Ungdomspartia om COP27: Forventar at Noreg skal gå føre

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 09.11.2022 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sundag 6. november starta årets klimatoppmøte COP27 i Sharm El-Sheikh, Egypt. Møtet varar fram til 18. november. Der skal politikarar, klimaaktivistar, forskarar og andre møtast for å diskutere klimakrisa og setje nye mål for verdspolitikken.

Torsdag 3. november vart det kjend at Noreg melde inn justerte klimamål til FN, frå mål om 50–55 prosent kutt til minst 55 prosent kutt.

– Det er framleis lågare enn det burde vere og erfaringsmessig betyr ikkje meir ambisiøse mål at ein følgjer opp med politikken som trengst for å nå måla, seier Alberte Bekkhus, leiar i Raud Ungdom til Framtida.no på sms.

Me har intervjua ungdomspartia om forventingane til COP27 og kva mål dei sjølve ville meld inn:

Talsperson i Grøn Ungdom, Tobias Stokkeland. Foto: GU. Kollasj: Framtida.no

Tobias Stokkeland, nasjonal talsperson i Grøn ungdom

– Kva forventingar har du til Noreg under COP27?

– For å ha høve til å nå målet om ikkje meir enn 1,5 gradars oppvarming forventar eg at Noreg hevar måla sine til klimakutt, og følgjer dette opp med heilt konkret politikk, og dessutan spyttar inn langt meir til klimatilpassing globalt. Diverre forventar eg at regjeringa vil skryte av tiltak dei allereie er for, som vern av regnskog i Brasil.

– Kva forventningar har du til slutterklæringa frå alle landa?

– Eg forventar at vi kjem nærare å nå klimamåla, og at fleire land og område melder opp meir ambisiøse klimamål og følgjer det opp med politikk. Eg håpar at mellom anna Lula de Silva sin siger i Brasils presidentval og Joe Biden sin klimaplan gir vind i segla for klimasaka på møtet.

– Kjem ein eigentleg noko veg med klimatoppmøtene? Er det noko poeng?

– Ja! Det hjelper å samarbeide, og det hjelper at verdas regjeringsmedlem må møtast og bli målt på klimainnsatsen sin. Ein kan med rette kritisere klimatoppmøtet for å ikkje gå langt nok, men det er trass i klimatoppmøta, ikkje på grunn av dei. Det som manglar er politikarar som vil gjere nok, til dømes i Noreg.

– Viss du skulle meldt inn Noreg sine klimamål, kva hadde dei vore?

– Eg hadde heva dei norske klimamåla mykje. Eg ville meld inn mål om til dømes 75 % kutt i utsleppa innan 2030, og netto kutte 100 % innan 2040. Det vert snakka mykje om at vi skal vere netto nullutslepp innan 2050, men det gjeld heile verda. At rike land som Noreg kuttar raskare er eit grunnleggjande premiss i Parisavtalen, og skulle berre mangle.


Andrine H. Seppola, politisk nestleiar og innstilt som leiar for Senterungdommen. Foto: Senterungdommen. Kollasj: Framtida.no

Andrine H. Seppola, politisk nestleiar og innstilt som leiar for Senterungdommen

– Kva forventingar har du til Noreg under COP27?
– Eg forventar at Noreg går føre i ei krevjande tid for verda. 2022 har vore eit krevjande år, med pandemi, krigen i Ukraina, energikrise og fleire klimarelaterte katastrofar, som flaumen i Pakistan. I år er tap og skade eit viktig tema, og eg håpar Noreg prioriterer å løfte klimatilpassing og stabil finansiering av dette.
– Kva forventningar har du til slutterklæringa frå alle landa?
– Planeten vår står i ein alvorleg situasjon, og slutterklæringa må spegle dette. For kvart år som går, har vi kortare tid på å nå måla i Parisavtalen. Eg håpar ein klarer å samlast om handfaste mål som fører til framgang og handling.
– Kjem ein eigentleg noko veg med klimatoppmøtene? Er det noko poeng?
– Det er viktig at verdas leiarar set seg ned saman, og diskuterer dei felles utfordringane ein har. Klima- og miljøkrisa er ei sånn utfordring, og ho krev at alle tek i eit tak. Fora som klimatoppmøte er difor viktige for å setje felles mål og forpliktingar, men sjølve jobben skjer i dei sjølvstendige statane.
– Viss du skulle meldt inn Noreg sine klimamål, kva hadde dei vore?
– I alle fall ikkje noko dårlegare enn regjeringa sine! Eg synest det er bra at regjeringa hevar klimamålet til å kutte 55 % innan 2030, og håpar fleire land gjer det same. Likevel, er det handling som tel. Vi må kutte utslepp i Noreg, men det må resten av verda også gjere.

