Lei av å høyre om høge bustadprisar i Oslo? No kan du få byprisar også på bygda

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For ein førstegongskjøpar kan prisane i dei norske byane vere skremmande. Då er ein av fordelane med å bu i distriktet at ein gjerne har ein mykje venlegare bustadmarknad.

I Sogndal sentrum er derimot situasjonen ein litt annan. Der har tilflytting og mangel på einebustader drive prisane høgt opp.

– Her har vi prisar på nivå med Bergen og Oslo. Det er nesten umogleg å få tak i einebustader, særleg som førstegongskjøpar. Har du eit budsjett på 5 millionar, får du eit oppussingsobjekt, seier Stine Thue, eigedomsmeklar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

I leilegheitskomplekset Lerum Brygge, som er under bygging no, kan ein få leilegheiter for mellom 3,1 og 8,9 millionar kroner. Dei minste av desse har kvadratmeterpris heilt opp i 98.000 kroner. Det er over snittet for blokkleilegheiter i Oslo kommune i 2021 (92.000 kroner).

Samstundes er prisen vel å merke langt over snittet i Sogndal sentrum i 2021 (53.500 kroner). Såleis er dei splitter nye leilegheitene med fjordutsikt eit unntak heller enn regelen i saftbygda.

– Kan overraske

Thue meiner at situasjonen i Sogndal er unik. Ho viser til stor tilflytting til Sogndal som følge av spanande arbeidsplassar, eit godt studietilbod, gründermiljøet og nærleiken til friluftsliv. Kommunen har vedteke å fortsette bebygginga i sentrumskjernen, men det er avgrensa med ledig plass.

Stine Thue er eigedomsmeklar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane. Foto: Privat

For tilflyttarar kan det vere overraskande å møte på desse prisane i Sogn, seier ho. Prisane har også byrja å smitte over til naboane i byråkratbygda Leikanger, som ligg 20 minutt unna med bil. Der melde Sogn avis nyleg om prisrekord.

Må fire på krava

Thue fortel at unge som vil inn på bustadmarknaden, som regel må gå ned i storleik, eller ut av sentrum.

– I Sogndal sentrum er det vanskeleg å komme seg inn på marknaden. Du må anten kjøpe i lag med nokon andre, eller fire på krava. Men det finst nokre små studioleilegheiter, også nybygde, som kan vere passande for nokon, fortel ho.

 

Thue seier at ein fordel med å kjøpe i regionen deira, framfor i byane, er at du kan finne noko til ein rimelegare sum, så lenge du er villig til å bevege deg vekk ut av sentrum. For mange er det overkommeleg å sitte 10 eller 20 minutt i bil.

 – Er det mange som må gi opp husleitinga?

– Dei må kanskje gi opp det dei drøymer om av plassering og storleik. Eg har treft på kjøparar som har vore på visingar i eit års tid utan å finne det dei vil ha. Men ein treng ikkje bevege seg så langt ut av sentrum for å finne noko rimeleg.


Illustrasjonsfoto: Mali Maeder, Pexels.com