Patagonia-sjefen gjev vekk selskapet – vil redde planeten frå klimakatastrofe

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Friluftsgiganten Patagonia er verdsett til kring 30 milliardar norske kroner, og tener kring 1 milliard kroner kvart einaste år på å selje jakker, skibukser og anorakkar.

No har grunnleggjaren Yvon Chouinard (83) og familien hans gjeve frå seg heile eigarskapen til selskapet for å kjempe mot klimakrisa og verne naturen.

– Vi skal gje vekk så mykje pengar som mogeleg til folk som aktivt arbeider for å redde planeten, seier Patagonia-sjefen til The New York Times.

Jorda sine ressursar er ikkje endelause

Chouinard-familien har oppretta ei stifting som heiter Patagonia Purpose Trust og ein ideell organisasjon som heiter Holdfast Collective. Førstnemnde får alle aksjane som inneber stemmerett i selskapet (kring 2 prosent), medan Holdfast Collective får alle aksjane utan (kring 98 prosent).

Heile overskotet frå Patagonia kjem til å gå til Holdfast Collective, som skal bruke pengane på klimaløysingar og naturvern.

– Sjølv om ho er enorm, så har ikkje jorda endelaust med ressursar, og det er klart at vi har gått utover grensene hennar. Men ho er òg motstandsdyktig. Vi kan redde planeten om vi forpliktar oss til det, uttalar Chouinard i ei pressemelding.


Foto frå storfilmen «Don’t Look Up». Cate Blanchett og Tyler Perry speler nyheitsankarar. Leonardo DiCaprio og Jennifer Lawrence speler forskarar og åtvarar om at ein meteor vil treffe og øydelegge jorda. Foto: Cr. Niko Tavernise / Netflix © 2021