Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å ha ein jobb kor eg får snakka med folk om ting dei oppriktig bryr seg om og som er viktig for dei er min hovudmotivasjon for å vera studenthumanist. Då blir jobben aldri keisam, eller rein rutine.

Det skriv Emma Skjølberg, som i 2020 vart den andre studenthumanisten i Noreg. 34-åringen har ein master i filosofi og er tilsett i Human-Etisk Forbund som studenthumanist i heimbyen Trondheim.

Studenthumanist er eit livssynsope samtaletilbod, som er eit supplement til rådgjevingstenestene i høgare utdanning.

Frå fast stilling til prosjekt

Eg var ikkje på utkikk etter ny jobb, men eg fekk tilsendt link til stillingsannonsen av ein tidlegare medstudent. Etter to rundar med intervju fekk eg tilbod om jobben i slutten av mars, minnest Skjølberg.

Ho følte sjølv ho tok eit stort steg ut i det ukjente då ho sa opp ei fast stilling i NAV for å gå inn i ei heilt ny prosjektstilling, samstundes som Noreg stengde ned. Det viste seg å gå greitt for frå juli 2022 vart stillinga som studenthumanist fast.

Ikkje small-talk

34-åringen likar å jobba med menneske, men er ikkje nokon stor fan av small talk. Det er heller ikkje det ho driv med i arbeidstida.

Etterutdanninga hennar innan etiske og eksistensielle dialogar var praktisk retta og fungerte som ei bru mellom filosofistudiane og jobben som rettleiar.

Dei samtalane eg har med studentane fungerer som eit slags fritt rom kor vi kan snakka om det meste. Eg får tilbakemeldingar på at det er fint å snakka med ein person som ein ikkje kjenner frå før, som ikkje skal bestemma karakterar eller driva behandling.

Draumen no er at alle studentar i Noreg får tilgang på studenthumanistar, og at samfunnet vert meir dialogisk.

Studenthumanist Emma Skjølberg saman med studentprestkollegaar Martin Braut Tjelle og Lena Rebekka Risnes
fotografert i juni 2021 på Dronning Mauds Minne høgskole. Foto: Privat

Preste-kollegaar

Ein vanleg arbeidsdag startar med eit møte i kollegiet, før det er fleire timeslange samtalar med studentar som har avtalt tid på førehand.

Er eg på campus treffer eg mine preste-kollegaar til lunsj. Det er godt å ha folk rundt seg når ein jobbar med samtalar på denne måten, då har ein støtte i kvarandre, understrekar ho.

I tillegg vert det ein del kveldar og helger med ulike arrangement og opplegg for studentar og andre.

Om stillinga svarte til forventningane, er ho ikkje sikker på, då det var vanskeleg å vete kva ho gjekk til som landets andre studenthumanist.

– Eg var spent på å gå inn i et samarbeid med prestane på NTNU, og korleis utdanningsinstitusjonane og studentane i Trondheim skulle ta imot tilbodet. Var det i heile teke behov? Svaret skulle visa seg eit rungande «ja». Det har blitt veldig tydeleg for meg at dette tilbodet er unikt, men samstundes passar godt inn i rekka av dei andre samtaletilboda til studentane.

Les også: 14.000 i kø for å få studentbustad – studentleiar er bekymra

Kjærleikssorg, einsemd og kollektivutfordringar

Skjølberg avkreftar at samtalane berre handlar om humanistisk livssyn og svevande filosofiske spørsmål.

Tilbodet er ope for alle, uavhengig av tru- og livssyn. Livssynet vårt vil farge samtalen, utan at vi nødvendigvis snakkar om det direkte. Det viktigaste er at studentane kan velja kven dei snakkar med.

Slik ser samtalerommet ut:

I samtalane snakkar ein om det studentane er opptekne av, anten det er kjærleikssorg, einsemd, utfordringar i kollektivet, vennegjengen eller i familien.

Kva er det beste med jobben?

Det er veldig gjevande å treffa alle studentane som deler frå sine liv og dei som opplever at ein samtale kan vera med å løyse opp i utfordringar dei står i.  

Kva er det mest utfordrande?

Det er utfordrande å stå i møta med menneske i krevjande livssituasjonar over tid. Det er lett å tenkja at ein ikkje strekk til som hjelpar. Då er det viktig å ha gode kollegaar rundt seg, slik som eg har.

Den gode dialogen

Skjølberg understrekar at filosofistudium ikkje er einaste vegen til denne typen arbeid. Hennar tips til andre som siktar mot ei liknande stilling er å vera nyfiken på dialog, som ho meiner det er stor trong for i samfunnet generelt.

I dialog er samspelet det viktigaste, ikkje å vera vinnar av ei meiningsutveksling, slik som i ein debatt, eller i kommentarfelta rundt omkring. Meir dialog vil fremma kritisk tenking og hindra utanforskap og dessutan motarbeida farlege strømninger i samfunnet. Inkluderer vi alle i dialogen, den opne samtalen, blir det lite grobotn for å sitta for seg sjølv å dikta opp sin egen verkelegheit, med tilhøyrande destruktive fiendebilete.

Studenthumanisten trur at tid, frykt for korleis ein framstår og at samtalepartnaren er for oppteken av seg sjølv, ofte står i vegen for gode samtalar i kvardagen.

Sorterer saman

Dei mest magiske jobbaugeblikka får studenthumanisten i samtalar med studentane.

Jobben min er å vera god til å lytta, for så å syta for at dialogen blir eit aktivt samspel mellom meg og studenten. Eg stiller spørsmål, vi vrir og vender på ting, og sorterer. Ser ting frå ulike perspektiv, finn eit språk for det studenten står i. 

– Det treng ikkje å vera at eit problem har løyst seg, men kanskje kan ein situasjon som til no har verka heilt fastlåst plutseleg verke meir open. Saman har vi pirka noko laus, snudd det på hovudet eller utvida horisonten.


Fysikar Veronica Danielsen held vitskapsshow på vitensenteret ViteMeir. Foto: Privat

 

Yrket mitt: Studenthumanist

  • Namn: Emma Skjølberg
  • Alder: 34 år
  • Frå: Trondheim
  • Yrke: Studenthumanist, ein del av velferdstilbodet til studentar i Trondheim når dei treng nokon å snakka med.
  • Utdanning: Master i filosofi, etterutdanning i etiske og eksistensielle dialogar.