet og djupne.
Selskapet samanliknar samarbeidet med KI-forfattaren «Rosy» som å jobbe med ein uerfaren debutant.
– Som forlag har vi prøvd å ikkje involvere oss for mykje i skrivinga for verkeleg å teste kva KI kan gjere. Men vi er overtydde om at menneskeleg innsats er heilt nødvendig for å skape ei fengjande forteljing.
- Les også: Dette er verdas fyrste Miss AI
Lovverket må følgje med
Ho meiner også det er viktig å vere opne og tydelege på kva som er KI-generert, og fortel at dei har innført eit nytt globalt initiativ for å standardisere korleis ein kategoriserer og merkar innhald som er produsert med hjelp av KI.
Når det gjeld kritikken om manglande kompensasjon til forfattarar som får verka sine brukte i KI-trening, påpeikar Storytel at utviklinga går fort.
– Som med alle teknologiske revolusjonar må lovverk og juridiske standardar utviklast i takt med endringane, seier dei.
- Les også: I Bokhylla: Noor H. Eckhoff vil ha Henriette Steenstrup i hovudrolla dersom boka skulle bli film
– Ikkje ein motivasjon eg respekterer
Vatne i Forfatterforeningen meiner KI kan vere til nytte for forfattarar i idéfasen.
– Men reine KI-forfattarar? Eg ser verkeleg ikkje kva vi skal med dei. Det finst eit stort mangfald av levande forfattarar, som har kjent på korleis det er å vere menneske og brenn etter å formidle den opplevinga. Som vil spørje store spørsmål, undre seg over verkelegheita, drive nybrottsarbeid med språket vårt. Vil vi at KI skal bestemme kva vi snakkar om rundt middagsbordet? Det einaste argumentet for å bruke KI til å skrive litteraturen for seg, er at ein språkmodell arbeider nesten gratis, og det er ikkje ein motivasjon eg respekterer.
Storytel fortel at dei ikkje ser føre seg at KI kan erstatte menneskelege forfattarar.
– KI er eit fantastisk verktøy for planlegging og strukturering av arbeidet som forfattar eller forleggar, men kan ikkje erstatte menneskeleg kreativitet sidan det manglar den emosjonelle djupna og perspektiva som berre kjem frå levd erfaring.