Grøn Ungdom rår gamle, konservative til å lese ei sjølvhjelpsbok

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mi smalaste hjartesak er kanskje at eg ynskjer ein sentralbankreform som gjer sentralbanken meir uavhengig frå staten. Eg ser jo at det ikkje vert fakkeltog for den saka, men men, fortel Tobias Stokkeland på e-post til Framtida.no.

Det vert kanskje ikkje fakkeltog for 22-åringen si smalaste hjartesak, men det er nok meir allment engasjement for dei øvrige hjartesakene hans, nemleg klima, ruspolitikk og utviklingspolitikk.

Vil gjere politikk meir gøy

22-åringen frå Kristiansand er nyvald talsperson for Grøn Ungdom, saman med Ulrikke Torgersen. Han meiner det er fint med to talspersonar fordi det er viktig at folk i organisasjonen har to personar av ulikt kjønn å sjå opp til:

– Det tyder at det er fleire som kanskje kan sjå seg sjølv i oss og tenke at dei òg kan drive med politikk. Ein annan stor fordel er at vi kan vere to stadar samstundes og bygge opp to profilar samstundes, fortel Stokkeland.

Sjølv håpar han å vere ein leiar som vågar å stå opp for det som er rett, sjølv om det er vanskeleg.

– Eg håpar også å vere ein som gjer politikk litt meir gøy enn det av og til kan vere i dag.

– Kven er leiarførebiletet ditt?

– Kjedeleg svar, men eg ser veldig opp til Une Bastholm, og måten ho klarar å vere ein samlande leiar heile partiet ser på som sin.

Tobias Stokkeland ser opp til Une Bastholm, som er leier av moderpartiet Miljøpartiet Dei Grøne. Foto: MDG

Eit samfunn der vi chillar litt meir

Tobias Stokkeland fortel at han alltid har vore oppteken av klima og miljø, men at det var oljekrisa og signeringa av Parisavtalen i 2015 som gjorde at han tok steget inn i eit politisk parti.

– Det vart veldig tydeleg for meg at det politikarane gjorde og ikkje gjorde dei neste par tiåra, kom til å få store konsekvensar, forklarar han.

Ei av dei tre viktigaste sakene for Grøn Ungdom anno 2021 handlar om å ta klimagrep:

– At vi skal ta klimakrisa på alvor, altså slutte å eksportere enorme mengder olje til andre land, medan vi ikkje eingong klarar å komme med konkrete tiltak som kuttar nok utslepp her innanlands.

Grøn Ungdom vil vidare arbeide for å skape eit likestilt samfunn, som sluttar å diskriminere basert på etnisitet, seksualitet, kjønn og kjønnsidentet, ifølgje den nyvalde talspersonen. I tillegg vil partiet få innført for ei rusreform:

– Gjerne ein som går endå lenger enn Solberg-regjeringa sitt forslag, men det viktigaste er at vi sluttar å straffe, og hjelper dei som treng hjelp.

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit samfunn der alle kan vere seg sjølv, og der vi chillar meir enn i dag.

Visepresident på indisk

– Kva gjer du på fritida/hobbyar?

– Eg er veldig glad i å springe og gå på ski, men det eg brukar mest tid på for tida er spelet GeoGuessr, der du vert sleppt ned på ein tilfeldig stad i Google Maps og må gjette kor du er!

GeoGuessr får også heider som den største tidstjuven i kvardagen hans.

Aaron Burr. Foto: John Vanderlyn/Wikimedia Commons/Offentleg

Om Stokkeland kunne invitert kven som helst til middag, så hadde han bede Aaron Burr. Han var den tredje visepresidenten i USA nokosinne, og hadde embetet frå 1801 til 1805.

I dag er Burr best kjend for å ha drepe tidlegare finansminister Alexander Hamilton i ein duell medan han framleis var visepresident.

– Eg er utruleg interessert i korleis det kan gå så gale med nokon som på papiret er eksepsjonelt respektabel. For å setje han litt ut ville eg ete sterk mat, til dømes indisk.

Visste du at suksessmusikalen Hamilton handlar om nettopp Aaron Burr og Alexander Hamilton? 

Sjølvhjelpsboka særleg gamle, konservative bør lese

Tobias Stokkeland fortel at han les altfor lite, men om det er ei bok han ville tilrådd, så er det The subtle art of not giving a fuck.

– Sjølvhjelpsbøker er ofte ganske teite, men eg trur spesielt ein del gamle konservative folk i det offentlege rom kunne hatt fint av å chille litt, og spare det å fyre seg opp til ting som betyr noko.

Sjølv held han seg oppdatert på siste nytt innan politikkverda gjennom å scrolle innom NRK, VG, The Economist, Aftenposten og å høyre på Aftenpodden. Alle andre oppdateringar får han gjennom TikTok.

Om han kunne vakna opp til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta sagt: «Ny FN-rapport seier at både klimakrisa og korona faktisk VAR ein konspirasjon. Alle kan no slappe av og kose seg.»

 

Fem kjappe:

HUND ELLER KATT? Hund.
Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? New York.
Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA?
Taco.
Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

GAME OF THRONES ELLER FRIENDS? Friends.
Foto: Helen Sloan/HBO, HBO Max.

ED SHEERAN ELLER BILLIE EILISH? Billie Eilish.
Foto: Harald Krichel/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0 , Lars Crommelinck Photography/Flickr/CC BY 2.0


Les også: Ane Breivik ville reist på harryhandel med Lars Sponheim

Ane Breivik hadde gjerne invitert tidlegare Venstre-leiar Lars Sponheim på middag. Foto: Caroline Roka, Venstre/Flickr/CC BY-SA 2.0. Privat.

Tobias Stokkeland

Frå: Kristiansand

Alder: 22 år

Yrke/utdanning: Talsperson Grøn Ungdom, nesten ferdig med bachelor i samanliknande politikk

Favorittfag på skulen: Samfunnsfag og gym

Ulike verv: Talsperson i GU, tidlegare sentralstyremedlem i same parti