Den islandske rapparen GKR flytta til Bergen: – Eg jobbar framleis med å forstå kva dei seier her

Dagny Backer Johnsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han blir kalla ein pioneer innan islandsk hip–hop. Han vunne prisar, og fått internasjonal merksemd.

I fjor flytta Gaukur Grétuson til Bergen for å jobbe med musikken.

Byrja å rappe grunna einsemd

Første gongen Gaukur Grétuson (28) brukte rap namnet sitt GKR, var det på spelet counterstrike. Då han seinare byrja som artist under same namnet, var hovudmålet å dele kjenslene sine og å få kontakt med andre.

– Då eg starta å rappe var det for å komme ut av einsemda mi, og det var nok også ein del av meg som også bli sett. Dei to tinga heng ofte saman – du kjenner deg einsam og derfor vil du at nokon skal sjå deg.

Det same målet har han endå.

– Eg kjenner framleis ofte på dei kjenslene, seier artisten.

Noko av det han likar best med musikk er korleis den triggar oss menneske emosjonelt, og at ein kan knytte minner og kjensler til spesifikke songar.

Forlét alt

GKR hadde tenkt på flytte til Noreg ei stund, men var i eit forhold på Island. Då han og kjærasten slo opp i fjor var det ingenting som heldt han tilbake lengre.

– Eg hadde eit nettverk i Bergen frå før. I 2019 blei eg booka av Kjartan Lauritzen for å varme opp for han i Bergen. Same år blei eg kjent med Boy Pablo då dei spelte på Island. Alle eg blei venner med sa at eg måtte komme til Bergen, seier han og held fram:

– I fjor hadde eg ingenting å tape, så då greip eg sjansen.

Hovudgrunnen til at han flytta var at han ville ha fokus på musikken.

– Når du lagar musikk og får merksemd, blir du ein offentleg person på eit vis. Viss folk ikkje høyrer frå deg på ei stund, trur dei kanskje at du ikkje gjer noko, eller at du har slutta. Men det er mykje arbeid som skjer i stilla.

Sjølv om han berre har vore her i nesten eit år, har han gjort masse. I mars år slepte han låten Himinn saman med Gabifuego (bror til Boy Pablo), og har produsert låten Nær meg for Ingo og Gabben.

I sommar skal han mellom anna spele på Balestrand Badeklubbfestival, Høyden festivalen og på Vill Vill Vest i september.

– Eg har også laga veldig mykje musikk i det siste, som sannsynlegvis kjem ut mot slutten av året.

Fokk og okay

Etter eit år i Bergen har Grétuson fått inntrykk av at ein rappar om mykje det same i Noreg og på Island, men:

– Eg jobbar framleis med å forstå kva dei seier her.

– På Island er det også nokre populære grupper som for eksempel Reykjavíkudætur (døtrer av Reykjavik) som rappar om feministiske tema og «female empowerment». Det trur eg er mindre vanleg blant dei mest populære artistane i Noreg.

Sjølv rappar han om kjensler, og av og til tøffar han seg. I Bergen jobbar han i bar for å få hjula til å gå rundt, og litt etter litt forstår han meir og meir av språket.

Gaukur Gretuson (28) rappar under artistnamnet GKR. Første gong han brukte namnet var på spelet Counterstrike. Foto: Dagny Backer Johnsen

Då han starta å rappe i 2012 var det mange i Reykjavik som rappa på morsmålet. Islendingane er kjend for å vere glad i språket sitt, og har konservativ språkpolitikk for å beskytte språket.

Som oftast finn islendingane nye kreative ord for engelske lånord. Eit eksempel på dette er det islandske ordet tölva som tyder datamaskin. Nyordet er samansett av ordet volve som tyder spåkone og tölur som tyder tal.

GKR har ikkje noko favorittord på islandsk, men har synest det er morosamt at fokk (fuck) og ókay (ok) no har fått plass i den islandske ordboka, noko han skuldar internett for.

– Eg veit ikkje heilt om «shit» er der enno, seier han med glimt i auget.

Endå han synest det er morosamt at nokre engelske ord har snike seg inn i det islandske språket, er rapparen veldig glad i morsmålet sitt:

– Eg trur at om hundre år kjem vi til å snakke ganske annleis ein det vi gjer no. Det synest eg er litt trist å tenke på.


Resa Safa Park. Foto: Kristian Engelsen