Equinor utset avgjerda om utbygging av Wisting-feltet
Grunnen er den økonomiske situasjonen i verda, som fører til auka utgifter. Spire meiner Equinor og regjeringa ikkje har forstått alvoret.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I dagens leverandørmarknad er det riktig å utsetja ei investeringsavgjerd, for å sikra ei økonomisk forsvarleg utbygging og robust gjennomføring av prosjektet, seier Geir Tungesvik i ei pressemelding frå Equinor.
Tungesvik er konserndirektør for Prosjekt, boring og innkjøp i Equinor. Torsdag morgon annonserte selskapet at dei utset avgjerda om utbygging av det omstridde Wisting-feltet.
Utset på grunn av økonomisk uvisse
Equinor meiner at prosjektet er miljømessig forsvarleg, men utset avgjerda til 2026 på grunn av den økonomiske situasjonen.
Equinor viser til auka kostnadar som følgje av global inflasjon og kostnadsvekst i leverandørindustrien nasjonalt og internasjonalt. Energikrisa som følgjer krigen i Ukraina har òg ført til kapasitetsutfordringar hjå både internasjonale og norske leverandørar.
– Det er uvisse rundt rammevilkåra for prosjektet og gjennomføringskapasitet i leverandørmarknaden. Basert på ei totalvurdering vel vi å utsetja investeringsavgjerda, forklarar Tungesvik i pressemeldinga.
Equinor reknar med at investeringa vil koma på 104 milliardar kroner.
Klimaministeren: – Ei klok vurdering
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (AP) kommenterte saka hjå NRK Nyhetsmorgen kort tid etter at pressemeldinga var sendt ut kl. 08.00.
– No har Equinor sagt for nokre minutt sidan at det ikkje blir noko av Wisting-feltet no i alle fall. At dei har funne ut at det ikkje lønar seg. Det trur eg kanskje er ei klok vurdering i forhold til risikoen, seier Barth Eide til Nyhetsmorgen.
– Det er ei økonomisk vurdering, og ikkje ei politisk vurdering?
– Det er likevel ein ganske viktig del av den store debatten, fordi det har vore veldig mykje snakk om meir olje så langt mot nord.
Spire: – Verda har ikkje råd til fleire nye oljefelt
Leiar i miljø- og ungdomsorganisasjonen Spire, Elise Åsnes, er letta og glad for nyheitene om utsetjinga.
Oljeministeren forstår
Olje- og energiminister Terje Aasland seier han har forståing for at Equinor no har behov for å sjå på moglegheitene for å få ned kostnadene knytt til utbygginga.
– Det ser eg på som ei ansvarleg tilnærming til eit så stort prosjekt. Samtidig er eg glad for at Equinor seier at dei ikkje avlyser utbyggingsplanane, men at dei utset dei, seier Aasland og legg til:
– Regjeringa er oppteken av at ressursane på sokkelen skal forvaltast godt, og Wisting er eit funn som kan bidra til å vidareutvikla petroleumssektoren på ein måte som kjem samfunnet til gode. Derfor ser eg fram til det vidare arbeidet Equinor no skal utføra.
Frp: – Aukande uvisse i oljenæringa
Frp-leiar Sylvi Listhaug seier utsetjinga er forståeleg, men ho er glad for at Equinor er bestemt på å gjennomføra utbygginga.
– Det er viktig for å sikre langsiktig produksjon i Noregs viktigaste næring og at Noreg skal konkurrera langt inn i framtida om å produsera mest mogleg av olja verda trengjer på ein mest mogleg miljøvennleg måte, seier ho.
– Sjølv om det ikkje har noko med denne avgjerda å gjera, så ser vi ei aukande uvisse i oljenæringa som følgje av dei uklare signala til regjeringa og parti som vil oljenæringa til livs givast meir makt og innverknad, seier Listhaug vidare.
Raudt: – Eit hol i hovudet-prosjekt
Hos Raudt er tonen ein annan. Partiet ser på utsetjinga som klok.
– Det er klokt ettersom Wisting både vil føre til store klimagassutslepp og nedbygging av natur med elektrifisering frå land. Det er eit hol i hovudet-prosjekt på alle måtar, som bør leggjast dødt på lang sikt òg, seier Sofie Marhaug som er 2. nestleiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
SV: – Totalt ulønnsamt
– Denne utsetjinga gjer at Wisting-prosjektet ikkje lenger blir omfatta av oljeskattepakken som Stortinget vedtok under pandemien. Då er heile prosjektet totalt ulønnsamt og noko Noreg mest sannsynleg kjem til å tape pengar på, seier miljøpolitisk talsperson Lars Haltbrekken i SV.
Venstres Ola Elvestuen kallar avgjerda ei gladmelding.
– No forventar eg at dei avsluttar prosjektet heilt, seier han.
Bellona: – Ein gledesdag
Bellona-leiar Frederic Hauge kallar det ein gledesdag og peikar ikkje minst på konsekvensane prosjektet har for klimaet.
– Wisting-feltet er både i konflikt med sentrale klimamål og ville ha trua store naturverdiar. Likevel er det dei geologiske forholda som er det mest alvorlege då det er ein svært tynn og ustabil geologi som medfører stor risiko. Bellona har tidlegare åtvara om at dette vil fordyra prosjektet i forhold til kva Equinor har lagt til grunn, seier Hauge.
Greenpeace: – Neste steg må bli å kaste heile prosjektet
– Det er fantastiske nyheiter for klima, natur og grøn omstilling at Equinor utset investeringsavgjerda for Wisting, det nordlegaste oljefeltet i verda. Neste steg må bli å kaste heile prosjektet på historias skraphaug, tilføyer leiar Frode Pleym i Greenpeace Norge.
- Les også innlegget: «Wisting-feltet er eit viktig klimaprosjekt»