Vendel-Agathe (23) tviheld på dialekta: – Skjønte ikkje kor lite andre forstod

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Brit Mæhlum trur det framleis kan finnast negative tendensar knytt til det å snakke dialekt i Noreg i dag, sjølv om det vert kalla eit dialektparadis. Foto: privat / NPK

– Vi kan ikkje seie noko statistisk om kor bevisste unge er på å halde på dialekten når dei flyttar, men det er klart at klimaet for dialektbruk er mykje meir positivt i dag enn for femti år sidan, seier Brit Mæhlum, professor emerita i nordisk språkvitskap, til Nynorsk pressekontor.

Ho meiner at mangel på forsking på dette området dei siste åra er grunnen til at det finst lite konkret informasjon om korleis unge frå distrikta held seg til talespråket sitt når dei flyttar til større byar.

Meir positivt dialektklima enn tidlegare

Eit historisk tilbakeblikk viser at det ikkje er lenge sidan det var vanleg å ta i bruk eit slags standardtalemål når ein flytta frå bygd til storby for å studere. Først på 60-70-talet vart det større aksept for å snakke som ein ville.

I dag vert dialektar brukt på både uformelle og formelle arenaer, også i politikken og i radio og tv, noko som skil Noreg frå mange andre land der aksepten ikkje er like stor for dialektbruk.

I ei undersøking blant 604 ungdommar på Austlandet og Vestlandet, svarer berre om lag 19 prosent at dei er einige i påstanden om at det er problematisk med mange dialektar i Noreg. 56 prosent er einige i at det er udelt positivt med mange dialektar. Å snakke Oslo-dialekt vart vurdert som litt kulare.

Dialektbevisst

Vendel-Agathe Hide (23) frå Gjerdsvika utanfor Ulsteinvik, flytta til Oslo i 2017 for å gå på folkehøgskule. Sidan har ho vore student på Ås. Dialektutfordringar fekk ho raskt kjenne på då ho flytta frå heimbygda, men bestemte seg tidleg for å halde på dialekten sin.

Vendel-Agathe Hide har budd på Austlandet sidan 2017. Ho tar ei lektorutdanning i realfag på Ås, og vil gjerne flytte heim igjen etter studietida. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim / NPK

– Eg hadde eigentleg bestemt meg allereie før eg kom til folkehøgskulen at eg ikkje skulle utvatnast. Men eg skjønte ikkje kor lite andre forstod av dialekten min før eg faktisk kom på folkehøgskule, og begynte å seie ord som «låkt» og «me». Eg vart litt overraska over kor lite som faktisk kom igjennom, seier ho.

Ho nytta aldri andre ord for å forklare noko, enn dei ho elles ville ha nytta.

Utdanningsstaden Ås har stor openheit for at ein kan vere stolt av heimstaden og dialekten sin, ifølgje Hide. Likevel vert det ofte gjort eit poeng ut av at ho snakkar annleis, og at folk ikkje forstår kva ho seier. Men ho er standhaftig i talespråket sitt.

– Det er ein stor del av identiteten min at eg har den dialekten eg har, og det viser kor eg er ifrå.

Ikkje like roseraudt som ein skulle tru

Trass auka status for dialektar, trur Brit Mæhlum at nokre av tendensane frå tidlegare heng igjen i samfunnet. Til dømes trekker ho fram eit slags dialekthierarki, der nokre dialektar er meir prestisjefulle enn andre. Dette kan påverke om ein held på dialekten eller ikkje.

– Nokre er meir stolte over dialekten sin enn andre, seier ho.

Ho trur også at unge framleis endrar språket når dei begynner å studere, men at dette ikkje vert knytt til det å klatre sosialt i like stor grad som tidlegare. Og ho trur ikkje dette berre gjeld studentar, men unge generelt som kjem til større byar.

Assosiasjonar som er knytt til ulike dialektar kan vere ein av grunnane.

– For mange er det behageleg å dempe, eller å legge bort dialekttrekk, for å sleppe assosiasjonane. Det handlar om å unngå å bli gitt ein identitet som ikkje er ønskeleg.

Mæhlum har ei hypotese om at Oslo kan vere hovudstad også for desse tendensane i dag. Oslo forvaltar liksom eit prestisjespråk, og det har vore legitimt å ikkje forstå kva andre seier, ifølgje forskaren. Ho understrekar at dette er meir ei allmenn betraktning ho har, og at det ikkje finst statistikk på dette.

Meir kommunikasjon, mindre dialektforskjellar

Språkendringar generelt kan ha mange årsaker i dag. På nettsida si, skriv læreverket Kublakan mellom anna at meir kommunikasjon mellom folk gir mindre dialektforskjellar. På grunn av moderne teknologi, sosiale medium og meir reising kan språkkontakten i dag også skje over større avstandar enn før.

Og rundt hovudstaden skjer det ei regionalisering – mange dialektar i området rundt nærmar seg oslodialekta.

– Nokre stader, som i Valdres og Hallingdal, skjer det ei dramatisk utvikling. Så det er jo i strid med den veldige dialektparadis-førestillinga, meiner Brit Mæhlum.

Dette seier lite om i kva grad unge legg om når dei kjem til byen, men viser korleis ein kan verte påverka av andre måtar å snakke på.

Legg om for å verte forstått

Marthe Helen Farstad (25) frå Valderøya utanfor Ålesund la om etter at ho flytta til Trondheim i 2017 – sjølv om ho synest dialekt er viktig, og eigentleg hadde ønske om å snakke som ho gjorde heime.

Marthe Helen Farstad (25) studerer sosial arbeid i Trondheim, og endrar tidvis ord og setningar for at folk skal forstå henne. Foto: Privat / NPK

Det er enkeltord ho først og fremst byter ut, og ho gjer det for å verte forstått. I starten var det unaturleg å bruke dei, men no ligg orda meir ubevisst i språket.

– Det som er litt dumt er jo at når eg først legg om eit ord, så er det vanskeleg å gå tilbake. Til dømes om eg bruker «låkt», som betyr vondt på mi dialekt, eller «gjenge» i staden for går, kjem ingen til å forstå kva eg seier. Når du gjer det nok gonger, skjer det litt automatisk.

Det er oftast austlendingar som kommenterer på ord dei ikkje forstår, ifølgje Farstad.

Dette semesteret er ho praksisstudent i Orkanger, og har merka at også setningsoppbygging og uttrykk no pregar dialekten meir, ettersom ho møter enda fleire med brei trønderdialekt der.

Til dømes merkar ho at uttrykk som «er du klar?», som tyder «er du sliten?», ikkje er like framandt å ta inn i vokabularet som tidlegare.

Personavhengig

Brit Mæhlum meiner at det sosiale miljøet ein kjem inn i har stor betydning for om ein held på talespråket. Og trass tendensane i samfunnet, meiner ho at språkmedvit til sjuande og sist er individuelt bestemt.

– Det varierer veldig, for det er klart at nokre nesten får eit kick på at dei i alle fall skal prate dialekt, og halde på han når dei reiser bort.


Artist Synne Vo pratar gudbrandsdalsdialekt. Ho er veldig bevisst på språket sitt og nektar å knote. Foto: Thor Håkon Ulstad/WMG