Undersøking: Norske studentar rapporterer om dårlegare helse
Norsk studentorganisasjon er uroa for at studentar må jobbe så mykje at det går utover både studia og helsa.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Norske studentar arbeider meir, dei har mindre tid til å studera og mindre tid til å ta vare på helsa si.
Det seier leiar i Norsk Studentorganisasjon, Maika Marie Godal Dam, til Khrono.
Færre med god helse
I dag presenterte SSB den første levekårsundersøkelsen blant studentar sidan 2010.
Undersøkinga vart gjennomført i 2021. I løpet av dei siste elleve åra rapporterer studentane om dårlegare helse.
I fjor vurderte 69 prosent av studentane helsa si som god. Ved førre undersøking svara 89 prosent det same.
Undersøkinga viser at 3 av 10 studentar er misnøgd med livet. Her er studentar som bur åleine mest utsett.
Unge heiltidsstudentar er dei som slit mest med psykiske plager og einsemd.
Enorm arbeidsbelastning
NSO-leiaren er uroa for studentane sin situasjon.
– Arbeidsbelastninga er enorm, og studentar bruker lengre tid på å fullføre studia fordi dei må jobbe. Det er det ingen som er tent med, men det verste er sjølvsagt at det går utover helsa, seier Godal Dam til Khrono.
- Les også: Klart flest jenter tek høgare utdanning
Krever auka studiestøtte
Ein fulltidsstudent med deltidsjobb jobbar i snitt 50 timar i veka, noko som er nesten to arbeidsdagar meir enn ei vanleg arbeidsveke på 37,5 timar.
– No krev norske studentar at politikarane tek grep og aukar studiestøtta, seier NSO-leiaren til NTB, som også har omtala undersøkinga.

Leiar i Norsk studentorganisasjon Maika Godal Dam. Foto: Hanne Jones Solfjeld, NSO