Klimatoppmøtet COP27 – ordlista du treng for å henge med

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimatoppmøtet COP27 – ordlista du treng for å henge med

Søndag 6. november starta årets klimatoppmøte i Sharm el-Sheikh i Egypt. Klimatoppmøtet, som ofte vert omtala som COP27, varar fram til 18. november.

Desse omgrepa bør du kunne for å forstå kva verdsleiarane, forskarane og klimaaktivistane pratar om.

Først av alt:

? Vêr eller klima?

Vêr viser til korleis vêret utanfor døra er no, i eit kortsiktig perspektiv. Det inkluderer temperatur, luftfukt, nedbør, skydekke, vind og sikt.

Klima er det gjennomsnittlege vêrmønsteret over ei lenger tidsperiode, vanlegvis 30 år eller meir.

?Global oppvarming eller klimaendringar?

Global oppvarming er ei auke i jordas gjennomsnittlege overflatetemperatur frå menneskeskapte utslepp av drivhusgassar.

Klimaendringar er langsiktige endringar i klimaet på jorda, og inkluderer meir enn den gjennomsnittlege overflatetemperaturen.

Animasjon: Anna Nemeckova


Så, til omgrepa du bør kjenne til – sortert alfabetisk:

CO₂-ekvivalent

Det er ikkje berre karbondioksid (CO₂) som vert rekna som klimagass, det same vert og til dømes metan (CH4), lystgass (N2O) og fluorgassar (HFK, PFK og SF6). Desse bidreg òg til menneskeskapte klimaendringar, og har ulik effekt og levetid i atmosfæren.

For å kunne samanlikne utslepp på tvers av gasstype, så vert alle gassane rekna om til ei felles måleeining, nemleg CO₂-ekvivalentar.

Til dømes bidreg utslepp av éin kilo lystgass 298 gongar meir til global oppvarming enn utslepp av éin kilo CO₂ over ei hundreårsperiode. Med andre ord har éin kilo lystgass 298 CO₂-ekvivalentar.


Conference of the Parties (COP)

Dette er det årlege klimatoppmøtet. Det er ei samling av land som har slutta seg til FNs Klimakonvensjon frå 1992 (UN Framework Convention on Climate Change) for å diskutere dei neste stega for å nedkjempe klimaendringar. Det første COP-et var i 1995.

Det neste er nummer 27 i rekkja, og heiter difor COP27. Det vert halde i Sharm el-Sheikh i Egypt.

Fjorårets klimatoppmøte vart halde i Glasgow. Det var det 26. klimatoppmøtet i rekkja, difor COP26. Foto: Alan Harvey, UK Government/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0


Det globale sør

Engelsk: The global south

Det globale sør viser til dei fattige utviklingslanda som har lågare inntekter og levestandard enn me har i Noreg.

Du kan sjå føre deg ein globus delt i nordleg og sørleg halvkule, men det er ikkje heilt korrekt. Australia vert til dømes ikkje rekna som eit land i det globale sør.


Drivhuseffekten

Drivhuseffekten er ein naturleg prosess som held jorda varm. Utan drivhuseffekten hadde den globale snittemperaturen vore -18°C, og alle verdshava hadde vore dekte av is.

Drivhuseffekten handlar om korleis stråling frå sola vert reflektert og absorbert på jorda. Mesteparten av energien som kjem frå sola til jorda er kortbølgja stråling, i form av synleg lys. Jordoverflata strålar òg, men fremst langbølgja stråling.

Problemet er at menneskeskapte klimagassutslepp forsterkar drivhuseffekten. Når mengda klimagassar i atmosfæren aukar, så slepp mindre stråling ut og temperaturen på jorda stig.

Vassdamp har størst drivhuseffekt, men konsentrasjonen av vassdamp vert ikkje direkte påverka av menneske. Indirekte har det noko å seie, for menneskeleg aktivitet som fører til eit varmare klima, fører òg til auka mengd vassdamp i atmosfæren, noko som igjen fører til auka temperatur.


FNs klimapanel

Engelsk: Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC)

FN-organet som tek seg av alt som har med klima å gjere. FNs klimapanel har i oppgåve å gje dei som utformar politikk vitskaplege vurderingar av klimaendringar, kva konsekvensar klimaendringane får og framtidige risikoar. I tillegg skal klimapanelet leggje fram forslag til klimatilpassing og skadeavgrensing.


Fornybar energi

Engelsk: Renewable energy

Fornybar energi er energikjelder som har sitt opphav i naturens eige krinsløp, og som vert kontinuerleg fornya – i mennesket sitt tidsperspektiv. Dei vert difor rekna som endelause. Desse påverkar klimaet i mindre grad, og er difor ein føresetnad for eit lågutsleppssamfunn og ei berekraftig utvikling.

