Guterres: – Vi kjempar for livet. Og vi tapar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Les Guterres sin opningstale: – Vi kjempar for livet. Og vi tapar

Talen er publisert på FN sine sider her, og er omsett til nynorsk av Framtida.no.

Om berre nokre dagar vil befolkninga på jorda krysse ein ny terskel.

Den 8. milliardte medlemmen av vår menneskefamilie vil bli fødd.

Den milepålen set i perspektiv kva denne klimakonferansen handlar om.

Korleis skal vi svare når «baby nummer åtte milliard» er gamal nok til å spørje:
Kva gjorde de for verda vår – og for planeten vår – då de hadde sjansen?

Denne klimakonferansen til FN er ei påminning om at vi allereie har løysinga. Og klokka tikkar.

Vi kjempar for livet. Og vi tapar.

Klimagassutsleppa held fram med å auke. Globale temperaturar held fram med å stige. Og planeten vår nærmar seg raskt vippepunkt som vil gjere klimakaoset irreversibelt.

Vi køyrer i full fart mot klimahelvete, og har framleis foten på gasspedalen.

Krigen i Ukraina, og andre konfliktar, har spilt så mykje blod og forårsaka så mykje vald, og har hatt dramatiske følgjer over heile verda. Men vi kan ikkje akseptere at merksemda vår ikkje er retta mot klimaendringar. Vi må sjølvsagt arbeide saman for å støtte fredstiltak og få slutt på dei enorme lidingane.

Men klimaendringane skjer på ei anna tidslinje, og ein annan skala.

Det er det avgjerande problemet i vår tid. Det er den sentrale utfordringa i dette hundreåret.

Det er uakseptabelt, opprørande og sjølvutslettande å la motoren gå på tomgang.

Mange av dagens konfliktar er faktisk knytt til aukande klimakaos.

Krigen i Ukraina har avslørt dei djuptgåande risikoane ved at vi er så avhengige av fossilt brensel. 

Dagens kriser kan ikkje vere ei unnskyldning for tilbakefall eller grønvasking. Tvert om, gir dei grunn til større hast, sterkare tiltak og til å ta meir ansvar.

Menneskeleg aktivitet er årsaka til klimaproblemet. Difor må menneskeleg handling vere løysinga.

Handling for å reetablere ambisjonar. Og handling for å byggje opp att tillit – spesielt mellom Nord og Sør.

Forskinga er klar: Eitkvart håp om å avgrense temperaturauken til 1,5 gradar betyr å oppnå globalt nullutslepp innan 2050.

Men 1,5-gradarsmålet heng i ein tynn tråd, – og han vert stadig svakare.

Vi er faretruande nære at det ikkje er nokon veg tilbake.

Og for å unngå denne forferdelege skjebnen, må alle G20-landa framskynde overgangen sin no – i dette tiåret.

Industriland må leie an. Men framveksande økonomiar er òg kritiske for å bremse den globale utsleppskurva.

I fjor i Glasgow, bad eg om støtte til framveksande økonomiar med høge utslepp, for å gjere overgangen frå kol til fornybar energi raskare.

Det går framover med samarbeidet i Just Energy Transiton – men det trengst mykje meir.

Det er difor eg, ved starten av COP27, tar til orde for ei historisk pakt mellom industriland og framveksande økonomiar – ei klimasolidaritetspakt.

Ei pakt der alle land gjer ein ekstra innsats for å redusere utslepp dette tiåret i tråd med 1,5-gradarsmålet.

Ei pakt der rike land og internasjonale finansinstitusjonar gir økonomisk og teknisk bistand for å hjelpe framveksande økonomiar å framskynde sin eigen overgang til fornybar energi.

Ei pakt for å få slutt på avhengigheita av fossilt brensel og bygginga av nye kolanlegg – med utfasing av kol i OECD-landa innan 2030 og alle andre stadar innan 2040.

Ei pakt som vil gi universell, rimeleg og berekraftig energi til alle.