Raud Ungdom-leiar Alberte T. Bekkhus. Pressefoto. Kollasj: Framtida.no

Alberte T. Bekkhus, leiar i Raud Ungdom

– Kva forventingar har du til Noreg under COP27?

– Eg forventar at Noreg tek side med det globale sør og tek til orde for forpliktande kutt. Tida for å ta steget ut av oljealderen og å gjennomføre radikale utsleppskutt er no, og vi kan ikkje gløyme klimakrisa i dei andre krisene vi står i. Eg er redd for at vi ikkje vil ta vårt historiske ansvar, men eg håpar og forventar at vi gjer det.

– Kva forventningar har du til slutterklæringa frå alle landa?

– Eg håpar slutterklæringa slår fast at klimakrisa ikkje kan vente. Ja, vi går krevjande tider i møte, men utsleppa må ned og vi må gjennom ei omstilling som vil snu opp ned på store delar av økonomien og liva våre, særleg i det globale nord. Samtidig er det klart at vi treng eit økonomisk paradigmeskifte – vi må vekk frå draumen om evig økonomisk vekst. For det går ikkje an. Kapitalismen er skuld i klimakrisa, og eg håpar at slutterklæringa ikkje berre set seg ambisiøse mål når det kjem til utsleppskutt, men at den også ser til alternativ i korleis vi organiserer økonomien vår.

– Kjem ein eigentleg noko veg med klimatoppmøtene? Er det noko poeng?

– Så langt har klimatoppmøta ofte vore skuffande affærar. Men vi kan aldri gje opp trua på internasjonalt samarbeid og kooperasjon. Skal vi klare klimakrisa må kvart land ta ansvar individuelt, men vi må også gå saman kollektivt. Min største kritikk av klimatoppmøta er vel at dei ofte blir ei kvilepute. Berre fordi vi har meld inn nokre mål og andre land har meld inn sine, betyr ikkje det at vi ikkje kan setje oss meir ambisiøse mål i etterkant. Og ikkje minst – å setje seg høge mål og halde fine festtalar betyr ingenting om ein ikkje faktisk kuttar utslepp og faktisk jobbar for å nå måla ein har sett seg. Og så er klimatoppmøta for ovanfrå- og ned. Urfolk, sosiale rørsler og det sivile samfunnet treng også ein naturleg plass rundt bordet.

– Viss du skulle meldt inn Noreg sine klimamål, kva hadde dei vore?

– 70 % innan 2030.


Simen Velle, leiar i FpU. Foto: FpU. Kollasj: Framtida.no

Simen Velle, leiar i FpU

– Kva forventningar har du til Noreg under COP27?

– Vi forventar at Noreg utfordrar landa som forureinar mest. Vi kan ikkje løyse klimakrisa utan at dei største landa tek ansvar. Dette inneber at regjeringa frontar norsk olje- og gassindustri som eit alternativ til kol globalt.

I dag sit Noreg på kompetanse i verdsklassa takk vera energisektoren vår. Difor har vi ikkje berre verdas reinaste olje- og gass, men også forsking på andre fornybare kjelder som havvind. Dette gjer at vi kan eksportere grøn teknologi til andre land.

– Kva forventningar har du til slutterklæringa frå alle landa?

– Vi forventar kutt. Det aller viktigaste for oss er tiltak som munnar, framfor symbolpolitikk. FpU er også positive til kjernekraft som energikjelde, både i Noreg og internasjonalt. Moderne kjernekraft er ei trygg, stabil og grøn energikjelde. Vi håpar difor at fleire land satsar på dette framover.

– Kjem ein eigentleg noko veg med klimatoppmøtene? Er det noko poeng?

– Vi meiner det er viktig at Noreg deltek på COP27. Noreg har ikkje si eiga atmosfære. For å løyse klimautfordringane er vi difor heilt avhengige av å samarbeide med andre land.

– Viss du skulle meldt inn Noreg sine klimamål, kva hadde dei vore?

  • Vidareutvikling og eksport av norsk olje og gass

  • Vidareutvikle og eksportere klimavenleg teknologi til resten av verda

  • Utvikling av kjernekraft

  • Vidareutvikling av vasskraft.


Ane Breivik, leiar i Unge Venstre. Foto: Unge Venstre. Kollasj: Framtida.no

Ane Breivik, leiar i Unge Venstre

– Kva forventingar har du til Noreg under COP27?