Døme på fornybare energi er vasskraft, vindkraft, solkraft og bioenergi.

Foto: Alex Eckermann/Unsplash


Fossile brennstoff

Engelsk: Fossil fuels

Fossilt brensel, fossilt brennstoff, fossil energi – alle desse er samleomgrep som viser til  energikjeldene naturgass, olje og kol.

Desse har vorte danna gjennom millionar av år og finst naturleg i grunnen. Fossile brennstoff inneheld mykje karbon, og når dei vert brent frigjer dei difor mykje CO₂.


Førindustrielt nivå

Førindustriell tid viser ofte til perioden før industrialiseringa, som for alvor tok til på slutten av 1700- og starten av 1800-talet.

For førindustriell temperatur/nivå er det vanleg å bruke tiåra frå og med 1880.

Grunnen til at ein samanliknar med førindustriell tid er fordi forbrenninga av fossile brennstoff først skaut fart som del av den industrielle utviklinga.

Her kan du lese meir om korleis temperaturauken vert rekna ut.


Karbonbudsjettet

Engelsk: Carbon budget

Karbonbudsjettet syner kor mykje CO₂ menneskeleg aktivitet kan sleppe ut. Kvart år oppdaterer klimaforskarar verdas karbonbudsjett.


Karbonfangst og -lagring

Karbonfangst vil seie å fange CO₂ slik at det ikkje når ut i atmosfæren. Ofte snakkar ein om karbonfangst og -lagring i same andedrett, for når ein først har fanga karbondioksidet lyt ein òg lagre det sikkert.

Ved karbonfangst fangar ein opp CO₂ frå eit punkt der det vert sleppt ut, ved hjelp av ei væske eller eit kjemikalie som trekker det til seg. Så vert gassen frigjort frå væska ved oppvarming, og gjort flytande. Etterpå vert han sprøytt ned i berggrunnen gjennom ein brønn for permanent lagring.


Karbonkreditt

Engelsk: Carbon offset 

Karbonkreditt handlar om å kompensere for utslepp. Ein karbonkreditt utgjer eitt tonn karbondioksid (eller tilsvarande av ein annan drivhusgass) som har vorte redusert, unngått eller fanga. Karbonkreditt er òg kjend som klimakreditt.

Om eit selskap har for store utslepp knytt til eitt av prosjekta sine, så kan dei kjøpe karbonkreditt hjå nokon som har redusert sine utslepp ein annan plass.

Det er ikkje heilt det same som klimakvote, som vert forklart lenger nede. Klimakvotar handlar om å få løyve til å sleppe ut klimagassar.


Karbonmarknad

Engelsk: Carbon markets

Karbonmarknadar er system der karbonkreditt eller klimakvotar vert selt og kjøpt. Ved hjelp karbonmarknadar kan statar, private selskap og organisasjonar kjøpe klimakvotar eller karbonkreditt frå andre.

Det finst i hovudsak to typar karbonmarknad: Det regulerte og det frivillige.

EU sin kvotemarknad er eit døme på ein regulert kvotemarknad. Det frivillige karbondmarknaden er uregulert, og handlar om selskap som har lyst til å redusere sine utslepp i klimarekneskapen – då ved at andre har kutta i sine utslepp, eller unngått utslepp.


Karbonsluk

Engelsk: Carbon sink

Karbonsluk er område som absorberer meir karbon frå atmosfæren enn dei slepp ut. Havet, permafrost og skogar er døme på karbonsluk. Men karbonsluk er ikkje permanente. Å verne desse er ein nøkkelstrategi for å handtere klimaendringar og å stabilisere klimaet.


Klimaavtrykk

Engelsk: Carbon footprint

Eit klimaavtrykk syner kor mykje karbondioksid som vert sleppt ut – anten på individnivå, frå land eller verda samla sett.


Klimafiksing

Engelsk: Geo-engineering

Klimafiksing er teknologiske tiltak for å kjøle ned klimaet ved å påverke inn- og utstrålinga av sollys. Slike tiltak er omdiskuterte.

Forskarar har mellom anna undersøkt mogelegheita for å etterlikne vulkanutbrot, slik at oska og sulfatforbindingane reflekterer sollyset og kjøler ned klimaet. I tillegg har dei granska å gjere skyene over havet lysare for å reflektere meir sollys, og å tynne ut cirrusskyer slik at dei tek opp mindre varmestråling.

