Men til middag hadde Andrine Hanssen-Seppola (19) invitert Freddy Mercury, Henrik VIII av England, Platon og Margrete den første på norsk biff.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg håpar å vera ein lagbyggar som ser dei rundt meg. Margaret Thatcher er kul, sjølv om ho har feil politisk farge.
Det svarar Senterungdommen sin nyvalde leiar, Andrine Hanssen-Seppola, på spørsmål om kven ho vil vera som leiar og kven som er hennar leiarførebilete.
På Senterungdommen sitt landsmøte 18.–20. november vart 19-åringen frå Tromsø valt til å ta over leiarvervet etter Torleik Svelle.
- Les også: Ungdomspartia trillar terning på statsbudsjettet: Glade for utstyrsstipend, skuffa over klima
Rassikring, psykisk helse og nei til EU
Den største sigeren på landsmøtet var for Hanssen-Seppola at liv og helse skal vera førsteprioritet i samferdsel.
– Rassikring må gå framfor at byfolk skal koma seg fem minutt raskare frå A til B. Det nyttar heller ikkje å ha mange el-bussar om vegen er for dårleg og utrygg til å køyra på, og her skal vi i Senterungdommen gå føre, skriv Hanssen-Seppola.
Det komande året vil ungdomspartiet jobba spesielt for tre kjernesaker:
- Unge i heile landet. Alle skal ha høve til å leva gode liv i heile landet.
- Psykisk helse. Vi har ingen fleire å miste.
- Nei til EU og EØS – ja til folkestyre, tryggleik og nasjonal kontroll!
– Kva er den største skilnaden mellom Senterungdommen og Senterpartiet?
– Vi er endå litt meir offensive, og er nok tydelegare på klima og miljø. Samstundes så plar Senterpartiet å ta etter Senterungdommen, og ikkje motsett, svarar Hanssen-Seppola, som vil kjempa for gjennomslag for unge og klima på Senterpartiet sitt landsmøte.
- Les kva Andrine Hanssen-Seppola og dei andre ungdomspolitikarane ville meldt inn som Noregs klimamål
EU-motstand og tog i nord
Om ho vakna opp til si draumenyheit i morgon, skulle det stått: «Liv i heile landet: fråflytting er blitt til tilflytting».
Engasjementet for distrikta er ein raud tråd i Hanssen-Seppola sitt engasjement.
– Som nordlending kjende eg høgreregjeringa si sentralisering på kroppen. Nord-Noreg og utkantane var alltid taparen. Makt, ressursar og pengar blei eksportert ut av landsdelen min, og kom aldri tilbake. Eg ville vera med å snu den utviklinga, og det er godt i gang med Senterpartiet i regjering.
– Kva er dine hjartesaker?
– Eg melde meg inn i Senterungdommen fordi eg er EU-motstandar, synest at by og bygd er like viktige og fordi eg ville byggja Nord-Noregbanen. Senterungdommen kan anbefalast.
- Les også: Senterungdommen vil kutte EØS-midlar
Sport, mat, lesing og podkast
– Kva gjer du på fritida?
– Eg lagar mat og baker, er sportsinteressert og likar å syngja! Også har eg fantastiske vener som eg heng med.
– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?
– Eg les mykje bøker. Nokre gonger forsvinn tida heilt.
– Korleis held du deg oppdatert?
– Høyrer på podkast og les aviser kvar morgon. Papiraviser er undervurderte!
Norsk biffmiddag
– Kva er idealsamfunnet og korleis skal vi nå det?
– Eit samfunn der alle lever like gode liv i by og bygd, der alle har like gode høve uansett kor mykje foreldra tener, kor dei kjem frå, kva dei trur på, kven dei elskar og kva kjønn dei har.
– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?
– Det måtte blitt eit middagsselskap for ein historienerd som meg. Eg hadde invitert Freddy Mercury, Henrik VIII av England, Platon og Margrete den første. Det er sjukt interessante personar som eg trur hadde hatt godt av å nyta ein saftig, norsk biff (med meg)!
– Kva for ei bok burde alle lesa?
– No er eg akkurat ferdig med «Why We Sleep» av Matthew Walker, og eg har funne ut at eg skal stoppa å binge seriar og sova litt meir – for å seia det slik.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Må jo bli The Vampire Diaries, for evig og alltid. For ein konge serie! Og så må alle og kvar ein nyta at Jul på Månetoppen er tilbake på NRK.
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Sweet Child O’ Mine av Guns N’Roses
Andrine Hanssen-Seppola
- Alder: 19
- Personleg pronomen: ho/henne
- Frå: Tromsø/Tromssa (kvensk), og halvt finsk
- Yrke/utdanning: Student
- Favorittfag på skulen: Historie
- Ulike verv: Politisk nestleiar i Senterungdomen, fungerande leiar i Senterungdomen, sentralstyremedlem i Senterungdomen, lokallagsleiar og nestleiar i Troms Senterungdom og no vararepresentant til Stortinget