Kor mykje veit Google og Facebook om deg? Slik sjekkar du det enkelt

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2020 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Facebook, Google, Apple og Amazon: Desse fire store teknologiselskapa har opparbeidd seg økonomisk og politisk makt på ein skala vi ikkje har sett maken til.

Dei to første, Facebook og Google, har nettopp aggressiv datainnsamling som forretningsmodell. Jo meir informasjon du legg igjen på Facebook, desto meir pengar kan Facebook tena på å selja annonsar til aktørar som vil påverka deg.

Men medan desse store selskapa tidlegare kunne skilta med stor tillit i befolkninga, har folk dei siste åra blitt langt meir kritiske til dei digitale gigantane, ikkje minst på grunn av ei lang rekke personvernskandalar.

Pokémon Go blei ein braksuksess, og både Erna Solberg og Trine Skei Grande har vore ivrige brukarar. Seinare viste det seg at spelet tente pengar på eit litt anna vis enn dei gav inntrykk av. (AP Photo/Kin Cheung, File)

Slik sjekkar du

Heldigvis har større skepsis blant folk, og større reguleringsiver blant mange politikarar, gjort det enklare å få innsyn i desse selskapa. Slik sjekkar du kva data selskapa har lagra om deg:

Facebook: Klikk på pila oppe i høgre hjørne, og trykk deg inn på innstillingar -> din Facebook-informasjon, og følg den enkle rettleiinga.

Google: Gå først til takeout.google.com. Deretter er det berre å plukka ut den informasjonen du vil ha tilgang til, og lasta ned.

Apple: Gå til privacy.apple.com, og logg inn. Be om ein kopi av informasjonen din.

Amazon: Gå først inn hit, og logg inn. Deretter er det berre å be om ei nedlasting av informasjonen din.


 

SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes meiner vi står i fare for å bli industriarbeidarar for Facebook og Google. Foto: SV


Les også om SV-nestleiar Torgeir Fylkesnes som åtvarar mot overvakingsøkonomien:
– Vi er i ferd med å bli industriarbeidarar for Facebook og Google alle mann.