Karsten Warholm får Dialektprisen 2022
Hekkeløparen frå Sunnmøre får prisen for å vere ein stolt ambassadør for dialekta si.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tobias Christensen Eikeland er nyvald leiar i Norsk Målungdom. Foto: Norsk Målungdom
– Han er ikkje berre verdsmeister i hekk, men òg i dialekt.
Det uttalar leiaren i Norsk Målungdom, Tobias Christensen Eikeland, i ei pressemelding. Kvart år kårar Målungdomen eit dialektføredøme for ungdom.
Warholm får prisen for å vere ein stolt ambassadør for dialekta si, heiter det i grunngjevinga frå juryen. Han blir rekna som ein av Noregs største idrettsutøvarar, og har henta heim både EM-, VM- og OL-medaljar.
Prisen har tidlegare gått til mellom andre YouTube- og TV-profil Victor Sotberg og artist Per Áki Sigurdsson Kvikne, betre kjend som Kjartan Lauritzen.
Her kan du sjå lista over tidlegare vinnarar av Dialektprisen!
– Ein del av identiteten min
– For meg er det naturleg å halde på dialekta mi, sjølv om eg har flytta frå Ulsteinvik og Sunnmøre, fortel Karsten Warholm i pressemeldinga.

Karsten Warholm frå Ulsteinvik får Dialektprisen 2022. Foto: Jógvan Helge Gardar / Norsk Målungdom.
OL-vinnaren har flytta til Oslo, og har vunne meisterskap verda over, men har ikkje lagt frå seg sunnmørsdialekta av den grunn.
– Det er ein del av identiteten min, og eg finn det naturleg å snakke slik eg alltid har snakka, sjølv om eg har flytta til ein annan kant av landet, seier Warholm.
Hekkeløparen innrømmer likevel at det ikkje alltid er like enkelt å halde på dei mest typiske dialektorda, for det er ikkje alltid han blir forstått utanfor heimplassen.
– Men eg tør påstå at dei fleste dialektorda har eg framleis i vokabularet mitt.
Fakta
- Dialektprisen vart delt ut for første gong i 2001, og blir delt ut kvart år av landsstyret i Norsk Målungdom.
- Prisen går til eit dialektføredøme for ungdom.
- Det er den einaste språkprisen som blir delt ut av språkengasjerte ungdommar.
- Dialektprisen 2022 vart delt ut på Det Norske Teatret laurdag 5. november.