Natur og Ungdom ber nordmenn boikotte oppdrettslaks
Grøn Ungdom og Sosialistisk Ungdom har skrive under på eit opprop frå Natur og Ungdom som oppmodar til å boikotte oppdrettslaks. AUF har trekt si underskrift.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Oppdatering: Etter at saka først var publisert har AUF trekt si underskrift.
Les grunnen lenger nede i saka.
Natur og Ungdom går hardt ut mot dagens oppdretts-praksis. Dei er kritiske til rammevilkåra majoriteten av norsk oppdrett tek omsyn til, og meiner det ikkje finst nok insentiv for at næringa skal ta grep på eiga hand, skriv organisasjonen i ei pressemelding.
– Oppdrettsnæringa kan ikkje vekse før aktørane har fått bukt med dei alvorlege miljøutfordringane sine. Laks frå opne anlegg er ikkje berekraftig mat, og står i fare for å øydeleggje grunnlaget til andre viktige næringar, seier Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom, i meldinga.
– Det hastar å få bukt med miljøskadeleg oppdrett
AUF kontaktar Framtida.no etter at saka er publisert for å fortelja at ungdomspartiet har trekt si underskrift. Grunnen er at AUF ikkje har politikk på boikott av oppdrettslaks, men dei støttar kravet om fleire lukka merdar.
I utgangspunktet hadde dei tre politiske ungdomspartia AUF, Grøn Ungdom og Sosialistisk Ungdom skrive under på oppropet frå Natur og Ungdom. Det blir oppmoda til boikott av oppdrettslaks fram til forbrukarane har eit berekraftig alternativ i norske butikkar.
– Kravet vårt er at næringa blir pålagd å flytte 50 prosent av produksjonen sin inn i lukka anlegg innan 2025. Det hastar å få bukt med miljøskadeleg oppdrett, og stille krav til gjenbruk av ressursar som i dag blir sleppte rett ut i fjordane våre, seier Gylver.