OBS! Må ikkje forvekslast med negative utsleppsteknologiar (sjå lenger nede).


Klimagass

Klimagassar er alle gassar som påverkar klimaet fordi dei påverkar jorda og atmosfæren sin strålingsbalanse. Omgrepa klimagass og drivhusgass vert brukt litt om ein annan.

Samanlagt utgjer klimagassane under éin prosent av atmosfæren. Gassane nitrogen og oksygen står for 99 prosent av gassane i atmosfæren, og desse er ikkje klimagassar.

Sidan førindustriell tid har konsentrasjonen av drivhusgassane karbondioksid (CO₂), metan (CH4) og lystgass (N2O) i atmosfæren auka med høvesvis 30 prosent, 150 prosent og 15 prosent. I tillegg har menneske tilført ulike gassar i fluorkarbon-familien til atmosfæren, noko som òg har forsterka drivhuseffekten.


Klimakvote

Éi klimakvote gjev løyve til å sleppe ut ei viss mengd klimagassar, nemleg eitt tonn CO₂-ekvivalentar. Det er styresmakter som gjev ut klimakvotar, til dømes innanfor EU sitt kvotesystem (EU ETS), der klimakvotane er såkalla EU Allowances (EUA).

Noreg har vore del av det europeiske kvotesystemet sidan 2008, gjennom EØS-avtala. Talet tilgjengelege klimakvotar i det europeiske systemet vert reduserte for kvart år.

Det finst kvotesystem både for bedrifter og på statleg nivå. Kyotoprotokollen etablerer eit kvotesystem som pliktar ei rekkje industriland til å redusere verdas utslepp av klimagassar – anten det er i eige eller eit anna land.

Om Noreg betalar for at til dømes Indonesia reduserer sine utslepp, så får Noreg skrive av dette i sitt eige klimarekneskap.

Dei norske utsleppa som vert omfatta av EU sitt kvotesystem, vert kalla kvotepliktige utslepp. Mesteparten av utsleppa frå olje- og gassutvinninga, industrien og luftfarten er i den kvotepliktige sektoren.

Dei ikkje-kvotepliktige utsleppa stammar i hovudsak frå transport og jordbruk.


Klimamodell

Klimamodellar er datasystem som vert brukt til simulere og berekne klimaet i framtida. Modellane baserer seg på matematiske og fysiske lover, og ser på korleis til dømes utslepp av drivhusgassar vil påverke klimaet i framtida.

Desse modellane vert brukte når ein jobbar med internasjonale klimaavtalar.


Klimarekneskap

Eit klimarekneskap er ei oversikt som kartlegg kor stort klimagassutslepp ein har. Det vert nytta mellom anna av bedrifter, kommunar og nasjonar.

Klimarekneskap bidreg til å syne kor ein kan kutte i utsleppa sine.


Klimarettferd

Engelsk: Climate solidarity/climate justice

Klimarettferd og klimasolidaritet handlar i grove trekk om at årsakene til klimaendringar er urettferdige, men løysingane må vere rettferdige.

Dei rike landa i verda står for kring 2/3 av utsleppa av klimagassar i atmosfæren – og har tent gode pengar på det – men det er dei fattigaste landa som kjem til å merke konsekvensane av klimaendringar mest.

I Noreg meiner til dømes mange ungdomsorganisasjonar at Noreg som ein oljenasjon bør ta eit større ansvar for omstillinga til eit grønt samfunn – òg ein større del av rekninga.


Klimarisiko

Klimarisiko handlar om dei fysiske konsekvensane klimaendringar kjem til å ha på natur og samfunn, og kva overgangen til eit berekraftig samfunn vil innebere.

Animasjon: Anna Nemeckova

Det rommar altså både akutte klimarisikoar som at ekstremvêr kan rive ned kraftmaster og korleis bedrifter handterer dei politiske reguleringane på vegen mot eit grønare samfunn.

I denne Framtida-saka kan du lese meir om dei ulike typane klimarisiko!


Klimatilpassing

Engelsk: Adaptation

Alle tiltak som reduserer kor sårbare vi er til dei faktiske eller venta konsekvensane av klimaendringar er ein type klimatilpassing. Dette tyder å endre menneskeskapte og naturlege system for å tilpasse seg klimamønster. Til dømes å plante frø som er motstandsdyktige mot tørke i møte med risikoen for auka tørke.

I Noreg handlar klimatilpassing mellom anna om å førebygge mot flaum og skred eller sikring mot at havet stig.


