Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det første eg får høyre når eg fortel folk at eg er fysikar er at det høyrest vanskeleg ut. Sjølv syntest eg fysikk var det vanskelegaste faget på vidaregåande, så den kan eg vere einig i. Men det folk ikkje veit er at fysikk er så utruleg spennande at det er verdt det! 

Det fortel fysikar og vitskapsformidlar Veronica Danielsen på e-post til Framtida.no. 27-åringen trur heller ikkje folk er klar over kor utruleg mykje rart ein fysikar kan arbeide med.

– Medstudentane mine jobbar til dømes med strålingsterapi på sjukehus, med romvêrvarsling for Kartverket og med maskinlæring ved Forsvarets forskingsinstitutt.

Sjølv er ho vitskapsformidlar hjå vitensenteret ViteMeir i Kaupanger.

Risikabel yrkesveg

På ungdomsskulen visste ikkje Veronica Danielsen at det var fysikar ho skulle ende opp som, for ho var ikkje heilt sikker på kva fysikk var.

– Eg visste at biologi handla om dyr og plantar, og at kjemi handla om stoff, men eg kunne ikkje heilt setje fingeren på fysikk.

Men ho tykte naturfag var spennande, så ein jobb innanfor naturfagsverda vart ført opp på den lange lista over ting ho kunne tenke seg å verte, saman med danselærar og politikar.

Først då ho gjekk i 1. klasse på Greveskogen VGS og Andreas Wahl kom på skulebesøk for å halde vitenshow, fekk ho augo meir opp for yrkesvegen og kva han kunne innebere.

– Eg hugsar at eg tenkte at ein slik jobb kunne vore midt i blinken for meg. Han kombinerer nemleg interessa mi for realfag med lidenskapen for å lage show. Men å verte vitenshowartist verka som ein risikabel yrkesveg, minnest Danielsen.

Foto: Hans Jacob Heimvoll

Perfekt for dei som er nysgjerrige på alt

Då tida kom for å velje studieretning var ho usikker. Ho var nysgjerrig på så mangt, alt frå psykologi og økonomi til farmasi, språk og teater. Det heile enda med at ho tok eit semesterstudium i fransk i Paris.

– Men dei fleste studium byrjar på hausten, så eg måtte finne på noko å gjere på våren medan eg venta. Det enda med at eg kjøpte meg ei Fysikk 2-bok på vidaregåande og tenkte at dette kunne kome godt med på seinare studium.

Medan ho spekulerte i kva ho skulle verte, så vaks interessa for fysikk.

– Fysikken skildrar byggjesteinane og lovene som ligg til grunn for omtrent alt. Difor passar fysikkstudiet perfekt for dei som er nysgjerrige på alt.

I tillegg hadde Danielsen alltid vore interessert i verdsrommet, og ho søkte seg inn på bachelorstudiet i fysikk og astronomi ved UiO med ein plan om å verte astrofysikar.

I studieløpet fekk ho teste fag frå fleire ulike fysikkretningar, og dei to faga ho likte best var romfysikk og fysikkdidaktikk.

– Romfysikk handlar om kva som skjer i det nære verdsrommet, til dømes korleis solstormar påverkar satellittar, forklarar 27-åringen og held fram:

– Fysikkdidaktikk handlar om korleis ein kan formidle fysikk på ein god måte, mellom anna ved å jobbe med misoppfatningar som mange har.

Når ho skulle velje masterutdanninga var det dei to faga det stod mellom, men til slutt la didaktikkstudiet eit så freistande tilbod på bordet at ho ikkje kunne seie nei:

– Om eg tok mastergrad hos dei skulle eg få lov til å forske på formidling av romfysikk. Då var eg selt!

Fann draumejobb på ein stad ho ikkje hadde høyrt om

At Veronica Danielsen enda opp på ViteMeir i Sogn og Fjordane er derimot ganske tilfeldig. Med mastergraden også i boks, ville ho klatre endå høgare på utdanningsstigen og ta ei doktorgrad i vitskapsformidling.

Men då koronapandemien slo til, måtte Oslo-bedrifta som skulle sponse doktorgrada trekke tilbodet attende. Dei hadde ikkje lenger nok midlar.