– Om vi lukkast med klimaforhandlingane eller ikkje kjem an på om land gjer jobben heime og at tiltaka vert trappa kraftig opp. Noreg må vere ein pådrivar for å auke ambisjonsnivået, og særleg må tiltaka for å fase ut olje og gass kome på agendaen.

– Kva forventningar har du til slutterklæringa frå alle landa?

– Slutterklæringa bør vere konkret på klimafinansiering og -tilpassing, og vidare bør den innehalde felles ambisjonar om utfasing av fossilt.

– Kjem ein eigentleg noko veg med klimatoppmøtene? Er det noko poeng?

– Vi kjem ein veg så lenge ambisjonsnivået ikkje vert dempa. Og så lenge landa følgjer opp klimaforhandlingane på heimebane. Men ideelt sett burde klimaforhandlingane vore meir forpliktande for landa som deltek.

– Viss du skulle meldt inn Noreg sine klimamål, kva hadde dei vore?

– 55 % innan 2030, netto null innan 2050. Det står framleis att ganske mykje dersom vi skal få det til. Og diverre har vi ei grå regjering som vil halde fram å bore etter stadig meir olje og gass i sårbare område, som med Wisting-feltet. Det er feil veg å gå om vi skal nå klimamåla våre.


Aleksandra Seljeseth, Klima og miljøansvarleg i AUF. Foto: AUF. Kollasj: Framtida.no

Aleksandra Seljeseth, klima- og miljøansvarleg i AUF

– Kva forventingar har du til Noreg under COP27?

– Klimaendringane rammar ulikt og det er ofte ikkje dei som har stått for forureininga som endar med å betale den høgaste prisen. AUF meiner dette er eit viktig perspektiv at Noreg har med seg i forhandlingane. Noreg må vere ei tydeleg stemme for rettferdig fordeling av ansvar internasjonalt gjennom å prioritere internasjonalt samarbeid høgt og sette tydelegare krav til dei rikaste landa. Det er grunnleggande udemokratisk at ein i stor grad lar dei rikaste landa i praksis avgjere klimapolitikken i dag, og det burde ein jobbe for å motarbeide, når alle verdas land samlar seg.

Den norske delegasjonen burde også vere ambisiøse i våre eigne klimamål. Noreg bør heile vegen legge premiss i tråd med eigne mål om å kutte 55 % i utsleppa våre. Som ein stor og sterk oljenasjon burde vi vere blant dei fremste i å forplikte både oss sjølve og dei andre rike landa til å vere ambisiøse og skjerpe innsatsen.

– Kva forventningar har du til slutterklæringa frå alle landa?

– Klimakrisa er global og krev innsats frå alle verdas land om vi skal klare å skape eit grønt, fornybart verdssamfunn. Vi forventar at alle land gjer det dei kan for å bidra til å få til dette, og at dei rikaste landa møter si plikt i å gjere mest.

AUF forventar også då at det skal kome på plass ei god og rettferdig finansieringsordning for tap og skade for utviklingsland. Det er på overtid at verdssamfunnet i større grad er med på å bygge system som sørger for at utviklingsland ikkje er dei som sit att med konsekvensane av andre sine utslepp.

I tillegg ynskjer AUF at det på COP27 vert teke ein reell diskusjon om olje-, kol- og gassindustrien. Det er viktig at det spesielt på dette området er ei felles forståing for situasjonen ein er i og konsekvensane det vil ha for verdssamfunnet. Det er viktigare enn nokon gong at dei store oljenasjonane som mellom anna Noreg er villige til å setje seg ambisiøse mål og legg planar for nedtrapping og overgang til grøne næringar.

– Kjem ein eigentleg noko veg med klimatoppmøtene? Er det noko poeng?

– Vi har inga tid å miste i arbeidet med å kutte klimagassutslepp så det er heilt avgjerande at verdas land samlar seg for å finne ut av korleis vi skal få det til. Så er det viktig at alle som skal på COP27 klarar å finne løysingar som fører til kutt i klimagassutslepp og som vi faktisk klarar å gjennomføre.

AUF meiner det er ei styrke med eit såpass breitt internasjonalt samarbeid om klimakrisa, for sjølv om det er opp til kvart enkelt land å følgje opp avtalen, er det meir sannsynleg når alle føler eit eigarskap til forpliktingane.

– Viss du skulle meldt inn Noreg sine klimamål, kva hadde dei vore?