Ei pakt der både industriland og framveksande økonomiar samlar seg om ein felles strategi og kombinerer evne og ressursar til fordel for menneskeslekta.

Dei to største økonomiane – USA og Kina – har eit spesielt ansvar for å gå saman om å gjere denne pakta til ein realitet.

Dette er vårt einaste håp for å nå klimamåla våre. Menneskeslekta har eit val: å samarbeide eller bli utsletta.

Det er anten ei klimasolidaritetspakt – eller ei kollektivt sjølvmordspakt.

Vi treng òg desperat framsteg når det kjem til tilpassing – å byggje opp motstand mot klimaforstyrringane som vil kome.

Om lag tre og ein halv milliardar menneske lever i dag i land som er svært sårbare for klimapåverknad.

I Glasgow lova industriland å doble tilpassingsstøtta til 40 milliardar dollar i året innan 2025.

Vi treng ein handlingsplan for korleis dette skal gjerast. Og vi må erkjenne at dette berre er første skritt.

Tilpassingsbehovet vil auke til meir enn 300 milliardar dollar i året innan 2030. Halvparten av all klimastøtte må gå til tilpassing.

Internasjonale finansinstitusjonar og multilaterale utviklingsbankar må endre forretningsmodellen sin og gjere sitt for å skalere opp tilpassingsfinansieringa og betre mobilisere privat finans til å investere massivt i klimatiltak.

Nasjonar og samfunn må òg få tilgang til det – med finansiering som strøymer til identifiserte prioriteringar gjennom innsats som Adaptation Pipeline Accelerator.

Samstundes må vi erkjenne den harde sanninga: Det finst inga tilpassing til dei aukande katastrofale hendingane som skapar enorme lidingar rundt om i verda.

Dei dødelege følgjene av klimaendringane er her og no.

Tap og skade kan ikkje lenger bli feia under teppet. Det er eit moralsk imperativ. Det er eit grunnleggjande spørsmål om internasjonal solidaritet – og klimarettferd.

Dei som har bidrege minst til klimakrisa, haustar no stormen som andre har sådd.

Mange er overraska av konsekvensar som dei ikkje hadde fått noka åtvaring om eller middel til å førebu seg for.

Difor tar eg til orde for å få på plass utbreidde varslingssystem for katastrofar innan fem år.

Og det er difor eg ber om at alle regjeringar skattlegg fortenesta selskap får inn frå fossilt brensel.

La oss dirigere om desse pengane til menneske som slit med stigande mat- og straumprisar og til land som lid tap og skade på grunn av klimakrisa.

Når det gjeld å handtere tap og skade, må dette COP-et bli samde om eit klart, tidsavgrensa handlingsplan som speglar omfanget og hastverket med utfordringa.

Denne handlingsplanen må få på plass effektive ordningar for økonomisk støtte som er forankra hjå institusjonar.

Dei gode nyheita er at vi veit kva vi må gjere, og vi har dei økonomiske og teknologiske verktøya for å få jobben gjort.

Det er tida for at nasjonar kjem saman for å implementere dei. Det er tida for internasjonal solidaritet på tvers av grenser.

Solidaritet som respekterer alle menneskerettar og garanterer at det er trygt for miljøforkjemparar og alle samfunnsaktørar for å bidra til svaret vårt på klimakrisa. La oss ikkje gløyme at krigen mot naturen er eit massivt brot på menneskerettane.

Vi treng alle mann på dekk for raskare, dristigare klimatiltak.

Døra til handlingsrommet er framleis open, men ho held på å lukke seg.

Den globale klimakampen vil bli vunnen eller tapt i dette avgjerande tiåret – på vår vakt.

Ein ting er sikkert: Dei som gir opp vil garantert tape.

Så la oss kjempe saman – og la oss vinne.

For dei åtte milliardar medlemmene av vår menneskelege familie – og for alle framtidige generasjonar.

Framtida.no har teke ut stadane Guterres seier «excellences» etc.