COP27: – Frittalande, sjølvstendige, kritiske røyster har stort sett vorte stilna

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 26.10.2022 08:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

6. november startar klimatoppmøtet i Egypt. Titusenvis av delegatar frå heile verda, verdsleiarar som klimaaktivistar, skal møtest i Sharm el-Sheikh for å diskutere klimakrisa og – løysingar.

Men arrangøren Egypt møter krass kritikk. Dei stilnar røystene til miljøvernarane i landet.

– Fritalande, sjølvstendige, kritiske røyster har stort sett vorte stilna, sendt i eksil og påverka til å arbeide med trygge, mindre skadane miljøsaker som stemmer overeins med styresmaktene sine prioriteringar.

Det seier miljøsjef Richard Pearshouse frå Human Rights Watch til The Guardian, som først omtalte saka. Han meiner det ikkje lenger går an å prate om dei klimasakene styresmaktene ikkje likar

Berre klimasaker godkjende av styresmaktene

Human Rights Watch har intervjua 13 aktivistar, akademikarar, vitskapsmenn og journalistar som arbeider med miljøutfordringar i Egypt. Ingen har våga stille med namn.

Abdel Fattah al-Sisi var involvert i militærkuppet i Egypt i 2013, og vart president i landet i 2014. Foto: Ministry of Communications and Information Technology in Egypt/Wikimedia Commons/CC BY 4.0

Alle melder om eit smalare handlingsrom for sjølvstendig miljø- og klimaarbeid. Det vart særleg verre etter regjeringa til noverande president Abdel Fattah al-Sisi vart forma i 2014.

Ifølgje HRW er det ikkje lenger mogeleg for akademikarar og ideelle organisasjonar i Egypt å granske korleis bedrifter og militæret kan skade miljøet.

Samstundes er det meir toleranse for miljøsaker som samsvarar med styresmaktene sine prioriteringar, som fokus på resirkulering, søppelhandtering, fornybar energi og klimafinansiering.

Ein atmosfære av frykt

Kjeldene i rapporten skildrar ei fryktatmosfære, der dei har vorte utsette for trakassering og skremmetaktikkar. Dei har blitt arrestert og hatt problem med å få lov til å reise.

Den same fryktatmosfæren peika ei rekkje FN-ekspertar på i ei utsegn frå tidlegare i oktober. Dei var uroa for restriksjonane sivilsamfunnet i Egypt møter i forkant av klimatoppmøtet.

FN-ekspertane peika mellom anna på manglande informasjon om akkreditering, ei koordinert auke i hotellrom-prisar, tilbakehaldne visum og restriksjonar i forsamlingsfridomen utanfor COP27-lokalet.

Ber norske styresmakter rette merksemd mot vilkåra i Egypt

Norske Forum for utvikling og miljø (ForUM) misnøgde med situasjonen i landet.

ForUM rommar nærare 60 norske organisasjonar som er engasjerte i klima, miljø, utvikling, fred og menneskerettar.

I forkant av COP27 har dei sendt innspel til klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap). 

Dei peikar på at årets klimatoppmøte skjer i eit land der rommet for uavhengige og kritiske organisasjonar nesten ikkje eksisterar.

Egypt får 18 av 100 poeng på fridomsindeksen til Freedom House. Dermed vert nasjonen rekna som eit ikkje fritt-land.

På Economist Intelligence Unit sin årlege demokratiindeks var Egypt i 2021 rangert på 132.-plass, og definert som eit autoritært regime.

ForUM tek til orde for at norske styresmakter må rette merksemd mot vilkåra i Egypt før, under og etter COP27:

– Merksemda må søkje å bidra til at egyptiske aktivistar, organisasjonar og journalistar fritt har mogelegheit til å rapportere, undersøke, mobilisere, protestere og påverke rundt klima, miljø og alle andre samfunnsforhold utan frykt for illegitim handsaming frå egyptiske styresmakter, skriv organisasjonane.

Egypt: – Misvisande

Egyptiske styresmakter nektar for HRW-funna, og meiner rapporten er unøyaktig og baserer seg på vitnemål frå ukjende kjelder:

– Det er skammeleg og kontraproduktivt å gje ut slik ein misvisande rapport i ei tid der all innsats bør gå til å sikre ein suksessrik COP, som garanterer at globale klimaforpliktingar vert innførte og som set kursen for ein handlingsplan som konfronterer dei noverande klimautfordringane.

Det sa Ahmed Abu Zeid, talsperson for utanriksdepartementet i Egypt, i september.

Richard Pearshouse frå HRW peikar på at landet må ha press frå sivilsamfunnet. Elles kjem ein ikkje til å få den hurtige klimahandlinga ein treng frå klimatoppmøtet.

– Det vil vere ein grunnleggjande feil om diplomatar dreg til COP27 og tenkjer dei må trø forsiktig om menneskerettar for å sikre framgang i klimasamtalane, seier han til The Guardian.


Les også: Britiske George (25) om fracking: – Det er framtida til dei unge dei kjem til å øydeleggja

George Carrew-Jones (25) er engasjert i organisasjonen UK Youth Climate Coalition. Foto: UK Youth Climate Coalition