– Det er spesielt viktig at Noreg tek ansvar som oljenasjon til å setje strengare krav til land om bruk av ikkje-fornybare næringar. AUF meiner Noreg burde bruke si rolle til å spele inn mål om mindre olje- og gassverksemd, større satsingar på grøne industriar og for ei meir rettferdig og forpliktande avtale der dei rike landa tek ei større del av rekninga.


Edvard Kunzendorf, første nestleiar i KrFU. Foto: KrFU. Kollasj: Framtida.no

Edvard Kunzendorf, første nestleiar i KrFU

– Kva forventingar har du til Noreg under COP27?

– Eg forventar at Jonas Gahr Støre har teke lærdom frå i fjor og ikkje brukar høvet til å selje norsk olje. På COP-en i Glasgow vart han kåra til «Dagens fossil» og det seier sitt. Eg forventar også at regjeringa i større grad skal leggje fram planar for å nå klimamålet. No har regjeringa bestemt at dette skal vere minst 55 % innan 2030, men dei har ingen plan for å nå dette. Finansiering er ein av dei store barrierane. Her bør Noreg vere offensive.

– Kva forventningar har du til slutterklæringa frå alle landa?

– Med dagens vedtekne politikk er vi på veg mot ei oppvarming på 2,6–2,7 grader. Dersom alle løfte vert innfridd, er det 1,8 grader. Slutterklæringa bør bli tydelegare på 1,5-gradarsmålet.

– Kjem ein eigentleg noko veg med klimatoppmøtene? Er det noko poeng?

– Klimakrisa er global, så den krev også globale løysingar. Klimatoppmøtet er langt frå perfekt, men det er det beste vi har. Eg er derimot uroa for at klimatoppmøtet og måla som vert melde inn kan bli ei kvilepute. Det bør ikkje halde å melde inn eit mål om 55 % kutt innan 2030 om ein samstundes planlegg å opne oljefelt som skal produsere til 2060, som Wisting.

– Viss du skulle meldt inn Noreg sine klimamål, kva hadde dei vore?

– Per no ligg Noreg langt unna å nå målet om 55 % kutt innan 2030, men eg meiner det er eit godt mål. Det trengst derimot annan politikk for å klare det.


Synnøve Kronen Snyen, leiar i Sosialistisk Ungdom. Foto: SU. Kollasj: Framtida.no

Synnøve Kronen Snyen, leiar i Sosialistisk Ungdom

– Kva forventingar har du til Noreg under COP27?

– Noreg må vere eit føregangsland som pushar for meir ambisiøse mål. Noreg er nøydde til å ta sitt historiske ansvar for utsleppskutt og bidra til at land som no vert ramma av klimaendringar også blir høyrt i forhandlingane. Vi må også stille krav til Egypt som vertsnasjon om at den delen av sivilsamfunnet som reiser til Egypt har trygge rammer både under og etter møtet er ferdig, og at lokale aktivistar ikkje blir arrestert.

– Kva forventningar har du til slutterklæringa frå alle landa?

– Slutterklæringa er nøydd til å reflektere den krisa vi no står i. Rapporten frå FN i førre veke viser at vi styrer mot 2,6 graders oppvarming, så vi treng ei slutterklæring med mål og tiltak som faktisk gjer det meir mogleg å nå klimamåla frå Parisavtalen.

– Kjem ein eigentleg noko veg med klimatoppmøtene? Er det noko poeng?

– Det er viktig at verdas land samlar seg og stiller krav til kvarandre. Vi er nøydde til å samarbeide for å nå klimamåla, men vi kan ikkje lene oss på at det ein blir samde om under klimatoppmøtet er nok. Noreg er nøydde til å starte ei stor grøn omstilling uavhengig av kva ein landar på i sluttavtalen, og det er ingen grunn til at vi ikkje skal vere endå meir ambisiøse enn det ein landar på i den.

– Viss du skulle meldt inn Noreg sine klimamål, kva hadde dei vore?

– Kutte 70 % klimagassutslepp innan 2030 og gje 65 milliardar årleg til klimafinansiering og klimatilpassing i det globale sør. Stanse oljeleiting og ingen nye oljefelt. Bli eit nullutsleppssamfunn innan 2050.


Unge Høgre fekk også spørsmåla og fleire høve til til å svare, men har ikkje svart.

09.11.22, 12.34: Saka er oppdatert med rett logo på FpU og retta tittel frå formann til leiar.


Berekraftsmål nummer 13 handlar om å stoppe klimaendringane. Illustrasjon Canva