Fleire dialektar er i ferd med å døy ut – sjå kven som er flinke til å halde på dialekten

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hallingdølen har i det siste dokumentert korleis bruk av hallingdialekten er i sterk nedgang mellom unge hallingar. Så alvorleg er tilstanden for dialektane at avisa illustrerte det med ei dødsannonse på framsida av papiravisa.

Denne framsida i Hallingdølen har skapt stort engasjement og mange fryktar no at hallingdialekten er i ferd med å døy ut. (Trykk på biletet, så vert det større.)

Saka har gått viralt og er blitt heftig debattert den siste veka.

– Det har vore eit sjeldan stort engasjement blant lesarane våre etter at vi la ut saka med dødsannonsen. Folk i alle aldrar har engasjert seg og vil vere med i debatten, seier redaktør i Hallingdølen, Lillian Holden.

Ho seier at det enorme engasjementet gir eit lite håp for framtida til dialekten, men at det er ingen dei har snakka med som klarer å forklare kvifor dialekten er i ferd med å forsvinne.

– Det kan vere at dialekten har låg status, men det er ingen som heilt kan gi eit konkret svar på kvifor dei unge sluttar å snakke dialekt, seier redaktøren.

Fleire dialektar står for fall

Språkforskar Arne Torp har fått med seg at fleire dialektar no er i ferd med å døy ut.

– Det er ingen tvil om at både hallingdialekten og valdresdialekten er i ferd med å forsvinne. Mange av dialektane i Telemark står også svakt, seier Torp.

Språkforskar Arne Torp har studert norske dialektar i ein mannsalder. Foto: Kjell Åsmund Sunde

Han er sjølv frå Tvedestrand og har halde godt på dialekten sjølv etter mange år i hovudstaden.

– Men dei som veks opp i Aust-Agder, har ikkje lengre nokon dialekt, så denne dialekten er også i ferd med å døy ut.

Ein av dei dialektane som i følgje språkforskaren held seg bra, er gudbrandsdalsdialekten.

– Det er tydeleg at folk her er tryggare på dialekten sin og lét seg ikkje i så stor grad påverke av andre dialektar.

Torp peikar også på at trønderar og nordlendingar er flinke til å halde på dialekten sin.

– Spesielt nordlendingane har ein sterk identitet, og her står dialektane framleis sterkt, seier han.

Sogndølar i endring

Språkforskar Ragnhild Lie Anderson har forska på sogndalsdialekten og funne ut at den er i sterk endring.

Førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk, Ragnhild Lie Anderson, har lenge forska på sogndalsdialekten og har merka seg at dialekten er i sterk endring.

– Sogndal er ei populær bygd og har mange innflyttarar. Det er difor ikkje så overraskande at dialekten er i endring, seier Lie Anderson.

Ho sit på unike opptak av sogndølar og har blant anna gjort opptak av eit ungdomsskulekull frå 2001 og eit frå 2016. Her er det spesielt eit språkleg trekk som skil seg ut.

– Den karakteristiske ao-lyden er i ferd med å døy ut for unge sogndølar. Stadig færre sogndølar seier no «spraok» eller «stao pao», seier ho. Andre endringar som ho har lagt merke til er at folk i større grad brukar «vi» i staden for «me» og at fleire no seier «snakke» i staden for «snakka».

– Det er ikkje tale om at dialekten er i ferd med å døy ut, men det er relativt store endringar vi her er vitne til, seier språkforskaren.


Les også intervjuet med Synne Vo, som skriv songar på dialekt og nektar å knota: – Viktig at folk ikkje tenker dei må tilpassa seg majoriteten, men tør å utsetje andre for dialekta si.

Artist Synne Vo pratar gudbrandsdalsdialekt, ei av dialektane som held seg bra. Ho har tidlegare fortalt Framtida.no at ho er veldig bevisst på språket sitt og nektar å knote. Foto: Thor Håkon Ulstad/WMG