– Plutseleg måtte eg finne på noko anna.

Ved sidan av fysikkstudiet hadde Danielsen arbeidd frilans som vitskapsjournalist, noko ho heldigvis kunne halde fram med når doktorgradsplanen gjekk i vasken. I tillegg arbeidde ho frilans som fagmedarbeidar i Store norske leksikon, medan ho byrja leite etter fast jobb.

– Så fann eg ein annonse på FINN som søkte etter vitskapsformidlar til eit vitensenter som ikkje var bygd enno. Senteret skulle vere på ein stad eg aldri hadde høyrt om, som heitte Kaupanger. Det syntest eg høyrdest spennande ut! fortel ho og held fram:

– Og før eg visste ordet av det hadde eg vore på intervju, fått jobb, pakka sakene mine og flytta til ei lita bygd som er så vakker at ho kunne vore teken rett ut frå eit eventyr.

Kaupanger ligg i Sogndal kommune. Den vesle bygda til venstre for fjorden er Kaupanger. Foto: Thomas Mues/Wikimedia Commons/CC BY-SA 2.0

15. oktober 2020 starta Veronica Danielsen i jobben som vitskapsformidlar. Eit drygt år seinare, 11. november 2021, opna vitskapssenteret ViteMeir.

– Er det verkeleg sant at eg får betalt for all denne moroa?

– Då eg takka ja til jobben på vitensenteret forventa eg ein variert arbeidskvardag med mykje kreativ fridom, og det var akkurat det eg fekk, fortel Danielsen.

Ho får vere med på alt frå å designe utstillingar og halde læringsopplegg, til å vere sosiale medium-ansvarleg og skrive manus til VR-opplevingar. I tillegg held ho eigne vitenshow:

– Det er veldig stas! Nokre gongar må eg spørje meg sjølv om det verkeleg er sant at eg får betalt for all denne moroa.

Arbeidsdagen startar som regel klokka 8 med eit par timar kontortid, som går med til å planlegge læringsopplegg eller til å lage TikTok-videoar.

@vitemeir #pickyouroutfit #outfitchallenge #science @vitevero @enkveim ♬ Barbie Girl – Aqua

Når klokka bikkar 10 kjem gjestene, som kan vere alt frå barnehagebarn til studentar eller lærarar. Dei får teste installasjonane på senteret, og høyre om vitskapen bak. Dei fleste har òg booka eit undervisningsopplegg.

– Programmering er veldig populært for tida, så det underviser eg mykje i. Det er spennande å kunne undervise i det same faget på så mange ulike nivå, fortel vitskapsformidlaren.

Dei fleste gjestene går ut døra i 13-tida, og resten av dagen nyttar Danielsen til å teste ut nye eksperiment, skrive tekstar til utstilling eller planlegge sommarkurs og helgearrangement.

Sprengt tommel og «fangirling» på Andreas Wahl

Det aller mest utrulege som har hendt Veronica Danielsen på jobb, er at ho sprengde i stykkar tommelen sin då eit eksperiment gjekk gale i fjor.

– Det hadde eg verkeleg ikkje trudd skulle skje, seier ho og legg til at ulukka kunne vore unngått om ho hadde sett seg betre inn i HMS-rutinar.

– Tommelen vart sydd saman, men det kjem aldri til å fungere som før. Vond er han også, så det er skikkeleg kjipt.

Slik såg tommelen til Veronica Danielsen ut etter uhellet. Foto: Privat

På den litt hyggelegare sida, synest ho det er ganske utruleg at jobben hennar i det heile teke eksisterer.

– Tenk at det går an å leve av å halde vitenshow og dele lidenskapen sin med andre samstundes som ein bur på ein koseleg liten stad. Det hadde eg ikkje trudd.

I tillegg lyt 27-åringen innrømme at ho tykte det var utruleg første gong ho møtte Andreas Wahl gjennom jobben:

– Eg er ikkje eigentleg fangirl-typen, men om det er ein person i verda eg fangirlar på så er det han, medgjev ho.

