Ane Breivik attvald som Unge Venstre-leiar: – Treng ikkje vere på TV kvar veke

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å vere ungdomspartileiar er eit stort ansvar, og eg har kjent på mykje prestasjonspress og tidvis tydd til overarbeiding, fortel Ane Breivik på e-post til Framtida.no.

På Unge Venstre sitt landsmøte førre helg, vart 24-åringen frå Bærum attvald som leiar.

Med eitt år i vervet bak seg, har ho lært å ta ting litt meir med ro og at det er viktigare kva ein gjer på lang sikt:

– Ein treng ikkje vere på TV kvar bidige veke, liksom.

Meir radikale enn moderpartiet

Sidan førre landsmøte, er ungdomspartiet sin største siger å ha fått mange gjennomslag i Venstre sitt lokalpolitiske program.

Eitt av forslaga Unge Venstre fekk igjennom, er at moderpartiet vil gjennomføre eit prøveprosjekt med regulert sal av cannabis i kommunar som ønskjer det. Breivik er særleg glad for gjennomslag på klimafronten.

Om ho skal samanfatte den største skilnaden mellom ungdomspartiet og Venstre, så er det at Unge Venstre er meir radikale.

– Men det kler oss godt, supplerer leiaren.

Dette er Unge Venstre si nye leiing: Hans Jacob Huun Thomsen (t.v.) er 1. nestleiar, Ane Breivik er leiar og Jens Håkon Birkeland er 2. nestleiar. Foto: Andreas Asphaug/Unge Venstre

– Formulert meg litt for krast til tider

Ane Breivik fortel at ho er særleg stolt av at Unge Venstre er i vekst, og stadig stiftar fleire nye lokallag.

– I tillegg har vi vore aktive i media og brote gjennom lydmuren fleire gongar. At Unge Venstre er med på å forme og bevege samfunnsdebatten gjev meg stor framtidstru!

– Kva er den største tabben du har gjort?

– Tidvis har eg formulert meg litt for krast. [Det er] ein lærdom at eg burde gå eit par rundar før eg melder ting som er på kanten …

Etter eitt år som leiar, sit Breivik att med lærdomar frå både tabbar og bragder. Ofte har ho tenkt at ho kanskje bør førebu seg betre før ho går inn i debattar, innrømmer ho.

– Kva råd skulle du ønske du hadde fått?

– Å avspasere meir.

Fleire unge inn i kommunestyra

Unge Venstre sine tre viktigaste saker i 2022 er: å kutte klimagassutsleppa, meir internasjonalt samarbeid og ein kunnskapsbasert ruspolitikk.

Neste år står lokalvalet 2023 for tur, og Breivik fortel at Unge Venstre skal kjempe for å få fleire unge inn i kommunestyra.

– Sånn at vi kan gjere norske kommunar og fylkeskommunar grønare og litt friare. Særleg fritt skuleval er det viktig at vert gjeninnført, sånn at elevar kan bestemme kor dei vil gå på skule sjølv.


– Kva er siste boka du las?

Da Venstre sprakk av Olav Garvik. Elles held eg på med både 80-talet av Ketil Bjørnstad og Bad Blood av John Carreyou.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– [Eg er] nettopp ferdig med heile sesong 5 av The Crown, og elles følgjer eg med på White Lotus. Må vel verte ein av dei!

I haust kom 5. sesong av Netflix-serien The Crown, om det engelske kongehuset. Foto: Keith Bernstein/Netflix

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Jiggle Jiggle-remiksen av Louis Theroux.


Helle Munthe-Kaas er leiar i Hyperion Norsk forbund for fantastiske fritidsinteresser. Foto: Pressefoto