Langsiktige strategiar

Engelsk: Long-Term Strategies (LTS)

I Parisavtalen vert land inviterte til å setje langsiktige mål for korleis dei skal ha låge utslepp av drivhusgassar. Desse måla har ein tidshorisont på 20 til 30 år, og er avgjerande for å nå det overordna målet om å avgrense den globale oppvarminga og nå netto nullutslepp.


Nasjonale klimamål

Engelsk: Nationally determined contributions (NDCs)

Dette er land sine kortsiktige strategiar for å møte målsetjinga frå Parisavtalen om å halde oppvarminga til 1,5 grader.

Strategiane tek føre seg fem år av gongen. Dei viser korleis land vil handtere klimaendringane, korleis dei skal redusere utsleppa sine, redusere skadane og tilpasse seg.

Animasjon: Anna Nemeckova


Negativ utsleppsteknologi

Engelsk: Negative emissions technology (NET)

Negative utslepp vil seie å fjerne meir CO₂ frå atmosfæren enn det vi slepper ut. Karbonfangst- og lagring er eit tiltak for negative utslepp.

Dei fleste NET-løysingane har store avgrensingar, og mykje forsking står att.

I ein spesialrapport frå FNs klimapanel vart seks NET-løysingar skildra: skogplanting; biokol; bioenergi med karbonfangst; å spreie knust kalkstein på land; å spreie knust kalkstein over havet; å gjødsle jern over havet; eller å fange CO₂ direkte frå lufta.
Meir om desse her!


Netto nullutslepp

Engelsk: Net-zero emissions

Netto nullutslepp vil seie at menneskeleg aktivitet fører til ingen utslepp av drivhusgassar eller at alle utslepp vert kompensert for. Det er ofte sett som eit mål for ei gitt tidsperiode. USA, til dømes, har som mål å nå nettonull på karbonutslepp innan 2050. Noreg har den same målsetjinga.

Netto nullutslepp er òg kjent som karbonnøytralitet.


Parisavtalen

Engelsk: Paris Agreement

Parisavtalen er ein juridisk bindande, internasjonal traktat, som har som mål å avgrense global oppvarming til godt under 2 grader celsius – helst 1,5 grader – samanlikna med førindustrielt nivå.

196 land slutta seg til avtalen under klimatoppmøtet i Paris (COP25) i 2015, og ho tredde i kraft 4. november 2016.

Bilete frå COP21 i 2015, då landa skreiv under Parisavtalen.
Foto: COP Paris/Flickr/Offentleg eigedom


Robustheit

Engelsk: Resilience

Dette er evna lokalsamfunn, miljøet og andre system har til å føreseie, handtere, kome seg att og endre seg etter eit sjokk. I dette tilfelle, etter konsekvensane av klimaendringar.


Skadeavgrensing

Engelsk: Mitigation

Det viser til alle tiltak som reduserer eller hindrar utslepp av drivhusgassar. Døme er å bruke fornybar energi som vind- og solkraft, utvikle og bruke nye teknologiar, eller å gjere eldre utstyr meir energieffektivt. Det inkluderer å plante tre som fungerer som eit sluk som fangar CO₂.


Tap og skade

Verdas rike land har forplikta seg til å gje 100 milliardar dollar årleg til verdas fattige land i klimafinansiering. Desse pengane går i hovudsak til klimatilpassing, men verdas fattige land etterlyser meir finansiering til tap og skade som følgje av klimaendringar.


Utslepp

Engelsk: Emissions

Utslepp er å sleppe ut drivhusgassar produserte av industrielt landbruk, å brenne fossile brennstoff, kutting av tre, smeltande permafrost, og så vidare. Desse gassane fører til at varme vert fanga i atmosfæren, noko som sakte aukar temperaturen på jorda over tid.


Vippepunkt

Engelsk: Tipping point

Viser til eit «point of no return», då det er for seint å snu og endringane forårsaka av klimaendringar ikkje lenger er mogeleg å gjere om på. Forskarar har identifisert fleire tipping points, som når innlandsisen kollapsar, store korallrev døyr, eller endringar i sirkulasjonen til Atlanterhavet.


1,5-gradarsmålet

I Parisavtalen pliktar landa seg til eit mål om å avgrense global oppvarming til godt under 2 grader celsius – helst 1,5 grader – samanlikna med førindustrielt nivå.

100 milliardar-målet

100 milliardar-målet viser til verdas rike land sine lovnader om å gje 100 milliardar dollar årleg til klimafinansiering i verdas fattige land. Dette målet har verdas rike land framleis ikkje levert på.

Kjelder: Klimaavdelinga i FNs utviklingsprogram, Store Norske Leksikon, Meteorologisk institutt, Cicero, Miljødirektoratet, Pwc.