Danielsen trefte han både i samband med ViteMeir-opninga og på Naturfagets Helter, som ho skildrar som den årlege samlinga for naturfagsnerdar.

Drillerfaring hjelper i jobben

Både fysikk- og programmeringskunnskapane ho fekk i løpet av fysikkstudiet har vore viktige i jobben som vitskapsformidlar, men det har òg erfaringar frå fritidsaktivitetar og deltidsjobbar.

Endå Veronica Danielsen ikkje har noko pedagogisk utdanning, så har ho nemleg lang erfaring frå å jobbe med barn.

– Allereie som 11-åring byrja eg å jobbe som drillinstruktør for dei yngste, og det har eg halde fram med. Den erfaringa var nok også ein av grunnane til at eg fekk jobben, fortel ho.

Scenetekke kjem godt med når ein skal halde vitenshow. Samstundes har nokre oppdrag som stemmeskodespelar frå studietida gjort ho godt skodd for å instruere dei som spelar inn stemmene til VR-opplevingane i vitensenteret.

– Eg kjenner meg veldig heldig som får lov til å utfalde så mange sider av meg sjølv på ein og same arbeidsplass, og det med fast stilling.

Rutinar og elevar som ikkje følgjer med

– Kva er det beste med jobben?

– Det beste med jobben er at han er så variert, og at eg har mogelegheit til å forme arbeidsoppgåvene mine etter eigne styrkar og interesser. Eg har også utruleg hyggelege kollegaar. Det trur eg er veldig viktig for å trivast på arbeidsplassen.

Vitensenteret opna i november i fjor, så førebels er den største utfordringa i arbeidskvardagen å finne gode rutinar, noko Danielsen satsar på går seg til etter kvart.

– Elles tek eg det nok alt for personleg om nokon av elevane ikkje følgjer med i undervisninga. Då er det fort gjort å føle at det er eg som ikkje gjer ein god nok jobb. Men det er kanskje litt for mykje å be om at alle som stikk innom skal verte like gira på realfag som eg er.

Frå eitt av eksperimenta på ViteMeir. Foto: Privat

Matte + fysikk = sant

Veronica Danielsen meiner fysikk passar for alle som er nysgjerrige på å finne ut korleis verda eigentleg fungerer.

– Det er også ein fordel å vere glad i matematikk.

Eit av hennar beste tips til unge som vil verte fysikarar, er difor å følgje med i mattetimen. I fysikken er matte eit viktig verktøy, så dersom mattekunnskapane sit, vert det mykje enklare.

– Elles finst det så mange yrkesretningar innan fysikk at eg trur dei fleste vil kunne finne noko dei likar. Om du skal verte vitskapsformidlar trur eg du verkeleg må brenne for det. Eg trur det er vanskeleg å engasjere andre om ein ikkje er engasjert sjølv.

Ifølgje 27-åringen har dei fleste som jobbar som formidlar på vitensenter anten lærarutdanning eller lektorutdanning i bagasjen, men det er òg mange med ei fordjuping i realfag.

– Fordelen med det er at du både kan jobbe som formidlar og med andre ting innanfor ditt fagområde. Men viss du vel fagleg fordjuping kan det vere lurt å ha ein deltidsjobb der du jobbar med barn i tillegg.

– Kva draumar har du for framtida?

– Eg har jobba som vitskapsjournalist i fleire år, og er veldig glad i å skrive populærvitskap. Difor drøymer eg om å ta steget vidare og skrive ei populærvitskapeleg bok. Men akkurat no har eg litt for mange prosjekt på gang til fokusere på det. Det er så alt for mange ting eg har lyst til å halde på med på alt for lita tid.


Til P3.no fortalde serieskapar Linn-Jeanethe Kyed at Åse (t.h.) har vore til stor hjelp i arbeide med karakteren Hege (t.v.) i sesong 3 av Rådebank. Foto: Max Emanuelson/Fenomen/NRK, WorldSkills/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0. Kollasj: Framtida.no

Veronica Danielsen

Alder: 27

Frå: Re i Vestfold

Yrke: Vitskapsformidlar

Utdanning: Master i fysikkdidaktikk